🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen Med merknad
Til horingen: Høring - forslag om endringar i forskrift om opptak til høgare utdanning og fors...

OsloMet – storbyuniversitetet

Departement: Familiedepartementet
Dato: 07.06.2024 Svartype: Med merknad Høyring – forslag om endringar i forskrift om opptak til høgare utdanning og forskrift om rammeplan for praktisk-pedagogisk utdanning OsloMet – storbyuniversitetet (OsloMet) viser til brev frå Kunnskapsdepartementet (KD) 23. april 2024, med forslag om endringar i forskrift om opptak til høgare utdanning og forskrift om rammeplan for praktisk-pedagogisk utdanning. OsloMet meiner at dei spesielle opptakskrava som gjeld for opptak til dei femårige grunnskolelærarutdanningane og sjukepleiarutdanningane ikkje bør endrast. Gode kunnskapar i norsk og matematikk er naudsynte for å sikre opptak av studentar med tilstrekkeleg grunnlag i desse sentrale faga til å gjennomføre utdanninga og oppnå naudsynt sluttkompetanse. OsloMet meiner likevel at desse spesielle opptakskrava ikkje nødvendigvis treff like godt for lærarutdanninga i praktiske og estetiske fag, design, kunst og handverk. Vi har derfor søkt om dispensasjon frå alle nivåkrav til dette studiet. Prinsipielt meiner OsloMet også at det er uheldig å innføre endringar i opptakskrava undervegs i eit opptak. Av rekrutteringsomsyn vil det likevel opnast for lokalt opptak til lærarutdanninga i praktiske og estetiske fag, om søknaden om dispensasjon blir innvilga. KD ber om innspel på spørsmålet om klageinstans for søknader om opptak som på grunn av overgangsordninga blir handsama i lokalt opptak. OsloMet meiner at nasjonal klagenemnd bør vere klageinstans i desse sakene, sidan det berre er manglande teknisk løysing som gjer at desse sakene må handsamast lokalt. Studia er i hovudopptaket med i det samordna opptaket, og sakene fell såleis logisk inn under den nasjonale klagenemnda sitt ansvarsområde. OsloMet meiner at ein «PPU-master» innan estetiske fag kan vere eit nyttig supplement til den femårige lærarutdanninga (LUPE). OsloMet ønsker ei parallell satsing på dei femårige lærarutdanningane og arbeidet med eit integrert PPU-masterløp slik at det er fleire vegar inn i lærarprofesjonen for estetiske fag. Det er viktig at lærarar i praktiske og estetiske fag ikkje har lågare kompetanse enn andre lektorar i skulen. OsloMet støttar likevel forslaget om ei forlenging av unntaket om krav til mastergrad for opptak til PPU i praktisk-estetiske fag fram til 2030. OsloMet ønsker vidare at det vert gjort endringar i opptakskravet som i dag lyder «en bachelorgrad i utøvende eller skapende kunstfag i finansieringskategori A eller B, med minimum 180 studiepoeng i kunstfaget». I ny finansieringsordning eksisterer ikkje desse kategoriane, og allereie no opplevast dei ikkje som relevante sidan mange utdanningar har utøvande grad utan å få finansieringskategorien A eller B. Det er også svært uheldig for studentar som søker opptak, sidan det er nærast umogleg for dei å vite kva for studium som er i dei ulike finansieringskategoriane. Punktet om finansieringskategoriar bør derfor fjernast. Vi er skeptiske til ei endring i opptakskrav for PPU i fellesfaga i skulen. Det vil kunne undergrave femårig grunnskulelærarutdanning og femårig integrert lektorutdanning. Det vil kunne verke enklare å bygge på med PPU enn å søke seg inn på dei femårige masterløpa, og på den måten vil ordninga kunne tappe dei femårige løpa for søkarar. Kunnskapsdepartementet Til høringen Til toppen <div class="page-survey" data-page-survey="133" data-page-survey-api="/api/survey/SubmitPageSurveyAnswer" data-text-hidden-title="Tilbakemeldingsskjema" data-text-question="Fant du det du lette etter?"