🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen Med merknad
Til horingen: Høring av forslag om forskrift om særlige vilkår for rett til autorisasjon som p...

Elin Mari Mjåtveit

Departement: Omsorgsdepartementet
Dato: 06.03.2024 Svartype: Med merknad Høyringssvar til overgang for Nasjonal paramedic til Paramedisiner. Eg var ferdig utdanna Paramedic i 2021, og kjem ikkje under ordningen då eg mangler 2 år og 2-3 mnd i 100% stilling i ambulansen. Det er forståeleg at ein må sette ei grense for ei overgangsordning, men eg er ueinig i korleis det er foreslått. Slik det er i dag, har eg samme arbeidsoppgåver som før eg tok paramedicutdanning. Det vil sei at mi erfaring som paramedic etter utdanning ikkje vil være forskjell frå ein anna ambulansearbeidar. Eg har totalt 18 års erfaring i ambulansetenesta, noko eg tenker er rikeleg med erfaring til å kunne komme med i ei overgangsordning. Eg har ellers ikkje hatt mulighet for å flytte for å ta Paramedisinerutdanning pga jobb og familie. Eg trudde då at Nasjonal Paramedic utdanning var eit godt alternativ for å ta videreutdanning og heve min eigen kompetanse. Eg har måtte ta opp studielån og har måtte betalt for alt sjølv, byttet vakter, permisjon utan lønn for å få gjennomført utdanninga. Skal vi no ta utdanninga må vi kjempe mot nye, framtidige paramedisinere. Dette resulterer då i at det blir færre som får mulighet til å bli nyutdanna paramedisinere. Slik eg ser det, har eg paramedicutdanning og nok erfaring til å skulle få være med i ei overgangsordning. Dette gjeld og fleire som har valgt å videreutdanne seg heilt frivillig. Helse- og omsorgsdepartementet Til høringen Til toppen <div class="page-survey" data-page-survey="133" data-page-survey-api="/api/survey/SubmitPageSurveyAnswer" data-text-hidden-title="Tilbakemeldingsskjema" data-text-question="Fant du det du lette etter?"