Dispensasjon frå nivåkrava til grunnskulelærarutdanninga
HVO anerkjenner behovet for å utdanne fleire lærarar og set pris på at regjeringa ønskjer å gjere ulike tiltak for å betre rekrutteringa til læraryrket. Det er likevel ulike syn internt på HVO om ein bør gjere noko med nivåkrava eller ei. Nokre ønskjer halde fast på alle nivåkrava, nokre ønskjer fritak frå 4’ er kravet i matematikk, og andre ønskjer at opptakskrava til grunnskulelærarutdanningane bør vere generell studiekompetanse.
Rekrutteringa til grunnskulelærarutdanningane ved HVO er kritisk låg i år. Vi har dessutan hatt ein stor nedgang i søkjartala dei siste fire åra. Det er difor grunn til å vere særleg bekymra for lærarrekruttering i «vår» region, nordvestlandet. Eit tiltak for å auke søkjartal på kort sikt er å søke dispensasjon frå dei særskilte opptakskrava til grunnskulelærarutdanninga. Etter grundig drøfting i leiing og fagmiljø har vi kome fram til at inntakskvaliteten ikkje er avgjerande, og vi er meir opptekne av kompetansen lærarstudentane har når dei er ferdig utdanna. Vi finn det også bekymringsfullt at det i ein del kommunar er så mange som tjue prosent ufaglærte lærarar. HVO veljar, i dagens situasjon med underdekning av søkjarar til våre lærarutdanningar, å vera pragmatiske ved å leggja vekt på å fylla så mange studieplassar som mogleg. HVO vil difor ta i bruk overgangsordninga for lærarutdanningane for opptak via ledige studieplassar i 2024.
Vi planlegg og vurderer fleire tiltak for å imøtekome ein mogleg lågare inntakskvalitet og eit strev studentar kan ha i overgang til rolla som lærarstudent. , med føremål å styrke fagleg og sosial handtering av studiet. Tett kontakt mellom faglærarar og studentar har vore ein av styrkane til grunnskulelærarutdanninga i HVO, og dette vil også vere ein grunnidé bak våre kompenserande tiltak.
Sjølv om vi har søkt dispensasjon frå nivåkrava ønskjer vi å peike på at mål i Meld. St. 20 (2023-2024) er at opptakssystemet til høgare utdanning skal bli meir forståeleg, føreseieleg, effektivt og rettferdig. Eit system der nokre UH-institusjonar søkjer unntak frå nivåkrav og andre ikkje, vil ikkje bidra til at opptaket til grunnskulelærarutdanningane vert meir forståeleg eller rettferdig. Det vil derimot bli vanskelegare for potensielle søkjarar å orientere seg om kvar dei bør/kan/skal søkje. Ei ordning med ulike krav til søkjarane ut i frå lokale reglar, vil ikkje fremje den likebehandlinga av studentane som KD melder i stortingsmeldinga at ein ønskjer seg. Endringa vil heller ikkje bidra til at opptakssystemet vert meir effektivt.
Om ordninga med dispensasjon skal gjelde, må den vere meir føreseieleg enn det vart lagt opp til i 2024. Det vil seie at vi må ha avklara før utlysing (1. februar) om vi ev. får innvilga dispensasjon frå opptakskrava. Det er uheldig for søkarane at opptakskrava vert endra undervegs i eit opptak, og dette bør ein unngå i framtida. Trass i dispensasjon frå opptakskrava, bør opptaket til Grunnskulelærarutdanningane ligge til Samordna opptak. Vi reknar med at departementet/HK-direktoratet har løysingar for dette i framtida.
Vi er også skeptiske til at ein skal ha ulike opptakskrav knytt til dei ulike UH-institusjonar, og vi håpar difor at det vert lagt opp til felles opptakskrav i framtida og at ordninga med å kunne søke om dispensasjon ikkje vert permanent.
I tillegg signaliserer KD at ein på sikt vil kunne gå vekk frå nivåkrav dersom det viser seg at UH som tek inn studentar med unntak frå nivåkrav likevel utdannar gode lærarar. Vi er usikre på korleis det skal dokumenterast at desse lærarane er gode – om ikkje fullført lærarutdanning er tilstrekkeleg. Vi meiner at desse signala om moglege framtidige endringar gjer systemet mindre føreseieleg, ikkje meir.

