🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen Med merknad
Til horingen: Høring - NOU 2024: 8 Likestillingens neste steg

Stiftelsen Kvinneuniversitetet i Norden

Departement: Familiedepartementet
Dato: 16.09.2024 Svartype: Med merknad Høyring NOU 2024: 8 Likestillingens neste steg. Frå Kvinneuniversitetet i Norden. 1. Vi vil først knytte nokre kommentarar til at utfordringar for menn i samfunnet, blir knytta opp mot kvinnene sin kamp for likestilling, med ei forståingsramme som om desse problema er av same karakter og/eller at kvinnene er i mål med sine likestillingskrav og at det no er mennene sin tur. Kvinnene sin kamp for stemmerett, for rett til utdanning, for velferdsstaten osv., har ikkje teke nokon av desse rettane frå menn, men dei samfunnsmessige rettane for kvinnene har kome i tillegg og utvida rettferdsrommet for både kvinner og menn. Ingen menn har fått mindre rettar ved at kvinnene har fått rett til å stemme, rett til å utdanne seg, lik arverett og så vidare. Det er grunn til å åtvare mot ei forståingsramme som framstiller kvinner sin likestillingskamp som fullført og i mål. Historisk og internasjonalt, ser vi at kvinner sine rettar stadig er utsette for tilbakeslag. Denne utgreiinga nemner og denne tendensen til at ei gruppe menn har tendens til å meine at "å fremme kvinner og jenters rettigheter har gått for langt, fordi dette truer menns og gutters muligheter." Vi vil peike på at denne utgreiinga uttrykker ein form for naivitet i forhold til å tru at kvinner sine rettar kan takast for gitt. Historia har vist oss at politiske endringar og særleg krig og sosiale konfliktsituasjonar, brått kan endre dei skjøre kulturelle og humanistiske verdiane som er av relativ kort historisk tradisjon. Vi ser dette internasjonalt i samband med store tilbakeslag for kvinner når det gjeld reproduktive rettar som tilgang til abort, og når det gjeld rettar til utdanning og når det gjeld førebygging av seksualisert vald. Kvinnene sin likestillingskamp er i historisk samanheng i ei særstilling, fordi den strukturelle kvinneundertrykkinga og særleg seksualisert vald mot kvinner, representerer ei mange hundreårig historie, som framleis på ingen måte er løyst, jf. NOU 2024:4 Voldtekt- et uløst samfunnsproblem. Kvinneuniversitetet i Norden vil derfor hevde at premisset om at kampen for å løyse menn sine sosiale og samfunnsmessige problem, er likestillingens neste steg, med referanse til kvinnekampen, er ei avsporing og ikkje forskingsmessig grunngjeve. 2. Den blinde flekken. To viktige NOU-meldingar er sendt på høyring i 2024. Det gjeld NOU 2024: 4, Valdtekt- eit uløyst samfunnsproblem og NOU 2024: 8, Likestillingens neste steg. Begge desse utgreiingane viser til empiri som syner at at menn er sterkt overrepresentert som valdsutøvarar og kvinner er den gruppa som sterkast blir råka av menn si vald. Dette faktagrunnlaget burde gitt grunnlag for ein grunndig refleksjon rundt menn si vald mot kvinner. Etter vårt syn er det vanskeleg å sjå at Mannsutvalet har teke denne problemstillinga på alvor. I punkt 3.1.5 står det: "Destruktiv adferd, som kriminalitet, rusmisbruk og vold har i for stor grad blitt forstått som "problem med gutter og menn"- altså at det er guttene og mennene som er problemet. Mannsutvalget mener mye av menns destruktive adferd heller må forstås som et uttrykk for gutter og menns problem". Gitt denne forståinga, er det merkeleg at ikkje Mannsutvalet drøftar nettopp dette. Kva er det som er gutar og menn sine problem når dei i så stor grad utøver grov vald mot kvinner og barn? Å hevde at dette ikkje er nokon hovudtendens, fungerer som ei bortforklaring, i staden for å ta tak i problemet på samfunns- og individnivå. Mannsutvalet hevdar i punkt 3 at gutar og menn sine likestillingsutfordringar må bli inkludert i likestillingspolitikken i større grad enn i dag. Kvinner vart i utgangspunktet ikkje inkludert i ein fiks ferdig likestillingspolitikk. Det var kvinnene som kjempa fram likestilling mellom kvinner og menn. Menn si vald mot kvinner og barn, er eit av dei viktigaste hinder for kvinner kan oppleve likestilling med menn. Det er meir enn trist at ikkje Mannsutvalet drøftar denne likestillingsutfordringa som eit problem for menn, for på den måten å finne ut korleis menn kan bidra til å førebygge valdtekt av jenter og kvinner. Valdtektsutvalet slår fast at valdtekt "er ei alvorleg straffbar handling som rammer alle kjønn, men som i all hovudsak utføres av gutar og menn, mot jenter og kvinner". Vidare seier utvalet: "Den tydelege kjønsdimensjonen tilseier etter utvalet sitt syn at maktskjeivheit mellom kjønna er ein sentral faktor." Valdtektsutvalet føreslår eit massivt løft å førebygge vald mot kvinner. I Mannsutvalet framstår problemfeltet som ein blind flekk. 