🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen Med merknad
Til horingen: Høring - forslag om endringar i forskrift om opptak til høgare utdanning og fors...

Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse

Departement: Familiedepartementet
Dato: 03.06.2024 Svartype: Med merknad HK-dir takkar for høvet til å svare på høyring om forslag til endring av opptaksforskriftas reglar om nivåkrav for opptak til sjukepleiar- og lærarutdanningar, og reglar for opptak til praktisk-pedagogisk utdanning på grunnlag av bachelorgrad. 1. Opptak til grunnstudium (lærar- og sjukepleiarstudium) 1.1 Organisering av opptak til ledige studieplassar på lærar- og sjukepleiarstudium Dersom opptakskrav vert endra i eit pågåande opptak slik forslaget står, støttar HK-dir KD i si vurdering om at dette skal løysast lokale opptak. Vår vurdering er at det ikkje er teknisk mogleg å gjennomføre dette i den nasjonale søknadsportalen i Samordna opptak i dagens system. Dette ville medført ein uforsvarleg risiko for at delar av opptaket (særleg etterfyllings- og suppleringsopptak) får feil og i verste fall ikkje kan gjennomførast. Sjølv om HK-dir generelt er skeptisk til å endre opptaksreglane undervegs i eit opptak av grunnar vi tidlegare har gitt til kjenne, er det på denne måten det må gjerast, om det likevel er ønskeleg. Løysinga føreset at kvar einskild lærestad som ønskjer å endre opptaksreglane for sine studium etter hovudopptaket, gjer alle naudsynte vurderingar før dei melder interessa si for dette, av di det kan ha vesentlege praktiske og ressursmessige konsekvensar for drifta av opptaket lokalt i ein allereie pressa periode på opptakskontora. Dette må ein forvente at lærestadane vurderer best sjølve, og vi støtter difor også at deltaking i ordninga blir valfri. Dette trass i at det kan bli ein situasjon der ulike institusjonar har ulike opptakskrav til same studium. 1.2 Skilnad mellom lokalt og nasjonalt opptak til grunnstudium Når det gjeld plasseringa av dette opptaket, meiner HK-dir likevel at Kunnskapsdepartementet bør vere endå klårare på kva reglar som gjeld for lokalt opptak til ledige studieplassar med justerte opptakskrav. Opptaket til grunnstudium er organisert i ei nasjonal forskrift, som kan vere svært forskjellig frå lokale reglar om opptak. HK-dir forstår det slik at dette, i format av å vere ei organisatorisk plassering i lokalt system av eit nasjonalt opptak, i all hovudsak vil fungere med dei nasjonale reglane (til dømes jf. § 7-1 (5)), men også i samsvar med Samordna opptaks etablerte rutinar for opptaket. Samstundes skal klagesaker få si avgjerd i lokal klagenemnd, noko som ikkje er standard for det nasjonale opptaket. Det blir også vanskeleg å vere sikker på at ein tildeler éin studieplass per søkjar, slik ein gjer i den nasjonale opptaksløysinga, fordi det ikkje er mogleg å samanlikne lister over opptekne studentar mellom institusjonane frå lokale opptak. Vi kjenner ikkje storleiken av slike eventuelle problem, men veit at det vil kunne påverke lærestadane sine høve til å vurdere kva nivå av «overbooking» dei må ha. Slike problemstillingar er ikkje mykje omtala i forslaget, sjølv om HK-dir forstår det slik at Kunnskapsdepartementet meiner at opptaket fungerer som det nasjonale, med dei konkrete unntaka som oppstår i og med at ein skal nytte lokal klagenemnd, og dei som følgjer av at opptaket er organisatorisk lagt lokalt. Vi veit det er ein del forvirring om dette i sektoren. HK-dir meiner difor at Kunnskapsdepartementet må vere svært presise i ei eventuell rettleiing i rundskrivet, slik at det er klårt kva nasjonale og lokale reglar som kan nyttast i alle delar av sakshandsaminga. 