kriminalomsorga
Justis- og beredskapsdepartementet har føreslått endringar i straffegjennomføringslova og forskrift om straffegjennomføring for å utvide bruken av elektronisk kontroll (fotlenkje) og digitale kontrolltiltak (sporing av domfelte sin geografiske posisjon, elektronisk fjernrustest, mv.) i kriminalomsorga.
Bakgrunn for saka
Justis- og beredskapsdepartementet har sendt på høyring forslag til endringar i straffegjennomføringslova og forskrift om straffegjennomføring for å utvide bruken av elektronisk kontroll (fotlenkje) og digitale kontrolltiltak (sporing av geografisk posisjon, elektronisk fjernrustest, mv.) i kriminalomsorga. Endringane er meint å gjere det lettare å tilpasse straffegjennomføringa, soningsprogresjonen og tilbakeføringa til den einskilde innsette sine behov, samtidig som ein nyttar teknologi for å halde kontroll med den domfelte slik at samfunnets tryggleik vert ivareteken.
Hovudmålet med dei føreslåtte endringane er å redusere tilbakefall til kriminalitet og styrke samfunnsvernet ved lauslating og etter enda straffegjennomføring. Det er eit mål å samtidig effektivisere ressursbruken i straffegjennomføringa.
Statsforvaltaren i Vestland er delegert (frå Udir) eit fagleg koordinerande ansvar for opplæringa innan kriminalomsorga i Noreg. Fylkeskommunane er fagleg og administrativt ansvarlege for utdanninga i fengsla. Det er lokale vidaregåande skular som har det praktiske ansvaret for opplæringa.

Uttale
Statsforvaltaren i Vestland vurderer at forslaga får betydning for opplæring først og fremst i fylkeskommunene, men også andre samhandlingspartnarar på ulike nivå. Endringane vil få ein direkte verknad for fylkeskommunene sine lovpålagte oppgåver med å innfri retten til opplæring og særskilt retten til opplæring for innsette i fengsel (§ 28-5 opplæringslova).
Statsforvaltaren vurderer at forslaga og utviding av elektronisk kontroll vil kunne gjere at fleire domfelte vil kunne halde fram med eller starte opplæringsløp innanfor dei ordinære opplæringstilboda til fylkeskommunen. Dette er positivt for domfelte med tanke på normalitet, kvalifisering, reintegrering og tilbakeføring.
Forslaget om bruk av digitale kontrolltiltak kan påverke retten til opplæring. Om ein domfelt blir underlagt elektronisk kontroll, kan dette påverke deira moglegheiter til å delta i fysiske klasserom eller andre opplæringstiltak utanfor heimen. Forskrifta legg opp til at slike tiltak skal vere nødvendige og forholdsmessige, vi håpar difor at slike avgrensingar på rørslefridomen vil påverke tilgangen til opplæring minst mogleg.
Bruken av digitale kontrolltiltak, som elektronisk kontroll og GPS-sporing, skal ikkje hindre domfeltes moglegheiter til å delta i sysselsetjing og opplæring. Domfelte som gjennomfører straff utanfor fengsel må vere sysselsette i form av arbeid, opplæring eller andre tiltak. Forslaget presiserer at sysselsetjinga, så langt det er mogleg, skal vere av eit innhald og omfang som gjer domfelte i stand til å delta i vanleg sysselsetjing etter avslutta straffegjennomføring. Dette inneber at sysselsetjinga skal ha ein reell verdi og bidra til domfeltes kompetanseutvikling og tilbakeføring til samfunnet. Dette kravet understrekar viktigheita av å sikre at domfelte får tilgang til opplæring som ein del av straffegjennomføringa, men stiller òg krav til at opplæringa er tilgjengeleg og gjennomførbar under dei vilkåra som gjeld for straffegjennomføring.
Det blir òg opna for at straffegjennomføring med elektronisk kontroll kan gjennomførast i institusjonar, mellom anna barnevernsinstitusjonar. Dette kan gi betre moglegheiter for å kombinere straffegjennomføring med relevante opplæringstiltak som blir tilbydde i slike institusjonar.
Samla sett peikar desse forslaga på ein intensjon om å forbetre tilbakeføringa til samfunnet ved å sikre at innsatte får relevant opplæring og sysselsetjing, men dei kan òg introdusere nye utfordringar for korleis denne opplæringa faktisk blir gjennomført under straffegjennomføringa med digitale kontrolltiltak.
Det vil difor vere viktigare enn tidlegare at kriminalomsorga/friomsorga er godt orientert om dei ulike opplæringstilboda og kvalifiseringsløpa som finst. Dette krev kontinuerleg kontakt med sentrale og lokale opplæringsmynde.
Statsforvaltaren meiner også at forslaga til endringar, meir enn tidlegare, krev auke behov for koordinering og samhandling på alle nivå i samhandlingen mellom kriminalomsorga og ansvarlege nivå for opplæring. Godt tverretatleg samarbeid blir særs viktig for å lukkast med dei overordna måla om å redusere tilbakefallet til kriminalitet.