Forskriftens innhold
Forskrift om overgangsreglar ved iverksetjing av lov 19. juni 2009 nr. 76 om endring i tomtefestelova
§ 1.
Lov 19. juni 2009 nr. 76 om endring i tomtefestelova § 37 skal gjelde der krav om innløysing vert fremja på grunnlag av at innløysingstida er inne eller festetida er ute 1. oktober 2010 eller seinare.§ 2.
Ved krav om innløysing når festetida er ute for ei tomt som er festa bort for festaren si livstid, gjeld likevel endringa i § 37 der festaren døyr 1. oktober 2009 eller seinare.§ 3.
Forskrifta gjeld frå 1. oktober 2009.
Sist oppdatert: 10.12.2025 04:00 | Kilde:
Lovdata (NLOD 2.0)