Bustøttelova
Lov om bustøtte og kommunale bustadtilskot (bustøttelova)
Innholdsfortegnelse
Kapittel kapI. Kapittel I. Bustøtte
§ 1 Føremål
§ 2 Verkeområde
§ 3 Vilkår for rett til bustøtte
§ 4 Unntak for visse personar
§ 5 Krav til bustaden
§ 6 Utrekning av bustøtte
§ 7 Finansiering og organisering
§ 8 Innhenting og handsaming av personopplysningar
§ 8 a Masseinnhenting av opplysningar for kontrollføremål
§ 8 b Gjennomføring av masseinnhenting
§ 8 c Innhenting av opplysningar frå tredjeperson
§ 9 Overføring av krav på bustøtte
§ 10 Rett til å krevje for mykje utbetalt bustøtte tilbake
§ 11 Tvangsgrunnlag og særleg namsstyresmakt
§ 12 (Oppheva)
§ 13 Klage på vedtak om bustøtte
Kapittel kapII. Kapittel II. Kommunale tilskot til etablering i eigen bustad og til tilpassing av bustad
§ 14 Tilskot til etablering i eigen bustad for vanskelegstilte på bustadmarknaden
§ 15 Tilskot til tilpassing av bustad for personar med behov for tilpassa bustad
Kapittel kapIII. Kapittel III – Ikraftsetjing
§ 16 Ikraftsetjing og overgangsreglar
§ 17 Endringar i andre lover
Kapittel kapI
Kapittel I. Bustøtte
Føremålet med den statlege bustøtta er å sikre personar med låge inntekter og høge buutgifter ein høveleg bustad.
Lova gjeld for personar som er registrerte i folkeregisteret og lovleg busette i Noreg.
Rett til bustøtte har søkjarar somer over 18 år eller har eigne barn som bur i bustaden,
svarar for buutgifter i ein bustad som fyller vilkåra i § 5, og
sjølve bur i bustaden.
Dei som gjer førstegongsteneste i Forsvaret eller sivilteneste, har ikkje rett til bustøtte.
Studentar som ikkje har barn i husstanden, har ikkje rett til bustøtte. Som studentar blir rekna alle som har rett til ytingar frå Statens lånekasse for utdanning. Dei som studerer innanfor eit offentleg program for arbeidskvalifisering, har likevel rett til bustøtte.
Dei som bur saman med ein person som ikkje har rett til bustøtte etter første og andre ledd, har ikkje rett til bustøtte. Foreldre som bur saman med eigne barn som er studentar, har likevel rett til bustøtte.
Bebuarar i ein institusjon der det kan bli kravd vederlag for opphaldet på grunnlag av inntekt, har ikkje rett til bustøtte.
Vilkår for å få rett til bustøtte er at bustadener godkjend som bustad
er ein sjølvstendig bustad med eigen inngang
har eige bad og toalett og gjev høve til matlaging, og
gjev høve til kvile.
Personar som av helse- eller sosialfaglege årsaker bur i eit bufellesskap utan å høyre til same husstand, kan få bustøtte på individuelt grunnlag dersom kommunen godkjenner at bustaden er eigna. Kommunen kan i vurderinga av om bustaden er eigna gjere unntak frå kvalitetskravet i første ledd bokstav b. Kommunen kan også gjere unntak frå krava i bokstav c dersom funksjonane som er nemnde der, er del av bufellesskapet elles.
Endra ved lov 21 okt 2016 nr. 82 (ikr. 1 nov 2016 iflg. res. 21 okt 2016 nr. 1227).
Den bustøtta som skal betalast ut, blir utrekna som ein fastsett prosent av differansen mellom godkjende buutgifter og ein eigendel. Eigendelen blir fastsett ut frå inntekta og formuen til husstanden.
Departementet kan i forskrift gje reglar om satsar og om utrekning og utbetaling av bustøtte.
