Dato: 07.06.2024 Svartype: Med merknad Høyringsfråsegn om framlegg til endringar i nivåkrav ved opptak til høgare utdanning og opptak til praktisk-pedagogisk utdanning Språkrådet viser til høyringsbrevet frå Kunnskapsdepartementet datert 23. april 2024 om framlegg til endringar i forskrift om opptak til høgare utdanning og forskrift om rammeplan for praktisk-pedagogisk utdanning. Språkrådet er statens forvaltningsorgan i språkspørsmål og følgjer opp den norske språkpolitikken på oppdrag frå Kultur- og likestillingsdepartementet. Systemendringar på utdanningsfeltet skal vere i tråd med språklova Føremålet med språklova er å styrkje norsk språk slik at det blir verande eit samfunnsberande språk som skal kunne brukast på alle samfunnsområde og i alle delar av samfunnslivet i Noreg. I proposisjonen til språklova står det at «kunnskaps- og utdanningspolitikk er viktig språkpolitikk», og at språkpolitiske vurderingar, medrekna omsynet til ulike språklege mindretal, er særleg viktige når det skal gjerast større systemendringar på utdanningsfeltet. I proposisjonen står det også at det skal leggjast til rette for at nynorskelevar og bokmålselevar får eit likeverdig høve til å meistre sitt eige språk.[1] Det føreset at styresmaktene sikrar at lærarane har den kompetansen som krevst. Språkrådet åtvarar mot systemendringar som kan vere med på å svekkje kvaliteten på lærarutdanninga og såleis opplæringa i skulen. Endringsframlegga som no er på høyring, er av ein slik karakter. Bakgrunnen for endringsframlegga er behovet for auka rekruttering. På same måte som departementet er Språkrådet uroa for rekrutteringa til lærarutdanningane og læraryrket, men rådet meiner at å senke nivåkravet ved opptak til lærarutdanningane eller å tilby ein kortare veg til læraryrket er ei løysing som vil svekkje kompetansen til lærarane og kvaliteten på profesjonsutdanningane. Dispensasjon frå karakterkravet i norsk Språkrådet stør ikkje framlegget frå departementet om at institusjonar skal kunne fråvike karakterkravet på 3,0 i norsk. God norskkompetanse hos lærarane er avgjerande for god opplæring i absolutt alle fag, og difor viktig i alle læraryrke. Ny toårig PPU-master I dag finst det fleire vegar til læraryrket. Ein rapport Språkrådet publiserte i 2023, viser at over halvparten av lærarstudentane som vart uteksaminerte i 2022, tok PPU-master eller femårig lektorutdanning.[2] PPU-master er altså allereie ein populær veg til læraryrket. Framlegget frå Kunnskapsdepartementet om å innføre ein toårig PPU-master vil gjere at det noverande studieløpet for dei som tek PPU, blir eitt år kortare. Språkrådet er kritisk til endringa og meiner at det å innføre ein toårig PPU-master kan bidra til å svekkje lærarutdanninga samla sett. Vi finn ikkje grunnlag for å tru at læraryrket blir meir attraktivt ved at ein svekkjer krava til opplæring. Det er meir sannsynleg at studentar som elles ville valt femårige lærarutdanningsprogram, kan kome til å velje ein toårig PPU-master dersom ein opnar for det. Det er særs uheldig viss eit slikt kortare utdanningsprogram stel studentar frå dei eksisterande lærarutdanningsprogramma. Departementet burde i staden satse på dei eksisterande programma og gjere dei meir attraktive. Språkrådet er særleg uroa for kva språkfagleg kompetanse lærarstudentane vil sitje att med etter eit kortare og lettare utdanningslaup. I Rapport om norsk, særleg nynorsk, i lærarutdanningane blir det avdekt at det i dag berre er studentane som tek lektorutdanning med norskfaglege emne, og studentar som tek PPU med norsk i botnen, som blir vurderte i norsk (bokmål og nynorsk). [3] Det kjem av at rammeplanar og studieplanar ikkje inneheld krav om språkkompetanse. I dag er det berre forskriftene for rammeplan for grunnskulelærarutdanninga (både trinn 1–7 og trinn 5–10) som seier noko om språkkompetansen til studentane. [4] Språkrådet meiner det er ein alvorleg mangel ved dei eksisterande lærarutdanningane, og meiner at mangelen bidreg til den uheldige utviklinga vi ser i skulen, med stadig dårlegare skrive- og lesekompetanse hjå elevane. Ei ny kartlegging som Språkrådet lanserte i år, Norsklærerens kompetanser, roller og ansvar , viser at langt over halvparten av respondentane ikkje meiner å ha fått tilstrekkeleg kunnskap om skriveutvikling og skriveopplæring gjennom grunnutdanninga si. [5] Berre halvparten kjenner seg rusta til å undervise i sidemål. [6] Dersom det blir innført ein toårig PPU-master, må det kome tydelege krav om språkkompetanse i rammeplanen for utdanninga. [1] Prop. 108 L (2019–2020) (regjeringen.no), s. 58 [2] Rapport om norsk, særleg nynorsk, i lærarutdanningane (sprakradet.no), s. 42 [3] Rapport om norsk, særleg nynorsk, i lærarutdanningane (sprakradet.no), s. 53 [4] Rapport om norsk, særleg nynorsk, i lærarutdanningane (sprakradet.no), s. 55 [5] Norsklærerens kompetanser, roller og ansvar (sprakradet.no), s. 29 [6] Norsklærerens kompetanser, roller og ansvar (sprakradet.no), s. 42 Kunnskapsdepartementet Til høringen Til toppen <div class="page-survey" data-page-survey="133" data-page-survey-api="/api/survey/SubmitPageSurveyAnswer" data-text-hidden-title="Tilbakemeldingsskjema" data-text-question="Fant du det du lette etter?"