🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen Med merknad
Til horingen: Høring Forskrifter til universitets- og høyskoleloven

Høgskulen på Vestlandet

Departement: Kunnskapsdepartementet
Dato: 21.05.2024 Svartype: Med merknad Vi viser til høyringsbrev frå Kunnskapsdepartementet, datert 19. mars 2024, og takkar for moglegheita til å uttale oss om forslag til ny struktur for forskrifter til ny universitets- og høgskulelov. Høgskulen på Vestlandet er i all hovudsak positiv til forslaget. Vi ser det som tenleg å samle fleire forskrifter i éi sentral forskrift, samt at forskrift for opptak til høgare utdanning framover berre omhandlar opptak til studium. Vi har likevel nokre merknadar til forslaget. Kapittel 5 gjer regelverket knytt til målform på eksamen meir tilgjengeleg for studenten. Kapittelet regulerer unntak og klagerett på vedtak om unntak, inkludert kvar studenten skal rette klagen sin. Som departementet viser til, er utfordringa i hovudsak knytt til etterleving av hovudregelen om retten til valfri målform. I desse tilfella er det ikkje gjort unntak, og studenten har dermed fått ivareteke retten sin til å gjennomføre eksamen på hovudmålet sitt. I lys av føremålet med revisjonen om betre brukarvenlegheit med regelverket, foreslår vi at kapittel 5 òg gir studenten rett til å klage når institusjonen ikkje har oppretthaldt plikta si etter § 5-1. Departementet viser til at feil målform på eksamen ikkje er eit enkeltvedtak. Brot på etterleving av hovudregelen i § 5-1 kan derfor ikkje klagast på etter reglane om formelle feil i universitets- og høgskulelova § 11-9. Vi ser det slik at institusjonen har gjort feil når plikta etter § 5-1 ikkje er haldt, og at feilen kan ha hatt betydning for studenten sin prestasjon under eksamen. Særleg gjeld dette om studenten har lese- og skrivevanskar. Det vil styrke studenten sin rettstryggleik om studenten har moglegheit til å klage på denne type feil. Medhald i slike klager kan for eksempel gi same rettsverknad som medhald i klage på formelle feil etter § 11-9, det vil sei at studenten får att forsøket sitt. Til forslaget til § 5-2, som gjeld unntak frå kravet etter § 5-1, ser vi det slik at forslaget må sjåast i samanheng med universitets- og høgskulelova § 10-5 om institusjonen si plikt til å leggje til rette for studentar med funksjonsnedsetjingar. Etter rammeplan for grunnskulelærarutdanninga 1. til 7. trinn § 6 andre ledd, kan det bli gitt fritak for eksamen i sidemål om studenten har hatt fritak i vidaregåande opplæring. Fritak er dermed vurdert som fagleg forsvarleg. Ei av årsakene til at elevar i vidaregåande opplæring får fritak, er at eleven har lese- og skrivevanskar. Ved opptak til høgare utdanning slepp studenten dokumentere grunngjevinga som ligg til grunn for vedtaket om fritak. Vi legg derfor til grunn at studenten har ei funksjonsnedsetting som kan vere ei ulempe i møte med sidemål. Når eksamensoppgåva berre blir gitt på studenten sitt sidemål, oppstår spørsmålet om studenten har rett på tilrettelegging etter § 10-5, slik at institusjonen likevel må utarbeide oppgåva på studenten sitt hovudmål. Dette vil i så tilfelle bli eit unntak frå unntaksregelen. Eit slikt unntak bør kome tydeleg fram i § 5-2. Til kapittel 6 om politiattest støttar vi ikkje forslaget om å ta ut reglar for saksbehandling. Studentar med merknad på politiattesten har allereie starta studiet på tidspunktet institusjonen begynner behandlinga av saka. Konsekvensen av å ikkje få delta i praksis er stor, noko som talar for at studenten bør få rask avklaring. Forvaltningslova § 11 a første ledd set krav om enkeltvedtak skal avgjerast "uten ugrunnet opphold". Ordlyden har ei vag formulering samanlikna med dei prosessuelle fristane i gjeldande forskrift om opptak til høgare utdanning kapittel 6. Vi erfarer det som positivt at institusjonen i desse sakene har