Staten dekkjer utgiftene til bustøtte.
Husbanken og kommunane administrerer bustøtteordninga. Kommunane dekkjer sine eigne utgifter til administrasjon.
Departementet kan i forskrift gje reglar om administrasjon og handsaming av bustøtte.
Husbanken og kommunane kan utan hinder av teieplikt påleggje offentlege styresmakter, långjevarar, utleigarar, burettslag, eigarseksjonssameige og tilbydarar av posttenester å gje opplysningar som er nødvendige for å kontrollere om vilkåra for å få bustøtte er oppfylte eller har vore oppfylte i tilbakelagde periodar. Husbanken og kommunane kan hente inn slike opplysningar direkte frå instansane som er nemnde i første punktum, og nytte dei i sakshandsaminga utan samtykke frå den det gjeld. Den som blir pålagd å gje opplysningar i medhald av paragrafen her, kan ikkje krevje godtgjering. Informasjonsplikta i personvernforordninga artikkel 14 gjeld. Reglane om bevisfritak i tvisteloven §§ 22-8 og 22-9 gjeld tilsvarande.
Når allmenne interesser tilseier det, kan departementet med forskrift eller i enkelttilfelle samtykkje i at opplysningane i bustøtteregisteret kan bli brukte av andre offentlege styresmakter.
Endra ved lover 19 juni 2015 nr. 69 (ikr. 1 juli 2015 iflg. res. 19 juni 2015 nr. 665), 15 juni 2018 nr. 38 (ikr. 20 juli 2018 iflg. meddelelse 17 juli 2018 nr. 1195), 4 des 2020 nr. 137 (ikr. 1 jan 2021 iflg. res. 4 des 2020 nr. 2591).
Husbanken kan utan hinder av teieplikt hente inn registrerte opplysningar om ei større mengd namngjevne mottakarar av bustøtte for elektronisk samanlikning med opplysningar i eit anna register (masseinnhenting). Opplysningar om husstandsmedlemmene til mottakarane kan hentast inn på same måte. Husbanken kan òg hente inn opplysningar om bustader og kven som bur eller har budd i bustader som er del av ei sak om bustøtte. Føremålet med innhentinga må vere å kontrollere om vilkåra for å få bustøtte er eller har vore oppfylte.
Masseinnhenting kan skje frå register hos andre offentlege styresmakter, tilbydarar av posttenester eller frå Husbanken og kommunane sine eigne register.
Masseinnhenting kan gjelde opplysningar om inntekt eller andre økonomiske forhold, yrke (student/arbeidsledig/vernepliktig), bustad eller adresse, lovleg tilgang til opphald i riket og kven mottakaren bur saman med. Opplysningar som nemnt i personvernforordninga artikkel 9 og 10 kan ikkje masseinnhentast.
Departementet kan i forskrift gje utfyllande reglar om gjennomføringa av masseinnhenting. Departementet kan også i forskrift gje reglar om at masseinnhentinga skal kunne omfatte andre opplysningar enn dei som er nemnde i tredje ledd, dersom opplysningane er av tilsvarande art og ikkje fører til vesentlege personvernkrenkingar. Det kan også fastsetjast i forskrift kva register opplysningar kan hentast inn frå.
Tilføyd ved lov 19 juni 2015 nr. 69 (ikr. 1 juli 2015 iflg. res. 19 juni 2015 nr. 665), endra ved lover 15 juni 2018 nr. 38 (ikr. 20 juli 2018 iflg. meddelelse 17 juli 2018 nr. 1195), 4 des 2020 nr. 137 (ikr. 1 jan 2021 iflg. res. 4 des 2020 nr. 2591).
Masseinnhenting skal gjerast av ei særskilt utpeika eining. Eininga kan hente inn, registrere, samanstille og lagre opplysningar så langt det er nødvendig for å avgjere om bustøtte blir eller har blitt utbetalt i strid med vilkåra for å ta imot støtte.
