Dato: 28.02.2024 Svartype: Med merknad Høyringssvar til NOU 2023:25 Omstilling til lavutslipp Etne INP 1. Etne INP meiner at skogen må reknast med i CO2-regnskapet, slik som i EU. Norske skogar tek opp 47 prosent av samla karbonutslepp, i følgje SSB. Norske skogar hadde eit opptak av CO2-ekvivalentar på 23,3 millionar tonn i 2019, viser tal frå Miljødirektoratet. Til samanlikning vart det i 2020 i alt sluppe ut 49,3 millionar tonn CO2-ekvivalentar i Noreg, viser statistikken «Utslipp til luft». Dei siste 30 åra har karbonlagring i skog auka med 43 prosent i Noreg. Inkludert norskekystens tareskog er vi då allereie klimanøytrale i forhold til 2050-målet. Klimautvalet skriv: «For Norge ville det å inkludere hele opptaket fra skog- og arealbruk i dagens 2050-mål innebære en vesentlig svekkelse i ambisjonsnivå for utslippsreduksjoner.» Grunngjevinga for å ikkje inkludere skogen har altså med ambisjonsnivået å gjere. Det meiner vi er eit merkeleg argument, særleg når ein tek med at utslippskutt vert dyrare jo reinare energimiksen i landet er. Prisen for å ha eit høgt ambisjonsnivå er altså svært høg. Og merk altså at viss Noreg hadde gjort som EU og teke med skogen i CO2-reknskapen, hadde vi allereie vore klimanøytrale i forhold til 2050-målet, dvs. at vi allereie ER eit lågutsleppssamfunn pr. i dag. 2. Det blir feil å peike på Noregs manglande utsleppskutt etter 1990 i forhold til land som på det tidspunktet hadde mykje kolkraft i energimiksen sin, og som fortsatt har det. Noreg har verdas nest reinaste energimiks etter Island. 3. To mykje benytta uttrykk i politikken er «kost-nytte» og «samfunnsøkonomisk forsvarleg.» Dagens satsing på og prioritering av klimatiltak, kjem ikkje inn under nokon av desse begrepa, som er heilt fråverande i klimasaken. Det finst ikkje gode grunnar for å bruke dei summane vi pr. dags dato bruker for å redusere små utslepp til null. Utslippskutt må foretas der det monnar mest og ein får mykje for pengane, noko som heng betre saman med desse begrepa. 4. Manglande økonomiske og samfunnsmessige konsekvensanalysar. Utvalet kjem med mange forslag for å oppfylle klimamåla i perioden fram mot 2050. Desse forslaga ville ført til store endringar i samfunnet vårt, med svekka økonomi og merkbart lågare levestandard. Men til tross for det, kjem ikkje utvalet med nokon økonomiske eller samfunnsmessige konsekvensanalysar av tiltaka, med henvisning til at det ikkje er deira mandat. Etne INP meiner at det burde ha vore med i rapporten, av di anbefalingene til utvalet får så drastiske konsekvensar. 5. Ei av anbefalingene som vert presentert i rapporten er å fase ut petroleumsverksemda i Noreg med mål om å «ligne mer på vestlige økonomier uten olje- og gassresurser». Dette vil få ein dramatisk effekt på økonomien. Ja, rapporten manglar fullstendig økonomiske og samfunnsmessige konsekvensanalysar, og utvalet berre viser til at det ikkje er deira mandat. Det å peike på ein rekkje med tiltak som får store konsekvensar, og samstundes utelate konsekvensanalysar, held ikkje. Her er iveren etter å verte eit lågutsleppssamfunn tydeleg, koste kva det koste vil, bokstaveleg tala. I tillegg sikrar petroleumsverksemda vår EU reinare energi enn kva dei ellers ville ha hatt. Vi erstattar brunt kol med reinare norsk gass. Vi er faktisk EUs største leverandør av utsleppskutt. Om norsk gass skulle vorte erstatta av kol, ville EUs utslepp ha auka med 330 millioner tonn CO2 pr. år, som er 12% av EUs utslepp, med ein kvoteverdi på godt over 300 milliarder kroner, utan å ta oss betalt. Vi er eit stabilt demokrati. I tillegg til å bidra til utsleppskutt, er vi òg ein trygg gassleverandør for EU. Reduserer vi leteverksemda vår, så reduserer vi også moglegheita for eksport. Noreg har i tillegg ei av verdas reinaste petroleumsverksemder med minimalt med fakling, som, viss den hadde forsvunne, hadde vorte erstatta med mindre reine verksemder. Og vi må hugse på at petroleumsverksemda er motoren i den norske økonomien. Den sysselset mange, og sørgjer for enorme inntekter til statskassen, som vi rett og slett ikkje har ein erstatning for. Dette vil få enorme konsekvensar for samfunnet, men det vert det altså sett heilt bort ifrå. Det er bekymringsfullt. Det er økonomisk ikkje tilrådeleg å leggje opp til å avvikle petroleumsverksemda vår, som Klimautvalet går inn for. Og etterspørselen etter olje og gass er ikkje redusert på verdsbasis, og ligg heller ikkje an til å verte det i uoverskuelig framtid. Av all energibruk i verda, utgjer fossil energi 80 %. Det Internasjonale Energibyrået (IEA) seier at til tross for ambisiøse mål om utslippskutt, vil verdas oljeetterspørsel fram mot 2040 auke med 12 %, og at verda vil trenge 70 millionar fat olje pr. dag i 2040. Vi må også hugse på at olje er mykje meir enn berre til energi. Det vert brukt til asfalt, plast, til produksjon av byggematerialer, klede osb. Og kva skal vi då erstatte verdas reinaste olje med? Å foreslå å fase ut olje- og petroleumsverksemda, som Klimautvalget gjer, er etter Etne INP si mening uklokt og inkonsekvent. Verksemda bør i stedet utviklast. 