Dato: 30.01.2024 Svartype: Med merknad Vedtak i Utval for levekår - 24.01.2024: Alver kommune takkar for høve til å koma med høyringssvar på høyring om forslag til endringar i barnehagelova med forskrifter. (Styring og finansiering av barnehagesektore n). I Alver kommune er der 8 kommunale og 18 private barnehagar som dei siste 20 åra har bygd opp eit godt barnehagetilbod, som sikrar kapasitet, kvalitet, og mangfald i heile kommunen. Barnehagetenesta er ivaretatt av erfarne tilsette med høg kompetanse frå ulike profesjonsgrupper. Kvar barnehage speler ei avgjerande rolle i Alver kommune sitt velferdstilbod. Alver kommune meiner den norske barnehagemodellen med både kommunale og private barnehagar har vore god for kommunar og innbyggarar. Gjennom god balanse mellom styring av, og friheit for, dei private og ideelle barnehagane har samfunnet oppnådd full barnehagedekning og eit barnehagetilbod foreldra er fornøgd med. Alver kommune har fylgjande innspel til forslag til endringar i barnehagelova med føreskrifter: 1. Ang. finansiering og økonomi Det er viktig for Alver kommune at alle barnehagebarn i kommunen har eit kvalitativt godt tilbod og at alle tilsette har gode løns- og arbeidsvilkår. Kommunale og private barnehagar må også i framtida sikrast økonomisk likeverdig behandling, og finansieringa av nasjonale kvalitetskrav og nasjonale tariffavtalar må vere regulert gjennom nasjonale reglar, som i dag. Det er difor ikkje tenleg at den einskilde kommune sjølv skal utarbeide og forvalte eit lokalt finansieringssystem. Fleire oppgåver og meir ansvar og risiko vert overført til kommunane, utan at det føl med midlar til auka administrasjon. Alver kommune ser med bekymring på at kommunane vert påført ei administrativ byrde som ikkje vert kompensert frå staten, samtidig som det gir grunnlag for økt konfliktnivå om innretninga på støttenivået. Ettersom kommunen sitt innbyggartilskot for barnehagebarn ikkje vert endra, vil det lokale handlingsrommet for tilpasningar vere så lite at administrasjonsbyrda overstig verdien av å kunne ha større lokale tilpasningar. 2. Ang. tal på godkjente barnehageplassar og reduksjon av desse Alver kommune støttar ikkje forslaget om å gi kommunane adgang til å redusere antal plassar ein barnehage er godkjent for. Alver kommune viser til dei gode erfaringane med samarbeid mellom private, ideelle og kommunale barnehagar når det oppstår overkapasitet, og at ein har klart å løyse dette innanfor dagens regelverk. Den foreslåtte ordninga vil kunne skape uro og uføreseielege rammer i sektoren på fleire hald. Barnehageeigarar i Alver kommune har investert millionar i kompetanse, fagleg innhald, barnehagebygg og gode leikeområde i nærområda. Det å endre villkåra for barnehagegodkjenningane i ettertid er uforutsigbart. Dette kan og føre til at tilsette vil kunne søkje seg til andre sektorar med meir føreseielege rammer og sikrare drift. Rekruttering til yrket vil kanskje bli enno meir utfordrande enn i dag. Mangel på fagfolk og tilsette generelt vil få alvorlege konsekvensar for satsinga på kvalitet og utvikling på sektoren. Også foreldra bør ha ein rett til å velja barnehage utfrå ulike grunnar, og kunne vere trygge for at denne valfridomen vert ivaretatt vidare. 3. Ang. uro for at dei foreslåtte endringane vil gi behov for større administrative kommunale ressursar Alver kommune er skeptisk til at forslaga gjer kommunane fleire oppgåver og meir ansvar knytt til styring og finansiering av barnehagesektoren. Alver kommune kan ikkje sjå at det føl auka ressursar med ei slik ansvar -og oppgåveforskyving, kun meirarbeid og auka risiko for kommunen. Dette skjer i ei tid der fleire kommunar, inkludert Alver, er i startfasen med å etablera nye system og rutinar grunna samanslåing. Det er difor ikkje tida for å uroa ein sektor som innbyggjarane er godt nøgd med som den er. Det har skjedd strukturelle endringar i sektoren som gjer at det er behov for å oppdatere delar av regelverket. Alver kommune vil likevel advare mot å overbelaste ein sektor med mange små og ideelle aktørar med store regelverksendringar over kort tid. 4. Ang. konsekvensutgreiing Alver kommune meiner at endringane som er foreslått er for dårleg konsekvensutgreia. Uavhengig av kva endringar som skal gjerast i regelverk og finansiering for barnehagesektoren, må desse byggje på grundige utgreiingar av konsekvensar for barna, foreldre, kommunane og barnehagane. Kunnskapsdepartementet Til høringen Til toppen <div class="page-survey" data-page-survey="133" data-page-survey-api="/api/survey/SubmitPageSurveyAnswer" data-text-hidden-title="Tilbakemeldingsskjema" data-text-question="Fant du det du lette etter?"