Opplysningar om den enkelte mottakaren av bustøtte kan vidareformidlast med sikte på å korrigere eller stanse feilaktige utbetalingar, krevje tilbakebetaling av for mykje utbetalt beløp, og straffeforfølging. Elles kan vidareformidling skje når dette følgjer av lov eller reglar gjevne i medhald av lov.
Opplysningar som er henta inn ved masseinnhenting, skal slettast så snart omsynet til kontroll og oppfølging tillèt det.
Masseinnhentinga skal gjennomførast slik at opplysningar som ikkje verkar inn på retten til bustøtte, ikkje blir omfatta eller utleverte. Innhentinga skal heller ikkje føre til at det blir utlevert opplysningar om andre personar enn dei som kontrollen gjev grunn til å følgje opp. Dersom slike opplysningar likevel skulle bli utleverte, skal dei slettast omgåande.
Offentlege styresmakter eller tilbydarar av posttenester skal leggje til rette for at opplysningane dei har, på førespurnad blir gjorde elektronisk tilgjengelege for særskilt utpeika einingar i Husbanken. Det kan ikkje krevjast godtgjering for slik tilgjengeleggjering og utlevering av opplysningar.
Den som blir pålagd å gje opplysningar i medhald av paragrafen her, pliktar å gjere dette utan godtgjering.
Informasjonsplikta i personvernforordninga artikkel 14 gjeld.
Tilføyd ved lov 19 juni 2015 nr. 69 (ikr. 1 juli 2015 iflg. res. 19 juni 2015 nr. 665), endra ved lover 15 juni 2018 nr. 38 (ikr. 20 juli 2018 iflg. meddelelse 17 juli 2018 nr. 1195), 4 des 2020 nr. 137 (ikr. 1 jan 2021 iflg. res. 4 des 2020 nr. 2591).
Kommunen, Husbanken eller særskilt utpeika einingar kan påleggje alle som kan ha informasjon som er eigna til å belyse saka, å gje opplysningar som er nødvendige for å avdekkje eller avgrense urettmessig utbetaling av bustøtte. Vilkåret er at det ligg føre ein rimeleg grunn til mistanke om at det er skjedd eller vil skje urettmessig utbetaling av bustøtte. Opplysningar kan krevjast også om andre enn mottakaren av bustøtte.
Informasjonsplikta i personvernforordninga artikkel 14 gjeld for opplysningar som er henta inn etter paragrafen her, men den registrerte har først krav på informasjon når kontrollen er ferdig utført. Den som blir pålagd å gje opplysningar eller innsyn i dokument m.m. i medhald av paragrafen her, skal gjere det utan hinder av teieplikt. Helseopplysningar som ligg under teieplikt i helsepersonelloven, kan ikkje hentast inn etter denne føresegna. Den som blir pålagd å gje opplysningar eller innsyn i dokument, pliktar å gjere dette utan godtgjering. Reglane om bevisfritak i tvisteloven §§ 22-8 og 22-9 gjeld tilsvarande.
Tilføyd ved lov 19 juni 2015 nr. 69 (ikr. 1 juli 2015 iflg. res. 19 juni 2015 nr. 665), endra ved lov 15 juni 2018 nr. 38 (ikr. 20 juli 2018 iflg. meddelelse 17 juli 2018 nr. 1195).
Uforfalne krav på bustøtte kan overførast til kommunar som gjev forskot til dekking av buutgifter eller avdrag og renter på bustadlån for det same tidsrommet. Bustøttemottakaren må på førehand skriftleg ha gjeve eit frivillig, uttrykkeleg og informert samtykke om at kravet kan overførast.