3. Mannsutvalet føreslår at mor og far skal dele fødselspermisjonen likt. Dette er grunngjeve i ei målsetting om likestilling mellom mor og far. Kvinneuniversitetet i Norden meiner at likestillingsmetaforen ikkje er forskingsbasert når det gjeld situasjonen for mor og far når det gjeld oppgåver, belastning og konsekvensar i samband med svangerskap, fødsel, barsel og tid til amming. Det gir ikkje meining å likestille oppgåvene for mor og far med omsyn til svangerskap, fødsel, barseltid og amming. Gjennom svangerskap, fødsel, barseltid og amming, blir mor utsett for fysiske endringar og påkjenningar som ikkje kan "likestillast" til det som far opplever. Dette må ikkje reduserast til ein retorikk om at "far og mor er like viktige for barnet". Ein slik retorikk fangar ikkje opp alle dei oppgåvene som svangerskaps/fødsels/ og omsorgspermisjonen skal ivareta. Det kan ikkje vere tvil om at gode velferdsordningar for å ivareta mor under svangerskap, fødsel, barsel og amming, ikkje berre er viktig for mor, men og for barnet. Det er viktig at desse utfordingane ikkje blir redusert til eit likestillingsspørsmål for menn. Svangerskaps-, fødsels- og omsorgspermisjonen må delast i tre like delar, slik at mor får ein tredel som skal sørge for restaurering etter svangerskap, fødsel, barseltid og amming, og så to delar som blir delt likt mellom mor og far. Skal mor og far ha likeverdige moglegheiter til å delta i arbeidslivet etter ein fødsel, må mor ha tilstrekkeleg tid til å ivareta kroppen og bygge seg opp etter det reproduktive arbeidet som ho har utført. 4. Kvinneuniversitetet i Norden vil støtte tiltak for å få fleire menn inn i yrke som i dag har fleirtal av kvinner og som då gjerne blir omtalt som "omsorgsyrke." Vi vil understreke at det trengs meir forsking på kvifor menn ikkje søker seg til barnehage, sjukeheim, undervisning for barn osv. Kvifor kan kvinner akseptere den låge løna i barnehagen, men er det dette som er problemet for menn? Kvifor er kvinner meir motivert for yrke som krev kompetanse til omsorg og kva skal til for at menn blir inspirert til slikt arbeid? Vi trur det trengs eit mykje meir omfattande haldningsskapande arbeid retta mot gutar og menn, for å få dei til å søke seg til dei kvinnedominerte yrka. Finnst det ein "feminitetsfobi" i delar av mannskulturen som hindrar menn til å bruke heile yrkesspekteret? Helga Aune har i boka "Like læringsmuligheter for jenter og gutter" analysert arbeidet med likestilling i skolen og peikar på at framleis blir gutar og jenter opplært til ulike kjønnsrollar. Det kan vere grunn til å tru at dersom vi skal greie å motivere gutar til å gå inn i dei yrka som er dominert av jenter/kvinner, så vil ikkje kvotering virke like godt som for jenter til mannsdominerte yrke. Vi kan ikkje undervurdere den manglande status som dei såkalla kvinneyrka har for gutar og menn, og dette handlar nok ikkje berre om løn. 5. Det store likestillingsproblemet. Kvinneuniversitetet i Norden meiner at det store likestillingsproblemet for menn, i liten grad blir nemd eller drøfta i denne meldinga. Både nasjonalt og internasjonalt, er det ei lita gruppe menn som har makta i økonomien, i militæret og i store delar av næringslivet. Desse mennene styrer i stor grad over samfunnsmessige strukturar som fører til at andre menn blir fattige, fell utafor viktige velferdsstrukturar og opplever seg som mindeverdige. Vi undrast over kvifor ikkje Mannsutvalet har analysert denne ulikskapen, men i staden set kvinner og menn opp mot kvarandre. Vi fann eit lite sitat i utvalet punkt 2.7.4., som syner at denne ulikskapen har vore nemd, men altså ikkje teke tak i: "Maktforholdene mellom grupper av menn fører til at menn lever med mannsidealer som ikke nødvendigvis er i deres interesse." Kvinneuniversitetet i Norden er heilt enig i dette. Vi beklagar sterkt at ikkje utvalet hadde gått vidare med denne innsikten og analysert korleis menn kunne ha kjempa for større likestilling og rettferd, både for kvinner og menn. 6. I tiltak 32, er det forslag om å innføre kjønsnøytralt føremål i likestillings- og diskrimineringslova. Det er formuleringa om at loven tek særleg sikte på å betre stillinga for kvinner og minoritetar, som skal ut. Utvalet foreslår at "kvinner og" skal ut av lovteksten. Kvinneuniversitetet i Norden meiner dette vil vere eit alvorleg tilbakeslag for kvinnekampen. Historia har vist oss at å betre stillinga for kvinner, ikkje har ført til ei forverring for menn, snarare tvert imot. Samstundes viser NOU 2024: 4, Valdtektsutvalet, at det er store oppgåver med å betre stillinga for kvinner når det gjeld vald i nære relasjonar og seksualisert vald mot kvinner i samfunnet. Derssom dette pålegget blir fjerna frå lovverket, er det god grunn til å frykte at kvinnene vil tape på ei slik endring, utan at det vil kome menn til gode. Kultur- og likestillingsdepartementet Til høringen Til toppen <div class="page-survey" data-page-survey="133" data-page-survey-api="/api/survey/SubmitPageSurveyAnswer" data-text-hidden-title="Tilbakemeldingsskjema" data-text-question="Fant du det du lette etter?"