Dato: 07.10.2025 Svartype: Med merknad Time kommune deler bekymringa og situasjonsbeskrivinga som departementet viser i høyringsnotatet datert 11.7.25. Fyrst og fremst er det stor grunn til å vera bekymra for auka bruk av e-sigarettar blant barn og unge, som gjerne vil ta med seg vanane opp gjennom vaksenlivet og føra til auking av røyking generelt i befolkninga. I tillegg kjem dei svært negative miljøeffektane av utslepp av bl.a. plast, tungmetall og verdifulle metall. Det vil vera heilt urealistisk å få til ei adekvat returordning for e-sigarettar. For mange brukarar, særleg unge, vil protestaspektet ved røykinga vera stort, og dei vil ha lita interesse i å sørga for adekvat avfallshandtering. Det har i Norge vore ein svært gledeleg nedgang i talet på daglegrøykarar dei siste 50 åra i takt med innføring av marknadsrestriksjonar for tobakk, særleg etter utviding av røykeloven i 2004. Med utvikling av nye, kreative røykeprodukt og digital marknadsføring risikerer ein eit betydeleg tilbakeslag i arbeidet mot tobakk og røyking, den enkeltfaktoren som truleg har mest negativ innverknad på folkehelsa. Time kommune støttar derfor departementet sine forslag til restriksjonar, inkludert eit forbod mot e-sigarettar utan nikotin. Å tillata bruk av e-sigarettar utan nikotin vil vera forvirrande både for røykarar og for tilsynsmyndigheiter sidan produkta kan vera vanskeleg å skilja frå einannan. Sidan det er haldepunkt for at e-sigarettar utan nikotin òg kan vera svært skadelege, inkludert den uheldige miljøeffekten, vil det vera urimeleg å tillata desse. Time kommune meiner lengda på overgangsordninga som departementet føreslår, verkar fornuftig. 7. oktober 2025 Time kommune v/Øystein Fjetland Øgaard, kommuneoverlege Helse- og omsorgsdepartementet Til høringen Til toppen