Uttale frå Fitjar ungdomsråd
Fitjar Ungdomsrådet har sett og vurdert forslaget om endringar i personopplysingslova. Etter å ha drøfta forslaget ynskjer ungdomsrådet å stille seg bak delen av forslaget som omhandlar å auke aldersgrensa på sosiale media til 15 år.
Vi meiner at sosiale media medfører mange utfordringar og problemstillingar, særskilt når det vert brukt av ungdom. Ein ser og at barn som er under dagens aldersgrense har tilgang på sosiale media. Derfor meiner vi det vil vere positivt å auke aldersgrensa for å spreie ei halding og ein norm om at yngre ungdommar ikkje skal ha tilgang på TikTok, Snapchat eller andre sosiale media.
Ungdomsrådet meiner og at forslaget bør romma fleire løysingar for å sørge for at aldersgrensa vert overheldt i praksis. Vi meiner at å innføre krav om Bank-ID for å logge inn på sosiale media vil hjelpe å løyse utfordringa. På denne måten vil det vere vanskelegare for barn under aldersgrensa å få tilgang på plattformene.