Ordninga generelt
Vi er sterkt bekymra for konsekvensane av det samla nedtrekket for investeringar, arbeidsplassar, utbetalingar frå Havbruksfondet og for innovasjon. Til trass for innsatsen for å oppretthalde låge luse-nivå, ser det ut til at dette ikkje har hatt ønska effekt på trafikklyset. NOU 2023:23 «Heilskapleg forvaltning av akvakultur for berekraftig verdiskaping» peikar også på at nedtrekk som verktøy ikkje er tilstrekkeleg for å betre forholda for villaksen og fører til redusert verdiskaping og tap av arbeidsplassar i distrikta.
Vi føreslår difor at tiltaket med nedtrekk på 6% i raude produksjonsområde setjast på pause. Regjeringa må utarbeide ei stortingsmelding som sikrar ei heilskapleg regulering av havbruksnæringa og legg til rette for berekraftig vekst på sjø og land, basert på norske fortrinn og teknologiutvikling.
Vi oppmodar til ei grundig gjennomgang av trafikklyssystemet og ei meir heilskapleg tilnærming til reguleringa av havbruksnæringa for å sikre berekraftig vekst og bevaring av våre marine ressursar.

Produksjonsområde 4
Lakselusnivået i PO4 er redusert med 40%. Etter vedtatte modellar har dette ført PO4 frå rødt til gult. Men ekspertgruppa har i 2023 innført «Områdekorrigert verdi», med ein faktor på 1,85 med konsekvens at PO4 var omgjort til rødt.
Produksjonen av laks og aure blei i 2023 redusert av oppdrettselskapa i Sognefjorden med 50% i perioden april-juli utan at dette har hatt ønska effekt på trafikklyssystemet. PO4 er også eit av dei største produksjonsområda, der trafikklyset basert på tråling og vurdering av tilstand i Sognefjorden blir bestemmande for heile dette store området.
Basert på ei totaltvurdering meiner vi det er åpenbart at usikkerheita rundt det faglege grunnlaget for fastsetjing av raud sone i PO4 er svært stor og at departementet derfor må vedta at det for 2024 ikkje vert gjort nedtrekk i PO4.

Oppsummert
Vi ber om utsettelse på eit evt. nedtrekk. Vi veit at det skal gjennomførast eit viktig arbeid med Havbruksmeldinga og det bør vere enkelt å stadfeste i forskrifta at vi ventar med nye nedtrekk til denne meldinga er ferdig Vi ber om nytt forslag til § 5 i høyringsnotatet slik:
Tilbakestilling av utnyttelsesgrad for tillatelseskapasitet gjelder fra denne forskriftens ikrafttredelse. Nedjustering av utnyttelsesgrad for tillatelseskapasitet blir satt på hold i påvente av nye retningslinjer som måtte komme når Stortinget behandler ferdig den kommende Havbruksmeldingen (våren 2025).