Dato: 15.03.2024 Svartype: Med merknad Høyringssvar frå Akvahub AS til «Forskrift om kapasitetsjusteringer for tillatelser til akvakultur med matfisk i sjø av laks, ørret og regnbueørret i 2024» Som ein aktør innan forsking og utvikling for bærekraftig akvakultur i ein del av produksjonsområde 4, ynskjer Akvahub å gi våre innspel til den foreslåtte forskrifta om kapasitetsjusteringer. Vi står ved eit vendepunkt der valet av framgangsmåte for å utvikle næringa vil ha langsiktige konsekvensar for både miljøet og næringa. Det er avgjerande at rammene for havbruksnæringa støttar opp under både miljø- og økonomisk berekraft. Vi har merka oss dei forbedringane næringa har gjort gjennom koordinering, teknologi, og strategi med lavare mengde lus i vår region. Særleg har innsatsen mot lakselus og for miljøberekraft blitt styrka. Likevel, med dei stadige nedtrekka i produksjonskapasiteten, ser vi ein trend der oppdrettarane sitt fokus vert skifta frå innovasjon til overleving. Dette underminerer potensialet for bærekraftig vekst og utvikling. Det er bekymringsfullt at dei forespeila nye ordningane for miljøteknologi og miljøfleks ikkje har komt på banen, fleire år etter at desse er foreslått, spesielt når nedjusteringane i produksjonen held fram gong etter gong. Vi argumenterer for at det er kritisk å vente på havbruksmeldinga før det gjerast vedtak som skadar næringa irreversibelt i regionen. Denne meldinga kan potensielt, og bør, innehalde nye rammeverk som muliggjer eit enda større «grønt skifte» i havbruksnæringa og gjere det mogleg å vekse utan negativ miljøpåverknad, inkludert lakselus. Akvahub, gjennom vår arbeide og dialog med næringsaktørar, ser eit sterkt behov for insentivordningar som kan oppmuntre til investeringar i lukka teknologi, og ikkje minst gjere det økonomisk berekraftig. Veterinærinstituttet gav nyleg ut ein rapport (Frå rød til grønn kyst, Vet.inst., 2024) som peika på at ein overgang til om lag 20%-30% strategisk plassert lukka produksjon vil kunne være nok til å få produksjonsområda i Vestland Fylke inn i grønt trafikklys. Interessa blant oppdrettarane vi er i kontakt med tilseier at svært mange ser på denne teknologien som relevant å ta i bruk, men for dei aller fleste som i utgangspunktet er positive peiker dei likevel på manglande insentiv for miljøteknologi som eit hinder. Desse aktørane ønskjer, men ventar på at ordningane kjem på plass. Sjølv om fleire gjer desse investeringane allereie, er det vanskeleg å forsvare investeringar som tar en større andel av produksjonen deira inn i denne produksjonsformen når dette er dyrare enn tradisjonell produksjon, sjølv med nedtrekk. At denne typen ordning ikkje er på plass, og teknologinøytral, utgjer eit kritisk tidstap i kampen mot lakselus og miljøpåverknad. Lukka løysingar, sjølv om dyrare, representerer eit løfte om ei framtidsretta næring fri for dei mest presserande miljøutfordringane. Vi må også vurdere dei alvorlege konsekvensane av nedtrekka. Dei risikerer å forsterke regionale nedbyggingar, konkurser, og tap av arbeidsplassar. Dette vil ha djuptgåande negative effektar på lokalsamfunna, og då særleg dei samfunna der små og mellomstore havbruksselskap er hjørnesteinar. Avslutting: Akvahub foreslår at nedtrekk blir sett på vent inntil ein gjennom t.d. havbruksmeldingen har gitt næringa reelt handlingsrom til å utvikle seg vidare gjennom at det utarbeidast insentivordningar som kan stimulere til investeringar i blant anna lukka produksjonsteknologi i sjøen og på land. Vi trur at ein slik tilnærming vil gje næringa dei verktøya som trengst for å oppnå stabile driftskår og berekraftig vekst, samstundes som ein adresserer dei miljømessige utfordringane. Det er vår overtyding at ved å vente på havbruksmeldingen og ved å implementere insentivordningar for teknologisk innovasjon, kan vi sikre ei framtidsretta og bærekraftig akvakulturindustri i Norge. Akvahub er forplikta til å arbeide for løysingar som fremjar både miljømessig og økonomisk berekraft, og vi oppmodar til ein konstruktiv regulering av havbruksnæringa for å bidra til å realisere desse måla. Vi viser også til Sulefisk og Firda Seafood Group sitt høyringssvar, som vi også gir tilslutning til. Med venleg helsing, Trygve Hallberg Dagleg Leiar Akvahub AS Nærings- og fiskeridepartementet Til høringen Til toppen <div class="page-survey" data-page-survey="133" data-page-survey-api="/api/survey/SubmitPageSurveyAnswer" data-text-hidden-title="Tilbakemeldingsskjema" data-text-question="Fant du det du lette etter?"