🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen Med merknad
Til horingen: Høring Endringer i studiekvalitets- og studietilsynsforskriften – Nye krav insti...

Universitetet i Stavanger

Departement: Familiedepartementet
Dato: 30.09.2024 Svartype: Med merknad Høyring: Forslag om endringer i studiekvalitets- og studietilsynsforskrifta - høyringssvar frå UiS Vi viser til høyringsbrev frå Kunnskapsdepartementet dagsett 11. juni. Universitetet i Stavanger takkar for høvet til å la seg høyre i saka. Under gjev vi først nokre generelle kommentarar til forskriftene, før vi kommenterer nokre viktige forslag til endringar meir i detalj. Samanslåing og forenkling av regelverket UiS seier seg nøgd med at reglane i studiekvalitetsforskrifta og studietilsynsforskrifta no slåast i saman. Dette vil innebere ei forenkling av regelverket ved at det etablerast ein felles paraply for institusjonanes kvalitets- og utviklingsarbeid. Vi seier oss òg nøgde med dei justeringane og språklege endringane som er gjort, som bidreg til at enkeltreglar blir tydelegare. Akkreditering av institusjonar UiS seier seg einig i at det fortsett skal være tre kategoriar institusjonar i høgre utdanning i Noreg; høgskole, vitskapleg høgskole og universitet og at «universitet» vert vidareførd som éin kategori. UiS støtter òg forslaget om at vitskaplege høgskolar skal kunne innlemmast i universitetkategorien etter å ha gått gjennom ein forenkla prosedyre for akkreditering. Det vil naturleg være eit mangfald av ulike institusjonar i universitetkategorien. Ved UiS har vi merka oss omtalen i høyringsnotatet av departementet si inndeling av institusjonane i tre klyngar i Tilstandsrapporten frå 2022. Denne klyngeanalysen skil mellom tre forskingstunge institusjonar i klynge ein, elleve institusjonar «i midten» med relativt ulike kjenneteikn i klynge to og seks fagleg høgt spesialiserte institusjonar i klynge tre. I denne analysen er UiS plassert i klynge 2. Vi meiner at ein ikkje bør dele opp universiteta i fleire kategoriar og støtter departementet i at «… det ville blitt krevende å lage gode kategorier, siden alle dagens universiteter i større eller mindre grad har forskningsintensive miljøer, regional tilknytning og profesjonsutdanninger.» (Høyringsnotatet s. 18) Ved UiS har vi over år satsa stort på å utvikle forskingsverksemda ved institusjonen. Denne satsinga har vi lukkast godt med og satsinga har som resultat at vi no har sterke forskingsgrupper på mange fagområde og gode resultat på publiseringsindikatorane. Likevel ser vi teikn på at nasjonale satsingar og prioriteringar i liten grad treff UiS, men treff andre institusjonar betre, mellom anna dei «gamle» universiteta. Vi trur at dersom ein skulle la klyngekategoriane styre nasjonale satsingar, prioriteringar og budsjettfordelingar, ville dette svekke mangfaldet og utviklinga i norsk høgre utdanning og forsking. Når ein held fast at det skal være éin universitetkategori, voner vi at regjeringa òg legg til grunn at utviklinga av institusjonane i høgre utdanning og forsking skal være balansert. Utvikling av dei forskingstunge universiteta må ikkje føre til utarming av sterke fagmiljø i andre institusjonar. Talet doktorgradar UiS støtter at talet doktorgradsprogram som krevjast for å få status som universitet kan reduserast frå fire til eitt. Det er noko uklårt om konsekvensane av forslaget i praksis vil være omfattande då, slik vi les forskriftforslaget, det fyrst og fremst vil være institusjonar med eitt eller få fagområde som vil tilfredsstille kravet om at doktorgradsprogrammet skal dekke vesentlege deler av institusjonen sin verksemd. Større og breiare institusjonar må truleg ha fleire doktorgradsprogram for å tilfredsstille kravet. Stabil doktorgradsutdanning Ved UiS er vi einige i at det stilles eit krav om at institusjonar som skal ha status som universitet eller vitskapleg