Dato: 31.01.2024 Svartype: Med merknad Høring Forslag til endringer i barnehageloven med forskrifter (Styring og finansiering av barnehagesektoren) Eg støttar ikkje forslaget om å avvikle dei nasjonale reglane for beregning av tilskot. Eg trur ikkje kommunane har kapasitet, kompetanse og vilje til å utøve økonomisk likeverdig behandling av alle barnehagar gjennom eit slikt system. Skal private barnehagar fortsatt utvikle kvalitet og mangfald, og skal private barnehagar fortsatt være gode arbeidsgivarar, er vi avhengige av forutsigbarheit og likebehandling. Det ser vi ikkje i dette forslaget. Vi fryktar at forslaget dessutan vil føre til auka konfliktnivå mellom private barnehagar og kommunane, noko som kan stå i vegen for utviklinga av kvalitet og mangfald i sektoren. Eg støttar ikkje forslaget om å gje kommunane rett til å avvikle godkjente plassar i private barnehagar uavhengig av søkjartal. I dag er det familiane som avgjer kva for barnehageplassar det er behov for og kva plassar som skal stå tomme. Både private og kommunale barnehagar må sørge for å bli prioritert av søkjarane for å få fylt sine plassar. Det gir både kommunale og private barnehagar insentiver til å utvikle tilboda til beste for borna og familiane deira. Sjølv om familiane fortsatt skal få søkje barnehageplass, fører forslaget med seg at fleire må ha sine born i ein annan barnehage enn den dei ønsker. Dette er ei svekking av familiane si Forslaget svekker også utviklinga av kvalitet og mangfald i sektoren ettersom omdømme, innhald og kvalitet vil få mindre å seie for kor mange plassar barnehagen får fylt. Ut over dette syner eg til høringssvaret fra PBL (Private Barnehagers Landsforbund) , som meir detaljert drøftar sterke og svake sider ved regjeringa sitt høyringsnotat. Anne-Grete Eiken Kunnskapsdepartementet Til høringen Til toppen