🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen Med merknad
Til horingen: Revidert gjødselregelverk – høring av forslag til ny forskrift om lagring og bru...

Hjartdal kommune

Departement: Familiedepartementet 1 seksjoner

Høyringssvar på forslag til ny forskrift om lagring og bruk av gjødsel mv.

Landbruksforvaltninga i Hjartdal kommune ønskjer å kome med høyringsinnspel til forslaget om ny forskrift om lagring og bruk av gjødsel mv.

Det er fyrst og fremst omsynet til vasskvalitet i alle våre vassdrag og sjøområde som gjer det naudsynt med strengare regulering. EUs vassdirektiv er førande.

Landbruksforvaltninga forstår behovet for å forsterke innsatsen for å ytterlegare avgrense utslepp av næringsstoff som fosfor og nitrogen til våre vassførekomstar. Vi vil likevel presisere at forslaget til ny forskrift føreset vesentleg meir byråkrati, frå både lokal forvaltning og statleg forvaltning. Delvis set forskrifta også eit skeptisk, nesten negativt lys på bondens eigen kompetanse og evne til eigne faglege vurderingar. Det kan også verke som om svært få laboratorium vil kunne gjere analyser, ved at det krev akkreditering.