🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen Med merknad
Til horingen: Høring – Utkast til forskrift om tilskudd til kulturhistorisk verdifulle kirkeby...

Hjartdal kyrkjelege fellesråd

Departement: Familiedepartementet
Dato: 11.03.2024 Svartype: Med merknad Barne- og familiedepartementet Høyring – Utkast til forskrift om tilskott til kulturhistorisk verdifulle kyrkjebygg - Høringssvar fra Hjartdal kyrkjelege fellesråd Hjartdal sokneråd med fellesrådsfunksjon takkar for høvet til å avgje høyringsinnspel til forskriften om tilskudd til kulturhistoriske kirkebygg. Hjartdal sokn forvaltar tre listeførte kyrkjer: Tuddal kyrkje, byggeår 1790-åra, vigsla i 1796 Hjartdal kyrkje, byggeår 1808/1809, vigsla i 1812 Sauland kyrkje, byggeår 1850-1857, vigsla i 1859 I alle dei tre bygdene var det tidlegare stavkyrkjer frå om lag 1200-talet, i Tuddal har det vore to, ettersom den eldste brann i 1368/69. Dei tre kyrkjene er i dag i forholdsmessig god stand bygningsmessing. For Hjartdal sokneråd med fellesrådsfunksjon kan det sjølvsagt likevel i framtida blir aktuelt å søkje tilskott frå bevaringsprogrammet. Vi har full forståinga for at mellomalderkyrkjene i stein, som har størst vedlikehaldsetterslep vert priroitert i fyrste runde. For Hjartdals vedkommande, kan det, utfra den kunnskap vi har no, fyrst og fremst vere aktuelt å søke om midlar til el-anlegg, oppvarming og brannsikring. El-anlegga er pt i god stand, men det er ikkje brannsikring i kyrkjene. Generelt til forskrifta vil vi peike på: Vi meiner det er rett at staten tek ein god del av ansvaret for istandsetjing av kulturhistorisk verdfulle kyrkjebygg. Vi er likevel samde i at dette ikkje må frita kommunane for deira ansvar for å stille midlar til rådvelde for løpande vedlikehald, som jo bør vere jamnleg løpande innsats. Vi vil minne om at mange av kommunane har knappe økonomiske rammer, og at det er ei hovudårsak til manglande prioritering av vedlikehald og istandsetjing mange stader. Vi er difor sterkt kritiske til at den statlege andelen for prosjekt i storleiksorden 0-10 millionar kroner er føreslege så lågt som hhv 25 og 15 prosent. Også prosjekter til fleire millionar, men under 10, er en kraftig bøyg for mange kommunar. Det kan fort føre til utsetjingar, som igjen gjer at istandsetjingskostnadane aukar. Fleire av dagens tilskottsordningar har kommunal/lokal eigenandel på 40 prosent og statleg tilskottsdel på 60 prosent. Vi meiner dette bør vere eit minimum, dersom ordninga med bevaringsprogrammet skal fungere etter intensjonen. Den føreslegne ordninga med auka tilskott for dei minste kommunane i folketal med fleire verna eller listeførte kyrkjer er bra, men ikkje tilstrekkeleg. Det framstår som nyttig å dele ordninga med bevaringsprogrammet inn i fire innsatsområde. Vi vil minne om at mange kyrkjeeigarar til like med Hjartdal sokneråd med fellesrådsfunksjon har svært avgrensa med administrative ressursar, og at kravet til utgreiingar i samband med søknadar og istandsetjingsprosjekt, må stå i høve til dette. Administrativ ressurs er dimensjonert utfrå løpande drift av soknet. Vi helsar det nye bevaringsprogrammet for kulturhistoriske kyrkjer varmt velkomen, og ynskjer lukke til med førearbeid og gjennomføring. Denne høyringsfråsegna er handsama i ekstraordinært møte i Hjartdal sokneråd med fellesrådsfunksjon 10. mars 2024. Med helsing Hjartdal kyrkjeleg fellesråd Alf Rose Sørgaarden kyrkjeverje Barne- og familiedepartementet Til høringen Til toppen <div class="page-survey" data-page-survey="133" data-page-survey-api="/api/survey/SubmitPageSurveyAnswer" data-text-hidden-title="Tilbakemeldingsskjema" data-text-question="Fant du det du lette etter?"