Dato: 24.09.2024 Svartype: Med merknad Det er ei nødvendig og rett prioritering at regjeringa vil «greia ut og fremje forslag til nødvendige endringar i lovverket som sikrar at bruk og besittelse av mindre brukardosar for rusavhengige møtest med god helsehjelp og oppfølging i staden for straffereaksjonar». Det er likevel spesielt viktig, i eit rusførebyggjande perspektiv, at ein skil reaksjonsformer for kven som nyttar seg av rusmidlane; unge med narkotika/partydop til fest eller prestasjon opp mot tunge rusavhengige. Rusavhengige bør sikrast god helsehjelp. Party- og prestasjonsdoping blandt dei unge bør det givast saksjonar mot. Hjartdal kommune er ikkje for ei generell avkriminalisering av narkotika ved å godta fatning med "mindre mengder" til eige bruk. Grensa på 5 gram til eige bruk er for høg og må settas ned. Vi tenkjer at dette vil stramma inn avkriminaliseringstrenden og minska rusbruk blant unge. 5 gram svarer til 20 brukardosar, avhengig av styrken til stoffet/reinheit, men generelt siger ein at 0,25 g = 1 brukardose. Dette gjeld alle pulver-preparat (amf, kokain, heroin, hasj). (Når det gjeld flytande, illegale rusmiddel, snakkar ein om "1 kork" som ein 1 brukardose). Det betyr at ein person kan gå med 20 brukardosar på seg straffefritt, dersom det forslaget som ligg føre blir vedteke. Rådgivande eining for russaker i kommunane fungerer ikkje slik det var tenkt då det er få saker som hamnar i dette forum. I hjartdal kommune har det ikkje vore nokre saker til rådgivande eining for russaker etter oppstart og ingen pålagde rusprøver. Hjartdal kommune meiner politiet bør oppfordrast til å senda fleire saker til rådgivande eining, og at oppmøte ikkje skal vere frivillig. Slik Hjartdal kommune forstår det, avdekkjer ikkje politiet bruk av narkotika grunna: a) ikkje stort nok handlingsrom i møte med brukar, og b) det ikkje er ei prioritert oppgåve for politiet. Det er viktig å sikra at politiet hald fram skal ha eigna verkemiddel for å kunna avdekkje og motverke bruk og tilhøyrande fatning med narkotika blant unge. Det er òg viktig at politiet har eigna verkemiddel for å kunna avdekkje og etterforske innførsel og sal av større mengder narkotika og til å kunna avdekkje bakmenn, for å nedkjempe organisert kriminalitet og den kriminelle økonomien. Borgarens rettar må bli teke vare på ved bruken til politiet av tvangsmiddel. Forutsigbarheit om rammene for tvangsmiddelbruken til politiet er viktig ikkje berre for politiet, men også for samfunnet og ikkje minst involverte partar. SLT koordinator - Mari Moen på vegne av Hjartdal Kommune. Justis- og beredskapsdepartementet Til høringen Til toppen <div class="page-survey" data-page-survey="133" data-page-survey-api="/api/survey/SubmitPageSurveyAnswer" data-text-hidden-title="Tilbakemeldingsskjema" data-text-question="Fant du det du lette etter?"