Dato: 11.03.2024 Svartype: Med merknad Vår overordna merknad er knytt til at det bør vere eit sett for reglar for alle flyktningar, og at midlertidig beskyttelse bør avgrensast. Innstramming i regelverk må utformast slik at det ikkje medfører auka kostnader og press på dei kommunale tenestene. Dette må kompenserast ved auka integreringstilskot. Til punkt 4 Redusert introduksjonsstønad for par utan barn kan gi auka behov for sosialstønad. Fleire i denne gruppa vil få behov for supplerande stønad og det kan redusere NAV sin kapasitet i høve å jobbe med arbeidsretta tiltak. I kommunane er det ei uro knytt til om redusert introduksjonsstønad medfører redusert tilskot til kommunane framover. Dette kjem ikkje tydeleg fram i høyringsnotatet. Tilskot knytt til introduksjonsstønad har ikkje halde tritt med kostnadsveksten. Til punkt 6 Rettar etter folketrygda bør vere like for alle flyktningar. Kommunane må i større grad få ekstra tilskot ved mottak av personar med funksjonsnedsettingar. Til punkt 7 Endringa knytt til engangsstønad ved fødsel er rett. Til punkt 8 Tannbehandling. Endringa er rimeleg. Kommunane opplever stort press på dekning av tannbehandling, og det må presiserast tydelegare kva som er naudsynt behandling også for andre grupper. Arbeids- og inkluderingsdepartementet Til høringen Til toppen <div class="page-survey" data-page-survey="133" data-page-survey-api="/api/survey/SubmitPageSurveyAnswer" data-text-hidden-title="Tilbakemeldingsskjema" data-text-question="Fant du det du lette etter?"