Innspel til Meld. St. 27 (2022-2023) Eit godt liv i heile Noreg – distriktspolitikk for framtida
Fjellnettverket er eit politisk nettverk for kommunar, regionråd og fylke. Oppgåva vår er å arbeide for levande og livskraftige bygder i fjellområda i Sør-Noreg.
Meld. St. 27 (2022–2023) Eit godt liv i heile Noreg – distriktspolitikk for framtida er lagt fram for Stortinget til behandling.
Fjellnettverket støttar regjeringa sitt mål om å auke folketalet i distrikta. Me meiner det er heilt nødvendig med ein offensiv og framtidsretta distriktspolitikk.
Meldinga omtalar viktige distriktsutfordringar, men me undrar oss over at situasjonen i fjellområda i Sør-Noreg ikkje er tatt med i meldinga.
Samla er det over hundre fjellkommunar i Sør-Noreg. Fjellområdas betydning for ei berekraftig samfunnsutvikling og ressursutnytting får stadig større merksemd internasjonalt. Men i Noreg er distriktspolitikken i liten grad retta inn mot desse områda spesielt, og tek i liten grad høgde for dagens utfordringar i fjellområda.
I meldinga blir situasjonen i Nord-Norge vurdert samla og ut frå fleire parameter, men fjellområda i sør har ikkje fått ei slik samla vurdering, til tross for at mange av utfordringane er like.
Situasjonen i fjellkommunane.
Fjellkommunane har i dag store utfordringar: Fråflytting, skeiv alderssamansetjing, fødselsunderskot og mangel på arbeidskraft med relevant kompetanse. Befolkningsframskrivingane frå Telemarksforsking viser at fleire av desse negative trekka truleg kjem til å forverre seg framover. Halvparten av alle kommunar i sentralitetsklasse fem og ein tredjedel av kommunane i sentralitetsklasse seks ligg i fjellområda.
Fjellområda i Noreg har hatt ei svakare utvikling i talet på arbeidsplassar enn resten av landet dei siste ti åra. Dette gjeld både offentleg sektor og i næringslivet. Til dømes har område som Nord-Gudbrandsdalen, Midt-Gudbrandsdalen og Aust-Telemark hatt dårlegare arbeidsplassutvikling enn tiltaksområda i Finnmark og Troms. Det same gjeld bygging av nye bustader og etablering av nye verksemder. Fjellnettverket får kvart år oppdaterte tal på utviklinga i fjellområda i «Fjellindeksen»: www.Regionalanalyse.no/fjell.
Samstundes som det er mange utfordringar i fjellområda i Sør-Noreg er desse områda svært viktige for landet. Her blir det produsert mykje rein energi, det er eit levande landbruk med stor produksjon av jord- og skogbruksprodukt, og det er mykje verna natur og viktige økosystem. Fjellområda er også viktige som rekreasjonsområde for folk på det sentrale Austlandet og i andre storbyar. Levande bygder er ein føresetnad for å skape gode opplevingar for tilreisande.
I Fjell-Noreg som i Nord-Noreg er det lange avstandar og lågt folketal, slik at det mange stader er utfordrande å oppretthalde eit variert tenestetilbod med god kvalitet i alle lokalsamfunna. Det trengst difor merksemd og tiltak også for fjellområda i Sør-Noreg.
Fjellandbruket
I meldinga blir det vist til kor viktig landbruket er for Noreg. Vi saknar difor ei omtale av og ønske om sterkare satsing på fjellandbruket.
Fjellandbruket er ein berebjelke for verdiskapinga i fjellområda. Jordbruk, skogbruk og reindrift bidreg i stor grad med ressursar både lokalt og nasjonalt. Sjølv om det er lagt ned mange gardsbruk i fjellområda, så ligg framleis 20 prosent av alle aktive bruk i våre område. På fjellgardane finn vi 22 prosent av alle landets mjølkekyr og ein tredjedel av alt storfe, og det meste av sauen på utmarksbeite. Fjellområda i sør er og viktige for å oppretthalde reindrifta, både for å produsere reinkjøt som er etterspurt og som berar av samisk kultur. Hagebruk, korn- og potetdyrking er døme på at det å produsere nær dei klimatiske grensene kan gje produkt med særpreg, ernæringsmessige kvalitetar og lite behov for sprøytemiddel.
Fjellandbruket er difor ein viktig del av sjølvforsyninga i Noreg. Dette vil bli endå viktigare i framtida. For Noreg, med dei spesielle vekstforholda me har her til lands, betyr det at me må auke matproduksjonen og ikkje minst bruke utmarka meir. Gjennom utmarksbeiting utnyttar ein ressursar som elles ikkje vil kunne nyttast til matproduksjon.
Framtida for fjellkommunane
Berekraftig bruk av fjellområda og utvikling av ressursane i fjellet gir verdiskaping og er eit bidrag til å redusere den globale oppvarminga. God forvaltning, bruk og utvikling av våre område stiller spesielle krav, og det er derfor nødvendig og viktig at fjellområda blir sett samla i distrikts- og regionalpolitikken, slik som t.d. i Fjell- og innlandsstrategien frå 2021
Fjellområda er store og med rike naturressursar, som utgjer verdiar både for folk som bur der, for det norske storsamfunnet og globalt. Fjellområdas betydning for ei berekraftig samfunnsutvikling og ressursutnytting får stadig større merksemd internasjonalt, og i FNs berekraftsmål blir ressursane i fjellområda peika på som viktige for framtidig utvikling. Våre naturressursar er nødvendige for den grøne omstillinga. Den beste måten å sikre at fjellnaturen blir teke vare på og brukt på berekraftig vis i den grøne omstillinga, er å sette inn tiltak slik at fleire ynskjer å bu i fjellområda
Fjellnettverket etterlyser:
Ein plan for utvikling av fjellområda i tråd med det grøne skiftet. Den bør innehalde langsiktige planar og verkemiddel for å sikre etablering av nye, framtidsretta næringar i distrikta, tilgang på risikokapital og korleis me skal bruke naturresursane i framtida, slik at det kjem både landet og lokalsamfunna til gode.