Kommentarer fra Fiskebåt til stortingsmeldingen om bevaring av marin natur
Meld.St.29 (2020-2021) – Heilskapleg nasjonal plan for bevaring av viktige område for marin natur
Fiskebåt støttar hovedtrekka i regjeringas forslag om ein heilskapleg nasjonal plan for bevaring av viktige område for marin natur, og er einig i at ein nasjonal plan vil vere viktig i den vidare utviklinga av ei heilskapleg og berekraftig norsk havbruksforvaltning.
Fiskebåt støttar det grunnleggjande prinsippet for havpolitikken om å fremje berekraftig bruk og bevaring av marine økosystem. Regjeringa skriv at berekraftig bruk handlar mykje om tiltak og metodar for å sikre at aktivitetane skjer på skånsomt vis, slik at ein unngår eller avgrensar skader på naturmangfald og økosystem. Bevaringstiltak set naturen i sentrum og inneber vern eller beskyttelse av eit geografisk avgrensa område med viktig naturmangfald. Sjølv om Fiskebåt støttar desse prinsippa, er det nødvendig å ta omsyn til at all utnytting av naturressursar påverkar naturmangfaldet og økosystemet i større eller mindre grad. Fiskebåt meinar ein bør unngå å innføre langt strengare reglar for utnytting av marine naturressurar enn naturressursar på land. Marint råstoff gir eit klimavenleg og sunt protein, og det er uheldig om strenge vernereglar gjer at vi ikkje greier å utnytte produksjonen i havet, og i staden må erstatte bortfallet av marint protein med protein som fører til auka klimagassutslepp.
Fiskeria er meir enn noko anna næring avhengig av produktive økosystem, og vern er eitt av fleire virkemidlar for å oppnå dette. Fiskebåt har vore positiv til å verne bunnhabitat, både for å bevare representative naturtypar, og for å sikre produktive økosystem. Fiskebåt var initiativtakar til å miljøsertifisere norske fiskeri etter MSC-standarden, som stiller strenge krav til vern av blant anna bunnhabitat og økosystem. Fiskeflåten medverka også konstruktivt til å kartlegge og verne korallrev langs norskekysten. Fiskebåt forhandla saman med russiske kollegar og dei største fiskeimportørane i Europa fram den såkalla Greenpeace-avtalen om frivillig vern av urørte områder i Arktis. Dette i samanheng med at mindre is i Barentshavet auka utbreiinga av viktige fiskebestander og gjorde nye fiskeområder lengre nord tilgjengelig for fiske.
Greenpeace-avtalen førte seinare til endringar i det norske lovverket for å beskytte sårbare marine økosystem i områda rundt Svalbard. Fiskebåt hadde ein svært god dialog med Havforskningsinstituttet og Fiskeridirektoratet i dette arbeidet, som resulterte i at store områder i Barentshavet blei definert som nye fiskeområder og i praksis stengte for fiske med reiskap som berørte botnen. I tillegg blei 10 utvalte områder i det som blei definert som eksisterande fiskeområder stengt for alt fiske for å verne ein representativ botnfauna.
Fiskebåt meiner at det gode samarbeidet mellom næringa og norske fiskerimyndigheter i arbeidet med arealbasert vern i Barentshavet, er eit godt døme på korleis ein kan sikre marint vern utan at vernetiltaka aukar konfliktnivået eller i for stor grad hindrar utøvinga av fisket. Fiskebåt vil oppfordre myndighetene om videreføre dette samarbeidet med næringa når ein skal vurdere tiltak for å redusere miljøpåvirkninga frå fiske i det som er definert som særleg verdifulle og sårbare område (SVO). Fisk er som nemnt sunn og klimavenleg mat, og det er ei målsetjing å fiske tildelte kvoter i Norge. Dersom viktige fiskeområder blir stengt vil dette krevje auka innsats for å fiske kvotane, noko som vil føre til auka utslepp av skadelege miljøgassar, og til auka påverknad av havbotnen.
Det er ei internasjonal målsetjing å auke vernet av verdas havområder frå 10 til 30%. Norge har samanlikna med andre land lagt opp til ein streng praksis for rapportering av norske tiltak, der berre vern etter naturmangfaldsloven og marint beskytta områder, samt vern etter svalbardmiljøloven, kan inngå. Dette gjev ein «verneprosent» på omlag 4,5%. Dersom alle arealbaserte fiskeritiltak blir vurderte til å oppfylle kriteria for «andre effektive områdebaserte bevaringstiltak», vil dette auke Norges sin «verneprosent» til omlag 49%. Fiskebåt støttar på denne bakgrunn regjeringas forslag om å gjennomgå og vurdere praksisen for rapportering av Norges bidrag til å oppfylle dei internasjonale måla om bevaring.
Det har den siste tida vore auka merksemd rundt marine artar og havbotnen sin evne til å ta opp og lagre karbon. Fiskebåt er positiv til regjeringas forslag om å kartlegge marine områder som er viktige for karbonlagring med sikte på bevaring.
Vennleg helsing
Jan Ivar Maråk
Fiskebåt