Dato: 21.05.2024 Svartype: Med merknad Høyringssvar frå Nynorsksenteret til framlegget til ny universitets- og høgskoleforskrift Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa (Nynorsksenteret) vil komme med nokre kommentarar til framlegget til ny forskrift, og vi konsentrerer oss om kapittel 5 Skriftspråk ved eksamen. Først vil vi kommentere at saksutgreiinga er grundig og peiker på dei områda som har vore særleg problematiske for nynorskstudentane, nemleg at dei ikkje har fått eksamensoppgåver på eige skriftspråk. Vi synest det nye framlegget til forskrift er klarare enn den førre, og får fram dei pliktene UH-institusjonane faktisk har. Det er også bra at krava til statlege og private institusjonar blir heimla i den same forskrifta. Vi vil understreke at det er viktig at systema for å kunne velje eksamensspråk fungerer, slik at dei som ønskjer nynorsk faktisk får til å velje det. Det må også vere ei plikt for den enkelte institusjonen å sørge for at den nynorsken som blir brukt i eksamensoppgåvene er innanfor gjeldande rettskriving og er til å forstå for studentane. Det er også bra at klageretten studentane har kjem fram i eige punkt i forskrifta. Men vi er uroa for at den rolla særleg Språkrådet (og t.d. Norsk målungdom) har hatt når det gjeld klagesaker og vidare påpeiking til UH-institusjonane, ikkje lenger får same status. Det er positivt at det vert lagt opp til unntak for kravet til eksamensoppgåver på både nynorsk og bokmål når målet med den aktuelle eksamenen er å prøve ferdigheiter i anten nynorsk eller bokmål, som er særleg viktig for at lærarstudentar skal kunne få den språkkompetansen lærarprofesjonen krev av dei. Vi er også glade for at det blir slått fast i saksutgreiinga at manglande kunnskapar i nynorsk eller bokmål ikkje er ein særleg grunn for unntak frå forskrifta. Dette punktet er så viktig at det bør stå i sjølve forskriftsparagrafen. Vi kan tru at ei klar formulering der vil kunne hindre det som blir skrive i saksframlegget om at lovbrota skjer fordi UH-institusjonane ikkje oppfyller hovudreglane i forskrifta, ikkje som brot på unntaksreglane. Derfor foreslår vi ei endra formulering i §5-2, andre avsnitt: Institusjonene kan også vedta unntak for enkelt eksamener dersom andre særlige grunner taler for det. Unntak må vedtas senest tre måneder før den aktuelle eksamenen avholdes, og unntaket gjelder for et semester. Manglende kunnskaper i nynorsk eller bokmål er ikke en særlig grunn . Kunnskapsdepartementet Til høringen Til toppen <div class="page-survey" data-page-survey="133" data-page-survey-api="/api/survey/SubmitPageSurveyAnswer" data-text-hidden-title="Tilbakemeldingsskjema" data-text-question="Fant du det du lette etter?"