🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen Med merknad
Til horingen: Høring – Forslag til ny valgforskrift og endringer i forskrift om valg til Samet...

Øygarden kommune

Departement: Familiedepartementet
Dato: 27.08.2024 Svartype: Med merknad Øygarden kommune ved formannskapet har slik høyringsuttale til ny “Forskrift om valg til Stortinget, fylkesting og kommunestyrer (valgforskrift)” og endringar i “Forskrift om valg til Sametinget”: Kapittel 1. Manntall § 1-5 Rett til manntallseksemplarer mv. for partier og grupper som stiller liste ved valget Printing av manntalseksemplar er ressurskrevjande for kommunane, og bør avgrensast av omsyn til miljøet. Øygarden kommune støttar difor at parti og grupper som stiller liste ved valet skal kunne få manntallseksemplar i elektronisk format, ikkje berre på papir. Det står ikkje noko i forskrifta sin føresegner om dette, berre i departementet sine merknader. Det bør difor gå tydeleg fram av sjølve forskrifta at manntalseksemplar kan leverast ut i elektronisk format. § 1-7 Manntallsføring av personer med sperret adresse i folkeregisteret Ny valforskrift gir nærare føresegner om manntalsføring av personar som har sperra adresse i folkeregisteret. Dette er ein forskriftsfesting av tidlegare etablert praksis. Øygarden kommune støtter at det no vert forskriftsfesta kven som har ansvar for sendinga og kva lista skal innehalde av opplysningar. Det bør tydeleggjerast i forskrifta kven som skal vere mottakar av lista i kommunane. Ved kommunestyre- og fylkestingsvalet 2023 vart lista sendt rekommandert til ordføraren si privatadresse, utan at valansvarleg hadde kjennskap til dette. Ein slik praksis inneber at andre personar enn dei som har tenestleg behov får tilgong til lista, samt ein auka risiko for at den ikkje kjem fram til valansvarleg. Skatteetaten bør sende lista til rekommandert til den registrerte valansvarlege i kvar kommune i form av kommunen si postadresse. Det bør ikkje nyttast private adresser ved sending av lista. Kapittel 3. Utforming og trykking av stemmesedler § 3-4 Utforming av stemmesedler med partinavn uten kandidater I 6. ledd vert føresegna om at stemmesetlar med partinamn utan kandidatar skal trykkast med punktskrift vert oppretthalde. Punktskrifta på stemmesetlane skapar utfordringar ved teljing, dette gjeld både for manuell og maskinell teljing. Punktskrifta gjer at stemmesetlane fester seg til kvarandre. Ved skanning fører dette til papirstopp, og ved manuell teljing kan desse stemmesetlane henge så godt saman at to setlar vert telt som ein. For å unngå papirstans ved skanning må stemmesetlane med punktskrift leggast annan kvar setel med innsida og utsida opp. Denne sorteringa er ressurskrevjande og lagar meirarbeid i oppteljinga. Øygarden kommune meiner at veljarar som har behov for punktskrift framleis skal få slike stemmesetlar, men andre veljarar som stemmer utanfor eige valdistrikt bør få generelle stemmesetlar utan punktskrift. Øygarden kommune meiner at dette vil føre til færre avvik i oppteljinga. Kapittel 6. Fellesbestemmelser for stemming innenlands § 6-2 Universell utforming av valglokaler og valgutstyr Departementet foreslår å forskriftsfeste krav til universell utforming av vallokale og valutstyr. Vallova § 6-7 første ledd pålegg valstyra å sørge for at vallokala er universelt utforma, jf. likestillings- og diskrimineringsloven § 17. I forslag til ny forskrift vert det konkretisert kva for bygningsmessige kvalitetar eit lokale må ha for å kunne nyttast som eit vallokale. Det vert stilt same kravsnivå til universell utforming som det går fram av forskrift 19. juni 2017 nr. 840 om tekniske krav til byggverk (Byggteknisk forskrift, TEK 17). Føremålet er å gjere det enklare for kommunane å følgje krav til universell utforming. Byggteknisk forskrift (TEK17) er ein standard for bygging av nye bygg. Det inneber at dei fleste bygg frå tida før TEK17 vart gjeldande vil ha manglar i