Dato: 10.02.2024 Svartype: Med merknad Nærings- og fiskeridepartementet Vår referanse Dykkar referanse Sakshandsamar Dato 23/83 24/1961 Jan Driveklepp 09.02.2024 Høyringsuttale frå Herøy kommune til NOU 2023:26 - Ny lov om offentlege anskaffingar Innleiing Herøy kommune M&R syner til Nærings- og fiskeridepartementet sitt høyringsbrev datert 10. november 2023 – NOU 2023:6 – Ny lov om offentlege anskaffingar. Høyringsfrist er 10. februar 2024. Herøy kommune ønsker med dette å gje ein administrativ høyringsuttale til lovutkastet. Uttalen vil bli lagt fram for Herøy kommunestyre som ei referatsak. Herøy kommune er positiv til at regelverket kring offentlege anskaffingar vert oppdatert, og at det vert arbeidd med ny lovgjeving. Særleg fokuset på kostnadseffektivitet og forenkling av lovverket vert verdsett. Kommunane og andre offentlege aktørar kjøper årleg varer, tenester og bygg/anlegg for store beløp, og måten desse anskaffingane vert gjennomført på, er avgjerande for kvalitet, omfang og kostnadar for kommunen. For våre leverandørar er det og svært viktig at offentlege aktørar gjennomfører våre anskaffingar på ein ryddig måte som gjer det mogleg å delta på våre anskaffingar. Dette er særleg viktig for små lokale leverandørar som kanskje har avgrensa ressursar og erfaring med å delta i offentlege anskaffingar. Nærare om forslaget til ny anskaffingslov Herøy kommune syner til KS si uttale datert 19. desember 2023 til NOU 2023:6 – Ny lov om offentlege anskaffingar. Herøy kommune sluttar seg i det alt vesentlege til KS si uttale til forslaget. Herøy kommune finn likevel grunn til å presisere følgjande: Vi er svært positive til lova skal gjelde for anskaffingar over 300 000 kr, jf. § 1-3. Dette vil både forenkle arbeidet med mindre anskaffingar, samt gjere det enklare å nytte lokale leverandørar til mindre anskaffingar. Vi ønsker at regelverk kring løns- og arbeidsvilkår, bruk av lærlingar, underleverandørar, og eventuelt anna regelverk kring samfunnsansvar, får eit felles innslagspunkt kring dagens beløp 2,2 mill.kr. Vi ønsker symmetri i regelverket slik at krav i anskaffinga, krav til kontroll, og kontraktkrav har same innslagspunkt. Vi ønsker at fokuset på klima- og miljøomsyn best vert ivareteke ved å stille krav i kravsspesifikasjon til ytinga, i motsetning til i tildelingskriterier. Vi støtter KS i dette. Vi er og samd i at klima- og miljøomsyn skal takast omsyn til i alle anskaffingar, men det må gjelde eit krav til kostnadseffektivitet kring krav og dokumentasjonskrav på mindre anskaffingar. Vi oppfatter at dette omsynet er ivaretatt ved ordlyden «uten å medføre uforholdsmessige kostnader for oppdragsgiver» i § 2-2. Vi støtter forslaget om ei forenkla kunngjering av alle kontraktar i forslaget § 3-1 (5). Forslaget vil bidra til ytterlegare offentlegheit kring offentlege anskaffingar, og så lenge oppdragsgjevar får stor fridom i valet av kunngjeringsmåte, som til dømes via eigen internettside, så er dette positivt. Vi støttar ikkje forslaget om å innføre fleire ulike innslagspunkt/regelsett for bygge- og anleggskontraktar under EØS-terskelverdi. Vi støtter her KS sitt standpunkt. Vi støttar KS sitt standpunkt kring protokollplikt i forslaget kap. 24. Vi ønsker det klargjort at protokollplikten gjeld alle anskaffingar som er omfatta av lova, men at omfanget av protokollen må tilpassast anskaffinga sin storleik. Oppsummering Herøy kommune sluttar seg i det alt vesentlege til KS si uttale til forslaget. Med helsing Trond Arne Rossi Aglen Jan Driveklepp Kommunedirektør Spesialrådgjevar/innkjøpsansvarleg Dokumenter er elektronisk godkjent og har difor ikkje signatur Nærings- og fiskeridepartementet Til høringen Til toppen <div class="page-survey" data-page-survey="133" data-page-survey-api="/api/survey/SubmitPageSurveyAnswer" data-text-hidden-title="Tilbakemeldingsskjema" data-text-question="Fant du det du lette etter?"