Dato: 12.06.2024 Svartype: Med merknad Gol kommune meiner at Ringerike kommune burde hatt raud soneinndeling vist i kart på side 7 og i tabellen på side 8. Årsaka til dette er reguleringsplan for Ringeriksbanen og E16, som vart vedteke av Kommunal- og moderniseringsdepartementet 27. mars 2020. I byvekstavtalen mellom Oslo kommune, Viken fylkeskommune, Bærum kommune, Lillestrøm kommune, Nordre Follo kommune og Staten v/Samferdselsdepartementet og Kommunal- og moderniseringsdepartementet signert 27. november 2020, står «Ny Ringeriksbane mellom Sandvika og Hønefoss» som eit viktig infrastrukturtiltak i handlingsprogrammet i Oslo og Akershus i planperioden. Med Ringeriksbanen er Ringerike kommune ein naturleg del av Stor-Oslo. Dette kjem også fram i kapittel 4. For å oppnå nullvekstmålet skal vekst i persontransport skal takast med kollektivtransport, sykling og gange, jamfør 4.1. Dette er lettare dersom Ringeriksbanen blir bygd. Jamfør 4.2 vil Ringeriksbanen styrke kollektivtransport mellom Hønefoss og Oslo, men også mellom Bergen og Oslo. For Hallingdal vil det vere særs viktig at Ringeriksbanen blir bygd, då den vil korte ned reisetida til Oslo vesentleg, og styrke Bergensbanen i sin heilheit. Jamfør punkt 4.4 er infrastruktur og framkommelegheit, samt areal og kapasitet til bane prioritert i samband med at reguleringsplan for Ringeriksbanen vart utarbeidd. Kommunal- og distriktsdepartementet Til høringen Til toppen <div class="page-survey" data-page-survey="133" data-page-survey-api="/api/survey/SubmitPageSurveyAnswer" data-text-hidden-title="Tilbakemeldingsskjema" data-text-question="Fant du det du lette etter?"