Tre forslag til endringar i høve praktisk pedagogisk utdanning
Forlenging av fritaket frå masterkravet for søkjarar med bachelor i praktisk-estetiske fag fram til 2030.
Ved HVO er det ulike syn på forslaga knytt til PPU. Dei fleste finn forslaget om å forlenge fritaket frå mastergrad for søkjarar med bachelorgrad i praktisk-estetiske fag til 2030 som uproblematisk. Eit slikt fritak er godt forankra på HVO, det er velutprøvd, og det er klare avgrensingar i fritaket. Det er no krav om 120 studiepoeng i skulefaget, og minimum C i snitt på heile grada.
Eit fleirtal ønskjer også at masterkravet for opptak til PPU blir heilt fjerna. Andre er opptekne av at all lærarutdanning bør vere på masternivå. Dei som ønskjer fjerne masterkravet peikar på at det manglar kvalifiserte lærarar innan dei praktiske og estetiske faga i skulen, og at dagens lærarutdanning ikkje klarer å rekruttere nok lærarar innan desse faga. Reformene i lærarutdanningane dei siste åra har redusert talet på formelt utdanna lærarar i dei praktiske og estetiske faga, som vidare har gått ut over lærarrekrutteringa, særleg i distrikta. Tidlegare hadde ein større del av lærarane praktiske og estetiske fag som del av si lærarutdanning. Slik er det ikkje no, og snittalderen for lærarar med utdanning i til dømes kunst og handverk og musikk i skulen går opp. På sikt vil kompetansebehovet i skulen bli enno større. I følgje statistikk for høgare utdanning vart 2636 kandidatar utdanna på denne måten i perioden 2020-2022, men det trengs fleire. Dei visar vidare til at mange lærarar innan praktiske og estetiske fag også er ressurspersonar i lokalsamfunnet, kanskje som lærarar i kulturskule eller innan frivillig idretts- og kunst- og kulturliv. For at born og unge skal kunne utvikle seg innan desse områda trengs fleire kompetente lærarar. Opplæringslova, læreplanen og rammeplanen for kulturskulen framhevar at samarbeid mellom skule og kulturskule er viktig. Faglærarar innan dei praktiske og estetiske faga er difor avgjerande. I lys av utfordringar med fråfall frå læraryrket kan ein hevda at «PPU-vegen» er viktig og relevant. Ei høyrer om nyutdanna lærarar som kjem ut i jobb og må undervise i fag dei ikkje har utdanning i, og som etter få år i yrket ikkje ønsker å halde fram. Praktiske og estetiske fag er blant dei undervisningsfaga i skulen med færrast fagkompetente lærarar, og det er lett å hevde at det kan vere ein samanheng her.
Dei som vil behalde masterkravet peikar på at ein må unngå at PPU vert ei lærarutdanning på bachelornivå som kan bidra til å svekke lærarane sin status. Ein har også ei bekymring når det gjeld å lette på krava for å kome inn på PPU, samstundes som ein opprettheld nivåkrava for opptak på grunnskulelærarutdanninga. Dette vil kunne føre til ei nedbygging av grunnskulelærarutdanningane, og den store taparen vert skulen, som vil få lærarar med færre undervisningsfag.
Opning for søkjarar med relevant bachelorgrad og minimum to år erfaring frå skulen .
HVO er også noko delt når det gjeld forslaget om å opne opp for søkjarar med relevant bachelorgrad og minimum to år erfaring frå skulen. Enkelte fryktar også her at forslaget kan bidra til å svekke grunnskulelærarutdanningane og dermed rekrutteringa til læraryrka i distrikta. Også dei som er positive etterlyser klare reglar for korleis dette skal praktiserast. Kor stor del av bachelorgrada skal vere knytt til eit skulefag? Er det til dømes nok å ha undervisningskompetanse i eitt fag? Må ein også kunne undervise i dette på vidaregåande nivå? Det er viktig at det er nasjonale reglar på dette, slik at ikkje institusjonane blir freista til å vere for liberale. Høgskulen i Volda føreslår krav om C i snitt og minimum 60 studiepoeng som er relevante for undervisning i fag.
