🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen Med merknad
Til horingen: Høring - forslag om endringer i forskrift til samelovens språkregler

Noregs Mållag

Departement: Familiedepartementet
Dato: 21.09.2024 Svartype: Med merknad Noregs Mållag takkar for høvet til å komme med innspel til endringar i forskrift til språkreglane i samelova. Noregs Mållag støttar endringane, og ber om å bli ført på lista over høyringsinstansar i alle saker som gjeld språkpolitikk. Noregs Mållag ønsker å peike på at prinsippa som ligg til grunn for dei føreslåtte endringane, også bør gjelde for oppfølginga av andre språkrettar og andre språk, og har følgande innspel: Omorganisering av forvaltinga skal ikkje føre til innskrenking av språkrettar Eit sentralt moment i framlegget er at retten til svar på samisk ikkje skal falle bort grunna endringar i organisering av forvaltinga. Dette er i tråd med formålet i § 1 i språklova. Slik språkregelverket både i samelova og i språklova er definert, heng språkrettane i dag tett saman med kor oppgåvene er plasserte. Med tendensar der oppgåver blir flytta mellom stat, fylkeskommune og kommune, kan dette føre til at språkrettane i praksis blir innskrenka. Ut frå prinsippet som blir slått fast i denne høyringa, bør det derfor vurderast konsekvensar for språkrettar når forvaltinga skal omorganiserast. Dersom det da kjem fram at språkrettane blir påverka, må ein endre eller klargjere regelverket slik at språkrettane er sikra. Oppbygging av intern kompetanse I høyringsframlegget punkt 3.2.4 om økonomiske og administrative konsekvensar peikar departementet på at det er urealistisk at interne ressursar er tilstrekkelege for å svare ut alt som skal skrivast på samisk. Det blir også peika på at omsettingstenester og gode avtalar med omsettarar kan vere eit verktøy for å bøte på dette. Noregs Mållag har forståing for dei praktiske utfordringane, men vil likevel peike på at det er ønskeleg at forvaltinga bygger opp mest mogleg kompetanse internt for å vareta språkrettar. Det kan både føre til reduserte kostnader, styrking av fagmiljø og meir effektiv sakshandsaming. Aktuelle tiltak kan til dømes vere å gi fordelar for språkkompetanse i tilsettingsprosessar, opprette mentorordningar, gi moglegheiter til å delta på språkkurs eller vidareutdanning, og å jobbe målretta for at alle tilsette skal ta i bruk språkkompetansen dei har. Kommunal- og distriktsdepartementet Til høringen Til toppen <div class="page-survey" data-page-survey="133" data-page-survey-api="/api/survey/SubmitPageSurveyAnswer" data-text-hidden-title="Tilbakemeldingsskjema" data-text-question="Fant du det du lette etter?"