høgskole må ha ei stabil doktorgradsutdanning. Dette tyder mellom anna at institusjonen har stabile og solide ordningar for drifta av doktorgradsprogramma, at fagmiljøa som er knytt til utdanninga har tilstrekkeleg storleik og kompetanse over tid og at doktorgradsstudentane er tilstrekkeleg mange til å etablere gode fagfellesskap og har god gjennomstrøyming. UiS seier seg einig i dei kvantitative krava departementet har sett opp og at når det gjeld institusjonsakkreditering skal desse krava gjelda på institusjonsnivået. Sjølvstendig heilskapleg vurdering og vurdering av strategi Departementet legg opp til at det skal inkluderast ei vurdering av institusjonane sine strategiar i prosessane for akkreditering av institusjonar. Ved UiS er vi skeptiske til dette og meiner at vurderingar av institusjonanes strategiske prioriteringar ikkje høyrer heime i NOKUT sin rolle i akkrediteringsverksemda. NOKUT skal etter vårt syn rette merksemda mot dei faglege kvalitetskriteria. Om NOKUT skulle stå for ei vurdering av institusjonanes strategiske prioriteringar i innstillinga til institusjonsakkreditering, er dette etter vårt syn heller ikkje i samsvar med kunnskapsdepartementet si styringsverksemd gjennom utviklingsavtale og styringsdialog. Departementet vil vidareføre den sakkunnige komitéen sin heilskaplege vurdering som eitt av krava til akkreditering av institusjonar og gje det status som eit sjølvstendig krav. Ved UiS er vi er usikre på om ei slik heilskapleg vurdering vil bidra til å skape transparens og tillit til akkrediteringsprosessen. Institusjonar som møter alle dei andre enkeltkrava og som likevel får avslag, vil kunne oppleve dette som eit uklårt og urettvist grunnlag for avslag. Vi er usikre på om dette vil vere tenleg for akkrediteringsprosessen. Ved UiS har vi òg merka oss den aukande nasjonale erkjenninga av at kvalitetsarbeidet i institusjonane og NOKUT er for omfattande, komplisert og ressurskrevjande. Om akkrediteringsprosessen for institusjonar skal innehalde både skjønnsmessige heilskaplege vurderingar og vurderingar av institusjonanes strategiar, vil dette heller ikkje være eit bidrag til forenkling av ordningane for kvalitetsarbeidet i NOKUT og institusjonane. Kvalitetsarbeid og periodiske tilsyn Vi er godt nøgde med at forskriftene om kvalitetsarbeidet samlast til ein forskrift. Dette vil være ein kjærkomen forenkling av regelverket. Vi støtter og at departementet og NOKUT ønsker å redusere dokumentasjonsbyrden knytt til NOKUT sine periodiske tilsyn med kvalitetsarbeidet i universitet og høgskolar. Vi ser òg av forslaget til ny forskrift at reglane om institusjonane sitt kvalitetsarbeid er korta noko ned i høve til reglane forskriftene som gjeld i dag. Vi har von om at dette vil støtte opp om forenklinga av dokumentasjonskrava. I dei tilsyna vi har hatt så langt, har vi opplevd at dokumentasjonen som vart kravd har hatt fleire overlappande punkt. Departementet sitt forslag inneber ikkje store endringar når det gjeld reglane for institusjonane sitt kvalitetsarbeid og NOKUT si tilsynsverksemd. UiS finn at endringane i regelstruktur, dei mindre justeringane og dei språklege endringane som er gjort, er gode og bidreg til ei forenkling av regelverket. Det går fram av høyringsnotatet at departementet enno ikkje har vurdert moglege endringar i regelverket for akkreditering av studietilbod, men at ein vil sende dette regelverket på høyring seinare. Vi ser gjerne at denne delen av regelverket reviderast og forenklast og ser i møte departementet sitt arbeid og høyring. Med helsing Klaus Mohn Bjørg Synnøve Frøysland Oftedal rektor prorektor for utdanning Kunnskapsdepartementet Til høringen Til toppen <div class="page-survey" data-page-survey="133" data-page-survey-api="/api/survey/SubmitPageSurveyAnswer" data-text-hidden-title="Tilbakemeldingsskjema" data-text-question="Fant du det du lette etter?"