Vidare stiller nokre spørsmål ved om det er fornuftig å ha ei ordning som stimulerer dei svakaste studentane til å jobbe ufaglært som lærar før dei startar på PPU. Slik forslaget frå regjeringa er no, vil ein student med ein bachelor i eit praktisk-estetisk fag t.d. 120 stp. i kroppsøving og 60 stp. i norsk kunne få seg jobb som ufaglært lærar i to år, og vere kvalifisert til PPU, trass i at vedkomande ikkje har C i snitt. Det vil truleg vere betre for skulen om studenten tar PPU først.
Opning for at institusjonane kan ta 2-årig mastergrad med PPU (120 stp.) eller erfaringsbasert mastergrad med PPU (90 stp.)
HVO er positiv til å greie ut mogelegheita til ein toårig PPU-master, men kan ikkje i dag sjå gode løysingar på korleis ein kan gjere dette utan vesentleg reduksjon av kvaliteten. Vi ber difor om meir tid til å lage gode løysingar. HVO meiner det er viktig at det vert laga nasjonale føringar på korleis ein slik master skal byggast opp. Her bør UHR-LU få sett ned ei gruppe som lagar nasjonale retningsliner for ei slik utdanning. Vi må sikre at dei som tek ein PPU-master får både god pedagogisk kompetanse, samtidig som dei får moglegheit til å bygge seg opp ein god, fagleg masterkompetanse. Pr. no kan det verke som mykje «å presse inn» på kort tid.
Dersom masterkravet for opptak til PPU ikkje blir fjerna permanent, vil ein integrert PPU-master vere særs aktuell for dei av studentane som ser føre seg å undervise i grunnskulen eller kulturskule. Eit slikt løp vil gjere at studentane potensielt kjem ut i jobb eitt år tidlegare enn om dei tek BA + MA + PPU, noko som i sin tur bidreg til å auke talet på kvalifiserte lærarar innan til dømes dei praktiske og estetiske faga.
Oppsummert PPU-forslaga
Alle desse tre vegane vil vere med på å gjere det lettare for personar med variert bakgrunn å kome inn i læraryrket. Dette kan vere positivt for norsk skule både fordi det i dag er stor mangel på kvalifiserte lærarar, men også fordi det er eit stort behov for å få meir mangfald inn i norsk skule. Gjennom å kvalifisere desse, vil vi kunne få fleire med variert fagbakgrunn og variert yrkesbakgrunn inn i skulen.
Desse potensielle studentane er i stor grad i ei livsfase som gjer det lite aktuelt å starte på ei femårig utdanning. Difor er det samla sett gunstig å kunne gi dei ei kortare utdanning som verdsett den kompetansen dei allereie har. Gjennom å kunne opne opp for at desse kan bli kvalifiserte lærarar, vil vi kunne rekruttere fagpersonar som i dag ikkje ser det som aktuelt å starte på lærarutdanning.
Fleire ved HVO har også som nemnt ei bekymring knytt til kva denne endringa vil gjere i høve rekrutteringa til grunnskulelærarutdanninga, og ei gruppe peikar på at dersom det skal opnast for at søkjararar med relevant bachelorgrad skal kunne søkje 60 stp. PPU for å få godkjent lærarutdanning, bør det opprettast ei liknande ordning for søkjarar som ønskjer å kvalifisere seg for å undervise på 1.-4. trinn. Om ikkje, kan ein risikere at søkjarar vel å ta ein bachelor + PPU for å få ein kortare veg til læraryrket, utan at dette er til hjelp for lærarmangelen på 1.-4. trinn. Sekundært bør ein vurdere å endre krava til tilsetting og undervisning på 1.-4. trinn i forskrift til opplæringslova, slik at lærarar med PPU kan undervise også her.
Silje Ims Lied Odd Helge Mjellem Tonheim
Dekan, Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning Rektor