Husbanken kan krevje bustøtta tilbake dersommottakaren visste eller burde ha visst at han eller ho ikkje har hatt krav på støtte,
mottakaren eller nokon som har handla på vegner av mottakaren, aktlaust har gjeve galne eller mangelfulle opplysningar,
Husbanken eller kommunen har gjort eit mistak og mottakaren burde ha skjøna det, eller
husstanden i perioden det er motteke bustøtte for, har hatt inntekt eller formue som i ettertid syner seg å overskride den inntekta eller formuen som var lagd til grunn då støtta blei fastsett. Det gjeld utan omsyn til kven som er skuld i at det er betalt ut for mykje. For mykje utbetalt støtte kan også motreknast i seinare utbetalingar av bustøtte.
Departementet kan i forskrift gje reglar om tilbakebetaling av bustøtte.
Endra ved lov 28 apr 2017 nr. 21 (ikr. 1 juni 2017 iflg. res. 28 apr 2017 nr. 504).
Vedtak om krav på tilbakebetaling av bustøtte er tvangsgrunnlag for utlegg. Kravet kan drivast inn av Husbanken eller overførast til Innkrevjingsmyndigheita.
Endra ved lov 25 april 2025 nr. 12 (i kraft 1 jan 2026 iflg. res. 10 juni 2025 nr. 967).
Oppheva ved lov 25 april 2025 nr. 12 (i kraft 1 jan 2026 iflg. res. 10 juni 2025 nr. 967).
Departementet kan i forskrift gje reglar om særskild klagenemnd for enkeltvedtak etter denne lova.
Kapittel kapII
Kapittel II. Kommunale tilskot til etablering i eigen bustad og til tilpassing av bustad
Kommunen kan etter søknad gje tilskot til å finansiere bustad for vanskelegstilte på bustadmarknaden.
Det kan gjevast tilskot til personar med låg inntekt som ikkje klarer å etablere seg i eigen bustad. Tilskotet kan også bli brukt til reetablering for vanskelegstilte som har behov for ein betre tilpassa bustad. Personar med langvarige økonomiske problem skal prioriterast.
Det kan gjevast tilskot til å kjøpe, føre opp eller refinansiere eigen bustad. Kommunen kan også gje tilskot til å utbetre ein nyinnkjøpt bruktbustad.
Tilføyd ved lov 16 juni 2017 nr. 66 (ikr. 1 jan 2020 iflg. res. 16 juni 2017 nr. 758).
Kommunen kan etter søknad gje tilskot som kan bidra til at personar med behov for tilpassa bustad no eller i framtida, kan finansiere nødvendig tilpassing.
Det kan gjevast tilskot til husstandar der enkeltpersonar har behov for tilpassa bustad. Tilskotet kan også bli gjeve til eldre som treng å tilpasse bustaden sin for å kunne halde fram med å bu heime ved eit framtidig behov for tilpassa bustad. Tilskotet kan vere økonomisk behovsprøvd.
Tilskot til tilpassing kan bli gjeve både til enkle tiltak, til større ombyggingar, og til å finansiere profesjonell prosjekterings- og utgreiingshjelp ved behov for tilpassing.
Tilføyd ved lov 16 juni 2017 nr. 66 (ikr. 1 jan 2020 iflg. res. 16 juni 2017 nr. 758).
Kapittel kapIII
Kapittel III – Ikraftsetjing
Lova gjeld frå den tida Kongen fastset.1
Departementet kan gje forskrift om overgangsordningar for mottakarar som fekk bustøtte i same bustad i juni 2009.
Endra ved lov 16 juni 2017 nr. 66 (ikr. 1 jan 2020 iflg. res. 16 juni 2017 nr. 758, tidlegare § 14).
1 Frå 1 jan 2013 iflg. res. 24 aug 2012 nr. 826.
Endra ved lov 16 juni 2017 nr. 66 (ikr. 1 jan 2020 iflg. res. 16 juni 2017 nr. 758, tidlegare § 15).
Frå denne lova tek til å gjelde, skal lov 29. mai 2009 nr. 30 om Husbanken endrast slik: – – –