2. Reglar for opptak til praktisk-pedagogisk utdanning på grunnlag av bachelorgrad 2.1 Generelt om forslaget HK-dir støtter forslaget om å opne for å tilby PPU som ein mastergrad, og generelt dei løysingane som er foreslått for forskjellige variantar av format på og opptak til desse. Det har vore ein del debatt omkring saka i media, men HK-dir meiner at omsynet til å gjere det mogleg for fleire å bli lærarar, og ikkje minst at fleire kan byggje på allereie avlagt og relevant utdanning, må vere sentralt. Dei siste åra har nedgangen i søkjartala til lærarutdanning vore markant. Sjølv om utdanningane åleine ikkje kan løysa rekrutteringsutfordringane, meiner HK-dir at den negative trenden krev at vi tenkjer nytt både når det gjeld vegar inn og korleis vi organiserer utdanningane. Denne modellen har potensiale til å rekruttere godt frå grupper som dei som per no har avlagt ei bachelorutdanning, dei som har ei høgare utdanning og allereie jobbar i skulen utan full lærarutdanning, og ikkje minst dei som har ei lærarutdanning frå utlandet, men som enno ikkje oppfyller krava til å få godkjenning for yrket i Noreg. 2.2 Spesielt om personar med utanlandsk lærarutdanning som ikkje har yrkesgodkjenning i Noreg Det er framleis veldig mange utanlandskutdanna lærarar som ikkje har mastergrad, og som ikkje oppfyller kravet om 240 studiepoeng. Dei er likevel kvalifiserte lærarar der dei kjem frå, og kan vere erfarne, kompetente og motiverte. Sidan 2008 har Utdanningsdirektoratet, NOKUT og HK-dir godkjent over 5000 lærarar med utdanning og kvalifikasjonar frå andre land. Vårt inntrykk er at ein stor del av desse kan oppleve det som vanskeleg å nå opp i tilsettjngsprosessar. Årsaker til dette kan til dømes vere at dei ikkje har same akademiske grad som norskutdanna lærarar, eller at dei har berre eitt undervisningsfag, og/eller at undervisningsfaget ikkje er særskilt relevant i norsk kontekst. Vi meiner forslaget spesielt kan vere ei god løysing for desse utanlandskutdanna lærarane, som treng meir utdanning for å kunne få godkjenning som lærar i Noreg. Vi meiner likevel at departementet parallelt bør gjere ei overordna vurdering av kva tilbod som finst for utanlandskutdanna lærarar som ønsker godkjenning til yrket i Noreg, og korleis dei fungerer. Det finst no fleire variantar av utdanning som kan kvalifisere desse personane til yrket, slik som kompletterande utdanning og eventuelle andre vidareutdanningar. Den kompletterande utdanninga blir per i dag tilbode som eit løp på 120 studiepoeng, og byggjer på anna høgare utdanning, men resulterer etter det vi kjenner til ikkje i mastergrad. Dette gjer at arbeidssøkjande lærarar kan bli mindre attraktive på arbeidsmarknaden, av di kompetansen ser svakare ut enn for dei som har oppnådd slik grad. Det er naudsynt å sjå på dette feltet som heilskap, for at det ikkje skal bli fleire moglegheiter til å velje «feil» vidareutdanning, med resultat at gode og motiverte lærarar mistar sjansen til å kvalifisere seg for yrket og kome i arbeid raskt og utan omvegar. Generelt bør det sjås på å utvikle desentraliserte og modulbaserte løysingar som gjer det mogleg å kvalifisere fleire personar som allereie har store delar av den kompetansen og erfaringa som skal til for å vere ein god lærar. Kunnskapsdepartementet Til høringen Til toppen <div class="page-survey" data-page-survey="133" data-page-survey-api="/api/survey/SubmitPageSurveyAnswer" data-text-hidden-title="Tilbakemeldingsskjema" data-text-question="Fant du det du lette etter?"