klare fristar å halde seg til, og det er risiko for at forslaget vil resultere i lenger sakshandsaming enn det regelverket legg opp til i dag. Det er òg vårt syn at gjeldande § 6-7 bør vidareførast. Regelverket bør gjere det tydeleg for studenten kva som blir konsekvensen av å ikkje leggje fram politiattest. Det vert då meir føreseieleg for studenten at institusjonen ikkje vil utferde vitnemål dersom studenten enten ikkje leverer politiattest eller ikkje leverer nødvendig dokumentasjon. Ei vidareføring av § 6-7 er òg til nytte for institusjonen i rettleiinga til studenten både før og etter opptak. Fristen for å levere politiattesten er i § 6-2 sett til «tre uker etter at [studenten] aksepterte tilbudet om studieplass». Konsekvensen av at politiattest ikkje blir lagt fram er at studenten ikkje har rett til å delta i klinisk undervisning eller praksis», jf. § 6-3 i forslaget. Vi tolkar forskrifta som at den gir institusjonen heimel til å praktisere fristen absolutt. Det vil sei at ein student som leverer politiattest etter fristen, kan bli nekta å delta i all klinisk undervisning og praksis som inngår i det aktuelle studiet. Studenten kan altså ikkje reparere ei fristoversitjing ved å levere politiattest på eit seinare tidspunkt og får heller ikkje nokon ny frist til å levere i løpet av studiet. Dersom ein student ikkje leverer politiattest innan fristen, må vedkommande slutte på studiet og søke seg inn på nytt dersom hen skal få anledning til levere politiattest og dermed kunne delta i klinisk undervisning eller praksis. Samtidig tolkar vi forskrifta som at den gir institusjonen høve til å praktisere fristen meir fleksibelt enn det ordlyden legg opp til dersom dei ønsker det, jf. ordlyden «har ikke rett til» i § 6-3. Vi forstår det som at institusjonen kan velje å gi ein lengre frist for å levere politiattesten, eller gi studentane høve til å reparere ei fristoversitjing ved å levere politiattest seinare, så lenge politiattest utan merknad vert levert før studenten skal delta i klinisk undervisning eller praksis. HVL er delt om forslaget til å inkludere forskrift om skikkethetsvurdering i høyere utdanning i ny forskrift. Vi ser at forslaget støttar opp om intensjonen om å unngå eit fragmentert regelverk. Skikkaforskrifta er derimot omfattande og vil etter vårt syn gjere ny forskrift unødig lang. Institusjonane er godt kjent med forskrifta, og studentane vert gjort kjent med reglane om løpande skikkavurdering gjennom universitets- og høgskulelova, institusjonen si lokale forskrift og informasjonsarbeid knytt til skikkaheit. Departementet sine vurderingar og forslag til kapittel 9 om videoopptak for praksis i lærarutdanningane er vi positive til. Samstundes ser vi at videoopptak har ei side til universitets- og høgskulelova § 11-9 om formelle feil på eksamen. I dag er praksis slik at formelle feil i praksisopplæring ikkje kan rettast ved ny sensur fordi praksis ikkje er etterprøvbar. Sjølv om studenten får medhald i klage på formelle feil, må studenten likevel gjennomføre praksisemnet på nytt. Om den formelle feil kan knytast til hendingar som er dokumentert med videoopptak, ser vi det slik at videoopptaket kan vere eigna til å etterprøve praksis. Studenten vil ha tilgang til opptaket i portefølja si, og opptaket kan dermed fungere som saksdokument i sak om klage på formelle feil. I sak om klage på formelle feil kan òg institusjonen bruke opptaket for å underbygge argument om at det ikkje har skjedd formelle feil. Vi ser det slik at dette er i tråd med formålet med databehandlinga om å bidra til studenten si utvikling som profesjonsutøvar. Kunnskapsdepartementet Til høringen Til toppen <div class="page-survey" data-page-survey="133" data-page-survey-api="/api/survey/SubmitPageSurveyAnswer" data-text-hidden-title="Tilbakemeldingsskjema" data-text-question="Fant du det du lette etter?"