🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen Med merknad
Til horingen: Høring - forslag til forskrift om kost-nytteanalyse av mulighetene for å utnytte...

Møre og Romsdal fylkeskommune

Departement: Familiedepartementet
Dato: 26.08.2024 Svartype: Med merknad Fylkesutvalet i Møre og Romsdal har i møte 26.08.24 fatta følgjande vedtak som innspel til høyringa: Møre og Romsdal fylkeskommune støttar dei forslag til unntak frå plikta til å gjennomføre kost-nytteanalysar som er foreslått i forskrifta § 5. Møre og Romsdal fylkeskommune ønskjer å trekkje fram forslaget i forskrifta § 9 om at kost-nytteanalysen skal innehalde ei omtale av prosjektet i eit samfunnsøkonomisk perspektiv, som særs positivt. Utnytting av overskotsvarme kan ha gunstige effektar langt utover det bedriftsøkonomiske for tiltakshavar, slik som frigjering av nettkapasitet, reduserte miljøkonsekvensar, potensial for ny industrietablering med meir. Fylkeskommunen foreslår at departementet vurderer om ordet «enkel» bør strykast i samband med kravet til ei slik omtale. Fylkeskommunen oppmodar også departementet til å gjere greie for kva som vil krevjast av ei slik samfunnsøkonomisk utgreiing, for eksempel i ei rettleiing til forskrifta. Møre og Romsdal fylkeskommune er særs imøtekomande til forslaget i forskrifta § 10 om at eksterne interessentar skal få moglegheit til å gi innspel før kost-nytteanalysane ferdigstillast. Fylkeskommunen foreslår at departementet vurderer om fristen til å gi innspel bør vere meir enn minst to veker, for å sikre ein føremålstenleg medverknadsprosess. Møre og Romsdal fylkeskommune støttar departementet sitt forslag om å gi Norges vassdrags- og energidirektorat mynde til å godkjenne kost-nytteanalysar og myndesansvar for å føre tilsyn med forskrifta. Møre og Romsdal fylkeskommune støttar særleg forslaget i forskrifta § 12 om at kommunen skal takast med på samråd i saker om vilkår for godkjenning av kost-nytteanalysane. Eit slik krav til kommunal medverknad vil bidra til å sikre kommunal innflytelse og er i tråd med den rolla som «Handlingsplan for energieffektivisering i alle deler av norsk økonomi» legg opp til at kommunane skal ha. Energidepartementet Til høringen Til toppen <div class="page-survey" data-page-survey="133" data-page-survey-api="/api/survey/SubmitPageSurveyAnswer" data-text-hidden-title="Tilbakemeldingsskjema" data-text-question="Fant du det du lette etter?"