Kystruta si innretning frå 2030 - høyringsinnspel frå Hammerfest Sp
1) I det neste kystruteanbodet må det vere eit eksplisitt, utvetydig og ufråvikeleg krav at alle deltakarar/leverandørar, i tillegg til person- og godstransport, må tilby eit minimum av bilplassar til/frå alle anløpsstader/hamner for å vere kvalifisert til konkurransen.
Minimumstalet på bilplassar kan vere f.eks. ni (9), som ryktet fortel at dei nye Havila-skipa er utstyrte med (dette talet er ikkje stadfesta, ettersom folk som reiser til/frå andre hamner enn Bergen og Kirkens til no ikkje har hatt høve til å ha med seg bil på ei reise med dette selskapet). Havila har heller ikkje til no greidd å forklare kystens folk på ein truverdig måte kva som er grunnen til at selskapet ikkje vil ta med bilar på bildekket sitt frå andre hamner enn Bergen og Kirkenes. Når dette teknisk kan skje utan vanskar i dei to snuhamnene, er det klårt for alle at det ikkje er skipa si utforming eller bilheisen/ferjelemmen det er noko feil med - det handlar om Havila sine eigne prioriteringar, ressursar og/eller vilje.
Å kunne ha med seg bil når ein reiser frå hamn til hamn på riksveg nr. 1 er essensielt og verdifullt for mange innbyggjarar langs Noregs vêrharde kyst. Og det er framleis kystens folk og bedrifter kystruta først og fremst må vere til for. Bilplassar om bord er av ekstra stor verdi vinterstid når vêr- og føretilhøve er dårlege og reisealternativa færre enn til vanleg (pga. ras, storm og stengde vegar, eksempelvis). Finnmark, med eit svært sårbart vegnett og mange tettstader med berre har éi transportåre inn/ut (utanom kystruta), er naturlegvis i ei særstilling på dette punktet. Anbodet/leveransekrava må reflektere og ta omsyn til dette.
Eit ufråvikeleg krav om bildekk på alle skip, hos alle leverandørar, og der tilbodet er ope for alle hamn-til-hamn-passasjerar uansett kor dei reiser til/frå så lenge det er plass på bildekket, vil utlikne dei forvirrande og uønskte skilnadene som eksisterer mellom dei to operatørselskapa i dag. At Hurtigruten tilbyr dette på alle sine sju skip, til/frå alle hamner, og har gjort dette i mange år allereie, medan Havila stort sett ikkje ikke tilbyr bilplass til nokon, gjer kystruta som eit heilskapleg og komplett reisealternativ til ei meir tilfeldig, mindre påliteleg og mindre verdifull transportteneste enn tidlegare. Dette er ikkje ikkje i tråd med styresmaktene sin ambisjon om at kystrutetilbodet skal bli og opplevast som betre, ikkje dårlegare, av passasjerane.
Med årleg statsstøtte på fleire hundre millionar til selskapa som drifter det samfunnskritiske transportsambandet som kystruta er, er det rimeleg å forvente at kvaliteten på tenestene som blir leverte skal vere på eit minst like høgt som tidlegare. I praksis betyr dette at moglegheita til å ha med seg bil må vere der på alle avganger, fra alle hamner. Det er ikkje godt nok at dette dukkar opp som eit pop up-tilbod av og til - viss operatøren vil.
2) Ingen av dagens anløpsstader må takast ut av kystrutenettet. Kystruta er viktig for alle hamner (med sine nærliggande distrikt og omland) som er inne på rutekartet i dag, men er likevel ekstra samfunnskritisk for alle anløpsstader i Nord-Noreg, ettersom reisealternativa i denne landsdelen er færre, avstandene større og vêr- og klimaforhold tøffare enn i resten av kongeriket.
Det er formulert som eit mål med utgreiinga og førebuingane til det neste anbodet at kystruta skal "optimaliserast". Dette er urovekkande ordbruk. For analytikarer som ikkje kjenner landsdelen godt - og dermed ikkje fullt ut kan forstå kva hurtig-/kystruta har betydd og betyr for beredskap, fleksibilitet, livskvalitet og tryggleik i små kystsamfunn langt nord i landet - kan det vere fristande å ta i bruk enkle kvantitative standardmodeller for måling av transportøkonomisk effektivitet og lønnsemd osb. Slike modellar, som gjerne er tilpassa tettbygde strok med små avstandar og fleire reisealternativ, vil raskt levere tal som fortel at det luraste (etter ein indre logikk og målestokk) er å fjerne anløpsstader med "få" reisande. Departementet må vere på vakt mot ein slik økonomisk analysepraksis og reduksjonistiske tolkningar av kva som utgjer samfunnskritisk infrastruktur og samfunnsberande og nødvendige kommunikasjonar - og korleis desse skal verdsettast.
3) Dagens rutemodell og samanbindande trafikkfunksjon, der kystruta i hovedsak følgjer leia og ikkje byter ut effektiv framdrift nord/sør med cruisesegling inn og ut av fjordar eller rundt øyer, må oppretthaldast. Denne funksjonen er avgjerande for at kystruta, trass i masseturismens vekst, framleis skal kunne oppfylle si primæroppgåve med å binde saman lokalsamfunn, regionar og landsdelar og halde oppe busetting og næringsliv langs vår ytre kyst.
Anløp av Alta (som nokon har tatt til orde for) – ein by med relativt sett godt utbygde kommunikasjonar inst i ein fjord mange seglingstimar frå leia – vil innebere å redusere kystruta sin moglegheit til å tilby kystens folk, transportørar og gjestar/turistar eit fornuftig, relevant og ikke altfor tidkrevjande reise- og transportalternativ mellom Troms/Tromsø og finnmarkskysten. Departementet bør ikkje legge opp til å svekke rolla som lokaltransportør ytterlegare (til fordel for å ein styrkt cruiseprofil, til dømes). Å segle inn/ut Altafjorden blir også ein lang og meiningslaus omveg for mange av primærpassasjerane (dei som treng kystruta mest). Alta har allereie flyplass med lang rullebane, fly til Tromsø, Oslo og Aust-Finnmark fleire gonger per dag, riksveg med god standard (E6) og daglege bussavgangar til/frå Nord-Troms, Tromsø og resten av Finnmark. Dei fleste av stadene som kystruta anløper i dag har ingen av delene.