forhold til krava i forskrifta. Mange av bygga som vert nytta som vallokale vart bygd lenge før TEK17, og har difor manglar etter krava i forslaget til ny forskrift. Øygarden kommune nyttar i stor grad skular som vallokale på valdagen. Vallokala er ofte plassert i gymsalar og liknande, der det vert nytta ein anna inngang en skulen sin hovudinngang. Slik krava vert lagt fram vil det vere heilt nødvendig for kommunane å nytta seg av byggteknisk rådgjeving. Det må utarbeidast analyser som skildrar dei aktuelle vallokala sin tekniske tilstand, og rapportere for eventuelle forskriftsmanglar og tiltak som må settast inn. Det vil mellom anna være heilt nødvendig med ekstern kompetanse for å kartlegge luminanskontrastar på søyler og bakgrunnsfargar. I tillegg vil det vere svært ressurskrevjande å få oversikt over opningskraft som skal til for å opne dører, stigning på permanente ramper, høgde på handløparar, dørbredder og høgder på tersklar mm. Det er ikkje praktisk gjennomførbart å laga skilt med taktil merking eller installere lyd. Øygarden kommune meiner det vil bli altfor krevjande for kommunane viss ein skal forskriftsfesta tekniske krav til bygga som vert nytta til vallokale. § 6-4 Beredskapskonvolutter I § 6-4 er berre hovudregelen skildra. I merknaden står det at det ikkje er eit vilkår for å godkjenne stemmegjevinga at beredskapkonvolutten er utforma i tråd med denne føresegna. Det er mogleg å nytte andre konvoluttar, om man for eksempel går tom for beredskapkonvoluttar. Øygarden kommune meiner at dette kunne vært tydeleggjort i forskrifta. § 6-8 Stemming rett utenfor valglokalet I ny forskrift foreslår departementet ei endring av prosedyren for stemming utanfor vallokalet. Det skal nyttast stemmesetelsett i konvolutt i slike tilfelle. Øygarden kommune pleier å nytte stemmesetelsett i konvolutt, og meiner det er formålstenleg at det vert presisert at stemmesetelsetta skal utleverast slik. I føresegnene 2. ledd vert det slått fast at veljaren skal gi konvolutten med dei ubrukte stemmesetlane tilbake til stemmemottakar. Øygarden kommune meiner at i dei tilfelle stemmesetelsett vert nytta må veljar få bestemme om konvolutten med dei resterande setlane skal bli gitt til stemmemottakar eller om veljar sjølv skal behalde desse. Om veljar vert pålagt å gje frå seg konvolutten kan det medføre ein svekka tillit til at valet er hemmeleg, sjølv om forskrifta også presiserer at stemmemottakar skal sørgja for å kassere dei ubrukte setlane på ein trygg måte. Spesielt i små kommunar der veljarane med stor sannsyn kjenner stemmemottakar kan det vere vanskeleg å skulle gje frå seg resten av stemmesetlane. Det bør difor vere opp til veljaren om resten av stemmesetelsettet skal behaldast eller ikkje. Kapittel 7. Forhåndsstemming innenlands § 7-3 Forhåndsstemming på helse- og omsorgsinstitusjoner, i fengsler og der velgeren oppholder seg I forslag til § 7-3 skal veljar få utlevert ein konvolutt med stemmesetlar, og resterande setlar i konvolutten skal leverast tilbake til stemmemottakar ved førehandsstemming på institusjonar mm. Tilsvarande som for § 6-8 meiner Øygarden kommune at i dei tilfelle stemmesetelsett vert nytta må veljar få bestemme om konvolutten med dei resterande setlane skal gis til stemmemottakar eller om veljar sjølv skal behalde desse. Kapittel 11. Opptelling av stemmesedler Ny vallov regulerer i § 10-8, 2. og 3. ledd oppteljing av stemmesetlar som er lagt rett i urne utan bruk av stemmesetelkonvolutt i dei ordinære vallokala. Det følgjer av ny vallov § 10-7, 3. ledd at det er valstyret som har ansvar for den første oppteljinga av stemmesetlar som er gitt i stemmesetelkonvolutt, og for tvilsame stemmesetlar som er lagt til side. Oppteljing av førehandsstemmer per vallokale gjeld berre ordinære vallokale i kommunen. Det gjeld ikkje førehandsstemmer gitt på institusjonar. Øygarden kommune meiner at dette burde konkretiserast i forskrift sidan det ikkje går fram av