Dato: 07.10.2025 Svartype: Med merknad Oslo 07.10.2025 Svar på høyring om endringar i allmenngjøringsloven Fair Play Bygg Norge viser til høyringsbrevet om endringar i allmenngjøringsloven der Arbeids- og inkluderingsdepartementet føreslår å effektivisere prosessen ved innføring av nye minstelønssatsar ved vidareføring av allmenngjering av tariffavtaler, heimel til Tariffnemda for å endre allmenngjeringsforskriftene og delegere departementets kompetanse til å oppnemne supplerande medlemmar til Tariffnemndas leiar. Fair Play Bygg Norge arbeider med å avdekke, varsle og førebyggje arbeidslivskriminalitet. Fair Play Bygg Norge har 8 regionale avdelingar som tilsamen sendte 1023 varsel om mogleg a-krim til etatane i 2024. Mange av desse tipsa går ut på lønstjuveri eller andre lovbrot der arbeidstakarane ikkje får oppfylt sine rettar i arbeidslivet, men det er også varsel om skatte- og avgiftskriminalitet, anna økonomisk kriminalitet og koplingar til organisert kriminalitet. Felles for mange av dei sakene Fair Play Bygg arbeider med er at dei kjem inn til oss som tips om arbeidarar som blir underbetalt eller utsett for ulike former for sosial dumping og a-krim. Arbeidarar utsett for a-krim er for Fair Play Bygg viktige kjelder som kan gje informasjon om anna kriminalitet, bakmenn, nettverk, kundar med meir. Departementet peiker på at det iføreslåtte endringane er ein lekk i arbeidet mot sosial dumping i utsette bransjar. Departementet skriv i høyringsnotatet: [ d]et vil være en fordel om vedtak om videreføring av allmenngjøringtidsmessig kommer tettere på inngåelsen av ny tariffavtale. I dag tar det opptil seks måneder fra begjæringen fremsettes til vedtak om videreføring er fattet av nemnda. Den eksisterende allmenngjøringsforskriften gjelder frem til Tariffnemnda treffer nytt vedtak. Fair Play Bygg er samd i denne vurderinga. Det er uheldig at det går lang tid frå ny tariffavtale med nye minstelønssatsar blir godkjent av partane i arbeidslivet til dei same satsane blir gjort gjeldande i forskrift. Dette skaper ein situasjon der det vil pågå sosial dumping som ikkje er ulovleg, ved at arbeidsgivarar som betaler minsteløn vil oppnå ein konkurransefordel som tariffbundne arbeidsgivarar ikkje har og arbeidstakarane vil miste ein lønsfordel som også får følgjer for feriepengar, overtidsgodgjering, pensjon, sjukeløn med meir. Forslaget frå departementet vil endre dette slik at tidsrommet der det er mogleg å betale lågare minsteløn enn det tariffen fastsett, vil bli vesentleg kortare. Dette vil føre til at rommet for sosial dumping blir mindre og at tariffavtalene får større betydning i norsk arbeidsliv, useriøse bedrifter får mindre konkurransefordel, samt at arbeidstakarane har, og kan gjera krav på løn i samsvar med minstelønssatsane i tariffavtalen. Ei slik endring vil også får betydning for saker om lønstjuveri etter straffeloven §§ 395,396. Fleire saker som i dag blir karakterisert som «sosial dumping» kan bli kategorisert som lovbrot og dermed lønstjuveri. Det kan vera vanskeleg å etterforske lønstjuveri, men klåre brot på minstelønsregelverket vil bli vektlagt. Justis- og beredskapsminister Astri Aas-Hansen har i Dagsavisen 19.06.2025 uttalt at regjeringa er kjent med at det er vanskeleg å få bukt med lønstjuveri. Fair Play Bygg har røynsle med saker der a-krimaktørar unnlèt å oppjustere timeløna til trass for at det er innført nye satsar i forskriftene. Justeringa av timelønssatsane i desse tilfella vil ikkje skje før det blir avdekt i tilsyn frå Arbeidstilsynet eller byggherre gjer kontroll av løns- og arbeidsforhold. Det vil vera vanskeleg for arbeidstakarar å få etterbetalt korrekt løn tilbake til datoen for endring av forskriftene. Fair Play Bygg Norge har røynsle med å opplyse arbeidstakarar som er utsett for underbetaling om regelverket i allmengjøringsloven §13, solidaransvar for oppdraggivere. Ved fleire høve har eit kort brev til hovudentreprenør eller byggherre ført til at sakene har blitt løyst og korrekt løn utbetalt. Sjølv om byggherrar ikkje er omfatta av §13, vil dei ha interesse av å unngå brot på minstelønsregelverket. Vår erfaring er at der ein profesjonell byggherrane legg press på sine kontraktspartar vil desse sakene raskt løyse seg. Fair Play Bygg ser at fristen i §13 om at arbeidstakarane lyt reise krav om solidaransvar innan tre månader som for kort. Denne regelen er lite kjent og arbeidstakarar som blir utsette for underbetaling har ofte lite kunnskap om dette. Fair Play Bygg Norge meiner at det vil styrke arbeidstakaranes rettar og høve til å krevje etterbetaling dersom fristen blir utvida til 6 månader eller lenger og at også profesjonelle byggherrar blir omfatta av solidaransvaret. Fair Play Bygg Norge er positive til departementets føreslåtte endringar av allmengjøringsloven §3, §6 og §8. Men vi vil også be om at departementet vurderer å utvide tidsfristen i §13. På vegner av Fair Play Bygg Norge Kjetil Staalesen /sign/ Lars Mamen Styreleiar Kontaktperson Arbeids- og inkluderingsdepartementet Til høringen Til toppen <div class="page-survey" data-page-survey="133" data-page-survey-api="/api/survey/SubmitPageSurveyAnswer" data-text-hidden-title="Tilbakemeldingsskjema" data-text-question="Fant du det du lette etter?"