Dato: 07.07.2025 Svartype: Med merknad Tre ting: Som far, har eg sett opp ei teneste (Nextcloud med Nextcloud Talk) til mine born, der dei kan kommunisera med oss føresette, og med syskenborn og vener. Kontoane er det eg sjølv som opprettar. Eg ser det som ein trygg stad å starta det digitale livet, med å skriva meldingar til kvarandra innad i slekta. Helst på datamaskin. Då har eg som vaksen litt meir oversikt. Og så er det sjølvsagt god skrivetrening. Då dette er kontoar som ikkje er offentleg tilgjengelege, reknar eg med at det er innafor? Og så. Og det er graverande i den verda me lev i i dag. I høyringsforslaget snakkar de, etter det eg kan sjå, utelukkande om proprietære multinasjonale tenester når de omtalar "sosiale medie". Facebook, TikTok, SnapChat, X, Instagram.... Vil det seie at meldingstenester som fell i kategorien "fri programvare", og som ein kan drifte på eigen tenar, vil vera unnateke? Heile Fediverset er jo grunnlagd på ein måte som gjer at eg kan sette opp ein tenar sjølv, der tenne tenaren snakkar med andre tenarer. For meir info: https://videos.elenarossini.com/w/64VuNCccZNrP4u9MfgbhkN?subtitle=en Eg tenkjer at Fediverset (https://jointhefediverse.net/learn/?lang=en-us) og IRC , er flotte sosiale medieplattformar all den tid det ikkje er noko multinasjonalt selskap som tener uhorvelege mengder pengar på det, det er reklamefritt, og ingen algoritmar styrer kva som dukker opp. Tredje punktet er dette; Hovedbøygen er vel lett tilgang til smarttelefon . Aldersgrense på 16 på det, slik moped, jegerprøven, og seksuell debut er regulert, meiner eg er den beste og mest fornuftige løysinga på heile denne problematikken. Det ser likevel ut som om de hoppar bukk over heile det spørsmålet. Det er klart at det ikkje er så freistande for born å sitte heime hjå foreldra med datamaskina, og chatte på TikTok eller Snapchat heile dagen. Går det i det heile på standard datamaskin? Dei føresette ville vel også ha tuppa podane ut av huset relativt kjapt, om det var mange timar på datamaskina i stova? Og det er vel det siste punktet som er det viktigaste her. Me hadde ikkje hatt behov for ei lov om sosiale medie, om våre små håpefulle, eg har sjølv tre av dei, og har utdanna hundrevis etterkvart, slapp å måtte forhalda seg til smarttelefonens klamme grep. Sett 16 års aldersgrense på smarttelefon . I dag! Som Jegerprøven, seksuelt samkvem og mopedlappen. For det er vel, når ein skal sjå heilt grunnleggjande på det, eigentleg det som er det skikkeleg store problemet. Små datamskinar på vide vanke og i fri dressur blandt uopplærte brukarar . Er det ikkje? Å ta eit støttesteg attende, for å gjenvinna balansen når ein vaklar, er IKKJE det sama som å gå attende i tida. De ville gjort det enklare for meg som både far og lærar, om de berre kunne sagt: "Orsak. Men smarttelefon må de (born under 16) nesten berre vente med." Sjå opp! https://youtu.be/Z7dLU6fk9QY Justis- og beredskapsdepartementet Til høringen Til toppen