Dato: 11.10.2025 Svartype: Med merknad Eg begynte å røyke i slutten av tenåra. Då eg nærma meg 35 år og skulle bli far bestemte eg meg for å slutte. Det er som kjent ikkje alltid så enkelt, og forsøk med mellom anna nikotintyggegummi mislukkast. Til slutt bestemte eg meg for å prøve ein e-sigarett, og bestilte startsett med e-væske frå England. Dette var i 2012, så utstyret fungerte ikkje like bra som idag, men det verka lovande og eg heldt fram med å prøve ulike modellar og væsker. Våren 2013 tok eg min siste sigarett og har etter det berre dampa. Ein viktig årsak til at eg greidde å slutte og gå heilt over til damp var dei mange ulike smakane utover dei som prøver å etterlikne tobakk. Dette har distansert meg frå røyking og gjer at det ikkje lenger er noko eg trår etter. Smaken av tobakk verkar ikkje lenger innbydande, og damping framstår som eit betre alternativ på alle måtar. Å slutte med hjelp av damping gjer også at vedvarande abstinens og fare for tilbakefall ikkje er tilstades. Det betyr mykje å sleppe dette potensielt stressande elementet i ein travel kvardag. Damping svarer på både behovet for nikotin og ritualet i seg sjølv, og fungerer difor svært bra som erstatning for mange røykarar. Eg håpar at e-væske med nikotin i det minste kan vere mogleg å bestille frå EØS-land slik det har vore tidlegare, eller betre, kan vere tilgjengeleg i Noreg for vaksne personar som allereie bruker nikotin. Helse- og omsorgsdepartementet Til høringen Til toppen <div class="page-survey" data-page-survey="133" data-page-survey-api="/api/survey/SubmitPageSurveyAnswer" data-text-hidden-title="Tilbakemeldingsskjema" data-text-question="Fant du det du lette etter?"