Til forslag om å oppheve nivåkrav for opptak til sjukepleiarutdanningane:
UiA stiller seg positive til departementet sitt forslag om å oppheve nivåkrava for sjukepleiarutdanninga.
Bakgrunnen for at UiA stiller seg positive til forslaget er at det er lite som tyder på at opptakskrava for sjukepleiarutdanninga har ført til auka kvalitet på studiet, sjå Meld. St. 20 (2023-2024). Vi er også samde i departementets vurdering om at opphevinga av nivåkrava vil føre til at fleire kjem inn på studiet og vidare ut i arbeid, i staden for å bruke tid på å forbetre karakterar.
Nivåkravet i norsk for opptak til sjukepleie vart innført for å sikre tilstrekkeleg språkkompetanse, fordi studiet krev evne til både skriftleg og munnleg kommunikasjon. Lærestadene registrerer likevel at fleire studentar med anna morsmål enn norsk og som har bestått norskfaget og oppnådd nivåkravet, ikkje har tilstrekkelege norskkunnskapar til å gjennomføre studiane. Dette er ein problemstilling det uansett bør sjåast nærare på, uavhengig av om dagens nivåkrav fell bort.

Til forslag om å innføre ein dispensasjonsordning frå nivåkrava for lærarutdanningane:
UiA er positive til departementets forslag om å innføre dispensasjonsordning frå nivåkrava for lærarutdanninga. Vidare bør dispensasjonens varigheit presiserast, av omsyn til forutsigbarheit for potensielle søkjarar.
Til forslag om endringar i forskrift om rammeplan for praktisk pedagogisk utdanning:
UiA stiller seg positive til departementets forslag om endringar i forskrift om rammeplan for praktisk pedagogisk utdanning.