6. Det er også viktig å sjå Noreg i ein global samanheng. Noregs samla utslepp er 50 millionar tonn CO2 pr. år. Det er forsvinnande lite, spesielt samanlikna med Kina, som no har passert Noreg i utslepp pr. person med Kinas 8 mot Noregs 7,5 tonn CO2 pr. innbyggar pr. år. Det vert heile 10 milliardar tonn CO2 pr. år, og Kina skal sleppe ut enda meir i åra som kjem, i henhold til Parisavtalen, der dei har meldt inn at dei skal auke sine utslepp med 450 % fram til 2030. Allereie per i dag står Kina alene for 30% av verdens berekna utslepp (FN). Uansett kva vi gjer her i landet, vil det få null effekt globalt, noko som gjer at dei dyre tiltaka ikkje kan forsvarast. Klimakutt i allereie reine Noreg, er veldig dyrt, for jo reinare miksen er, jo dyrere vert kutta. 7. Elektrifisering er både dyrt og unødvendig, og rein symbolpolitikk. Energi som vi treng til andre ting vert sløsa vekk til å elektrifisere bil- og båttrafikk, samt sokkelen. Eit konkret døme er elektrifiseringa av gassanlegget på Melkøya, som vil støvsuge Finnmark for kraft og fører til at ny industri får nei av Statnett til å etablere seg. Eit anna eksempel er elektrifiseringa av Johan Sverdrup-feltet, som bidreg til kraftmangel på Sør-Vestlandet, og nye verksemder får nei til å etablere seg også her. Gassen som vi sjølv kunne brukt til å drive plattformane med, vert i stedet eksportert og brent i andre land. Det ser fint ut i klimareknskapen, men det er berre på papiret. Moder Jord bryr seg ikkje om kor gassen vert brent. Og verdifull straum som vi har bruk for på land, vert i stedet sendt ut til plattformane. Reint beredskapsmessig vert også samfunnet meir sårbart når alt er avhengig av elektrisitet. DSB sin nye anbefaling er å klare seg inntil 7 dagar utan straum. Med hus som ikkje har andre energikjelder enn elektrisitet, vert det t.d. vanskjeleg å sikre oppvarming. Og elektriske bilar går jo også tom for straum. Utan moglegheit for lading vert dei då ståande. Elektrifisering av brøyting og anna vil kreve store investeringar i materiell og ladeinfrastruktur. Penger som t.d. kunne vert brukt til å vedlikehalde vegnettet. Berre i Vestland er etterslepet på vedlikehold av veg på 16 milliardar. I staden vert pengane slusa inn i klimatiltak som ikkje monnar. 8. Vindkraft er ikkje løysinga. Det er viktig å hugse på at vindkraft IKKJE er utsleppsfritt. Det er det ingen ting som er. Finske forskarar ved LUT Universitet, eit leiande universitet innan forskning på klimatiltak og berekraft, har funne ut at 90% av CO2-innsparinga til vindturbinar på land gjennom driftsperioden, berekna til 25 år, forsvinn berre ved utvinning og foredling av dei sjeldne jordmetallene. Og då har dei ikkje rekna på CO2-utslepp knytta til utbygging, drift, riving og avfallshandtering. Det kjem i tillegg. I tillegg er vindkraft svært arealkrevjande, og reduserer naturens evne til å binde CO2, spesielt der dei er anlagt i myrområder. Når ein så legg til at det er forureinande, med både fare for lekkasje av hydraulikkolje og avskaling av belegget på vengjene, som m.a. inneheld giften bisfenol A, ser ein tydeleg at klima trumfar miljø og natur. S. 81 i rapporten vert det lagt til grunn ein forventning om at prisen på flytande havvind vil verte redusert frå 117 øre pr. kWh i 2021 til 68 øre pr. kWh i 2030. Dette anslaget er altfor lågt. T.d. har enorme auke i kostnadar velta økonomien i Equinors gigantiske havvind-prosjekt i USA, og Equinor og samarbeidspartner British Petroleum ber om ein subsidie på 2 kr pr. kWh for å gå vidare med satsinga. Det er jo milevidt unna både 117 øre og 68 øre. 9 Sosioøkonomiske forskjeller vil auke. EUs nye bygningsenergidirektiv, «Energy Performance of Buildings Directive», omhandlar energieffektivisering av boligar med mål om å bli eit nullutsleppssamfunn innan 2050. Då skal alle boliger ha energiklasse A. Det er ikkje usannsynleg at det vil koste mellom ein halv og halvanna million kroner å oppgradere ein bolig, og denne rekninga endar hos boligeigaren. For folk som har lite å rutte med, kan det ende med at dei må selje boligen, då dei ikkje har råd til å gjere denne oppgraderinga. Utvalet skriv òg at låge energiprisar ikkje skal vere eit hovudmål for energipolitikken, men at prisane i staden må reflektere samfunnet sine kostnadar ved å skaffe ny kraft til veie. Til tross for at utvalet seier at «høye kraftpriser kan ramme enkelte husholdninger hardt», så fraråder utvalet «å gjøre lave kraftpriser til et hovedmål i energipolitikken». Desse føringane om at klimahensyn skal gå foran vil gå ut over norsk næring og industri, og effekten av høge kraftprisar vil vere negativt for bedrifter så vel som privatpersonar, og vil føre til at dei sosioøkonomiske forskjellane vil auke. Etne INP Klima- og miljødepartementet Til høringen Til toppen <div class="page-survey" data-page-survey="133" data-page-survey-api="/api/survey/SubmitPageSurveyAnswer" data-text-hidden-title="Tilbakemeldingsskjema" data-text-question="Fant du det du lette etter?"