2-2, 1. avsnitt:
Inventar bør vera med på lista over kva ein kan få tilskot til. Inventar er teke med i teksten i fjerde avsnitt og det gjev inntrykk av at ein også har tenkt på inventar når ein har skrive interiør.
4-4 Storleiken på tilskot:
Delen støtte ein kan få til prosjekta er særs låg for dei «minste» tiltaka. Vi er redde for at ein slik låg tilskotssats i for liten grad vil oppmuntra til å ta tak i bygget sine utfordringar tidleg nok. Det er viktig å løysa problem medan dei er overkommelege, framfor at prosjekta blir utsette på grunn av manglande finansiering. Takten av forfall aukar fort så lenge det ikkje blir gjort noko for å førebyggja. Slik sett ville det vera god økonomi i å gje like stor del støtte til «små» og tidlege tiltak som til store og krevjande prosjekt. Store prosjekt krev også ekstra stor innsats i prosjektdrift, bl.a. med synfaringar og hyppige møte mellom byggeigar, prosjektorganisasjon, riksantikvar, biskop og andre interessentar i prosjekta. I samband med ein kyrkjekonferanse i Etne 8. november 2017 vart det frå rådmannen i Kvinnherad kommune (der det er 11 kyrkjer) sagt at kommunen forventar at kyrkjeleg fellesråd opptrer profesjonelt. Det betyr at ein legg planar for til dømes vedlikehald for fleire år framover. Det er viktig at stønad gjennom bevaringsprogrammet på ein god måte kan kombinerast med langsiktig planlegging, slik at tildelingar støttar opp om langsiktig førebyggjande arbeid og ikkje berre «skippertak» av store vøler.
I Bjørgvin er det nokre kommunar med få innbyggjarar som har fleire verna (forstått som fellesnemning for listeførte, verna og freda) kyrkjer. Det er positivt at ein i slike kommunar kan få auka stønad ved tiltak i kyrkje nr. 2 og vidare, men vi synest omfanget av denne stønaden gjerne kunne aukast enno meir. Bortsett frå Bergen, er alle desse i nokså små kommunar som kan ha så mykje som 8 verna kyrkjer av totalt 11 (Kvinnherad) eller 6 av totalt 10 (Luster), for å ta to av dei største. Heile 12 fellesråd har 4 verna kyrkjer eller meir. I tillegg har mange av desse og andre kommunar med meir enn ei verna kyrkje ofte fleire kyrkjebygg som ikkje er verna, men som likevel skal haldast ved like, så dei totale utgiftene for fellesrådet/kommunen kan vera veldig store.
Vi er kjent med høyringsuttalane til bl.a. Kyrkjerådet og KA, og meiner begge desse innheld mange viktige poeng som det må leggast vekt på i arbeidet med å gjera forskrifta som god som råd.