Dato: 11.09.2024 Svartype: Med merknad Høyring- Forslag til endringar i krisesenterlova. Frå Kvinneuniversitetet i Norden. Krisesentra i Noreg er ein svært viktig aktør i kampen mot vald og overgrep mot kvinner og barn. Initiativet for å etablere krisesenter og krisetelefonar for kvinner, kom som initiativ frå kvinnerørsla, nasjonalt og internasjonalt. Sentralt i dette arbeidet stod kunnskapsformidling, førebygging og hjelp til kvinner og barn som trong hjelp i konkrete situasjonar med vald og overgrep. Arbeidet var først berre frivillig, men på åttitalet kom sentrale styresmakter på banen med ei statleg finansiering. I dag er finansieringa av krisesenter lagt inn i den kommunale potten, slik at det i praksis er kommunane sin økonomi som avgjer korleis tilbodet i den enkelte kommune og region skal vere. I praksis ser vi no at ei slik finansieringsordning fører til dårlegare tilbod for kvinner og barn som blir utsette for vald. Tilbodet på Helgeland kan vere eit aktuelt døme på korleis situasjonen er. Det har vore krisesenter i alle regionsentra på Helgeland, det vil seie i Mo i Rana, Sandnessjøen, Mosjøen og Brønnøysund. Sandnessjøen er lagt ned for fleire år sidan og no er det planar om å legge ned i Brønnøysund og overføre tilbodet til Verdal i Trøndelag. Vi vil då stå igjen med eit tilbod berre i Mo i Rana og i Mosjøen. Dei store avstandane vil gjere det svært vanskeleg for kvinner generelt og for kvinner med barn spesielt, å nytte seg av eit krisesenter som ligg mange mil unna. Kvinneuniversitetet i Norden meiner at det viktigaste tiltaket for å gje eit likeverdig tilbod for kvinner og barn som er utsette for vald, er å innføre ei statleg finansiering av krisesentra. Staten må ta det økonomiske ansvaret for krisesentra, dersom Noreg skal kunne innfri sitt internasjonale ansvar i høve til Istanbulkonvensjonen, Den europeiske menneskerettskonvensjonen og FN sin kvinnekonvensjon. Staten må gje øremerka tilskot til kommunane, slik at kommunane kan prioritere vald mot kvinner, utan at dette blir sett opp mot andre velferdsoppgåver. Vald mot kvinner og barn er diverre del av ein tabukultur, som gjer at vi ikkje ser, ikkje høyrer og ikkje forstår kor omfattande og farleg problemet er. Ein slik velferdsreform vil kunne samstundes vere del av ein kunnskapskampanje for å spreie kunnskap om kostnadane med vald og overgrep mot kvinner og barn. Kunnskap og førebygging var sentralt i oppstarten av krisesentertilbodet. Kunnskap og førebygging bør framleis vere viktige tiltak for krisesentra. Dette bør og synleggjerast i lovverket. For Kvinneuniversitetet i Norden, Arna Meisfjord Barne- og familiedepartementet Til høringen Til toppen <div class="page-survey" data-page-survey="133" data-page-survey-api="/api/survey/SubmitPageSurveyAnswer" data-text-hidden-title="Tilbakemeldingsskjema" data-text-question="Fant du det du lette etter?"