🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen Med merknad
Til horingen: Høring- forslag til endringer i integreringsloven, folketrygdloven og tannhelset...

Volda læringssenter

Departement: Departement
Dato: 11.03.2024 Svartype: Med merknad Vår overordna merknad er knytt til at det bør vere eit sett for reglar for alle flyktningar, og at midlertidig vern bør avgrensast. Innstramming i regelverk må utformast slik at det ikkje medfører auka kostnader og press på dei kommunale tenestene. Dette må kompenserast ved auka integreringstilskot. Til punkt 4: Reduksjon i introduksjonsstønaden Redusert introduksjonsstønad for par utan barn kan gi auka behov for sosialstønad. Fleire i denne gruppa vil få behov for supplerande stønad og det kan redusere NAV sin kapasitet til å jobbe med arbeidsretta tiltak. I kommunane er det ein uro knytt til om redusert introduksjonsstønad medfører redusert tilskot til kommunane framover. Dette kjem ikkje tydeleg fram i høyringsnotatet. Tilskot knytt til introduksjonsstønad har ikkje halde tritt med kostnadsveksten. Til punkt 6: Innføre botidskrav for rett til grunn- og hjelpestønad Rettar etter folketrygda bør vere like for alle flyktningar. Kommunane må i større grad få ekstra tilskot ved mottak av personar med funksjonsnedsettingar. Til punkt 7: Innføre botidskrav for rett til engangsstønad ved fødsel og adopsjon Endringa knytt til eingongsstønad ved fødsel er rett. Til punkt 8: Innføre botidskrav for personer mellom 19 og 24 år for å få tannhelsehjelp med redusert egenbetaling i den offentlige tannhelsetjenesten Gjeld tannbehandling. Endringa er rimeleg. Kommunane opplever stort press på dekning av tannbehandling, og det må presiserast tydelegare kva som er naudsynt behandling også for andre grupper. Arbeids- og inkluderingsdepartementet Til høringen Til toppen <div class="page-survey" data-page-survey="133" data-page-survey-api="/api/survey/SubmitPageSurveyAnswer" data-text-hidden-title="Tilbakemeldingsskjema" data-text-question="Fant du det du lette etter?"