🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen Med merknad
Til horingen: Høring – ny forskrift for distrikts- og regionalpolitiske virkemidler til fylkes...

Utsira kommune

Departement: Familiedepartementet
Dato: 13.02.2024 Svartype: Med merknad Utsira kommune støttar Statsforvaltaren i Rogaland og Rogaland Fylkeskommune sin uttale. Me opplever sterkt at me har "eit hav av moglegheiter" men at me ikkje har midlar til omstilling for å fange dei moglegheitene Utsira Nord og havbruk i ytre kyststrok gjev oss. Me har ikkje hatt ein brå nedgang i folketal, men stor nedgang over lang tid. Unntak no er midlertidig auke på grunn av Ukrainske flyktningar. Flaskehalsen vår er å skape og vedlikehalde interessante arbeidsplassar. Fyrst og fremst i privat sektor, men det kan også vera offentlege. Det er viktig at nye reglar opnar for at mindre usentrale kommunar med store moglegheiter som oss, får tilgang på omstillingsmidlar som gjer at næringssatsinga kan skje paralellt med oppretthalding og utvikling av lovbaserte tenester i skule, barnehage, helse og omsorg. Utsira kommune er Noregs minste kommune - og Noregs fyrste havvindkommune. Skal denne regjeringa - og forrige regjerings - havvindsatsing lukkast må også Utsira lykkast som vertskommune. Utsira Nord ligg i stor grad innafor kommunegrensene våre og vil bli bygd ut i heile vest-horisonen vår. Utsira kommune har store moglegheiter til å utvikle ny næring knytt til akvakultur i og rein havenergi. Me treng omstillingmidlar i minst 5 år framover for å kunne ta hys på store og nasjonalt viktige utviklingsprosjekt innan akvakultur og flytande havvind. Kommunal- og distriktsdepartementet Til høringen Til toppen <div class="page-survey" data-page-survey="133" data-page-survey-api="/api/survey/SubmitPageSurveyAnswer" data-text-hidden-title="Tilbakemeldingsskjema" data-text-question="Fant du det du lette etter?"