vallova. § 11-5 Første opptelling av forhåndsstemmesedler som ikke blir telt opp for hvert enkelt valglokale og § 11-6 Første opptelling av valgtingsstemmesedler som ikke blir telt opp i valglokalet Departementet foreslår at stemmesetlar som vert registrert som tvilsame stemmesetlar i den første teljinga, men som seinare vert godkjent, skal takast ut av teljinga frå det enkelte vallokale og teljast saman med stemmegjevingar gitt i konvolutt. Dette gjeld både førehandsstemmer og valtingstemmar. Departementet har i sjølve høyringsnotatet skildra handteringa av tvilsame stemmer iht. ny føresegn i vallova § 10-7. Dette er en endring i prosedyre for oppteljing av desse stemmene. Sjølve behandlinga bør då forskriftsfestast, slik at det blir tydelegare for kommunane korleis dei skal forholde seg til desse stemmane. Når tvilsame stemmesetlar skal teljast saman med stemmesetlar frå stemmegjevingar i konvolutt vil det føre til eit avvik mellom godkjente kryss i manntalet og godkjente stemmesetlar i denne oppteljinga. Øygarden kommune meiner at det er uheldig å skilje ut stemmesetlar frå oppteljinga stemmegjevinga høyrer til og flytte dei til ei anna oppteljing. Dette vil svekke valstyret sin kontroll i valoppgjeret, føre til fleire manuelle feil, gje ein meir uoversiktleg valprotokoll og gjere det vanskelegare å etterprøve valet. Departementet grunngir forskriftsendringa med at tvilsame stemmer i dag berre vert telt éin gong. I dag blir tvilsame stemmesetlar som vert godkjent kontrollert nøye i den foreløpige teljinga, for så å teljast i endeleg teljing. Tvilsame stemmesetlar er vesentlege ved kontroll av oppteljinga. I endeleg teljing vert det sett på eventuelle endringar i tal på tvilsame stemmesetlar frå foreløpig teljing. Forkastingsgrunnen på dei foreslått forkasta stemmesetlane vert samanlikna med avvik som leiarane på stemmestaden har meldt inn undervegs i stemmeperioden. Dette er ikkje berre ein kontroll av teljinga, men også ein kontroll med valgjennomføringa på den enkelte førehandsstemmestad eller valtingslokale. Ved endeleg teljing sjåast resultatet opp mot tal på godkjente stemmegjevingar. Godkjente tvilsame stemmesetlar reduserer som regel avviket mellom tal på stemmegjevingar og tal på godkjente stemmesetlar. Dette bør gå fram av protokollen i oppteljinga frå stemmestaden. Ei forskriftsendring der tvilsame stemmesetlar skal teljast i ein anna oppteljingskategori vil føre til at avvika i teljinga i vallokalet ikkje vil vise det reelle avviket mellom stemmegjevingar og godkjente stemmesetlar. For å få eit mest mogleg korrekt bilete av valgjennomføringa bør alle godkjente stemmesetlar vere med i teljinga på stemmestaden. Øygarden kommune peikar også på at tal på tvilsame stemmesetlar som vert godkjent er låg. Fordelane med forskriftsendringa der tvilsame stemmesetlar skal teljast to gongar saman med stemmegjevingar i konvolutt vil ikkje vege opp for ulempene det gir med at desse vert vanskelegare å etterprøva og ha kontroll av oppteljinga. Ein veljar sin stemmegjeving og stemmesetel bør følgje kvarandre i oppteljinga. Øygarden kommune meiner at godkjente tvilsame stemmesetlar framleis bør teljast i oppteljingskategorien der stemmegjevinga er registrert. Forslag til endringer i forskrift om valg til Sametinget I forskrift om val til Sametinget er det eit forslag til endring i § 52, 4. ledd, der det står at «Velgeren skal gi konvolutten med de resterende stemmesedlene til stemmemottakeren». Dette tilsvarar føresegner i §§ 6-8 og 7-3 i valforskrifta, som Øygarden kommune ikkje gir sin tilslutnad til. Øygarden kommune støttar då heller ikkje dette forslaget til endring i forskrift om val til Sametinget. Kommunal- og distriktsdepartementet Til høringen Til toppen <div class="page-survey" data-page-survey="133" data-page-survey-api="/api/survey/SubmitPageSurveyAnswer" data-text-hidden-title="Tilbakemeldingsskjema" data-text-question="Fant du det du lette etter?"