🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen Med merknad
Til horingen: Høring - forslag om endring av havressursloven - hjemmel for Fiskeridirektoratet...

Pelagisk Forening

Departement: Familiedepartementet
Dato: 24.01.2024 Svartype: Med merknad Pelagisk Forening viser til høyringsbrev av 1.11.23. Pelagisk Forening er einige i at Fiskeridirektoratet bør få heimel til å beslaglegga, og destruera, eller avhenda, fiskereiskap som er umerka. Det kan vera ulike grunnar til at fiskereiskap ikkje er merka. Det kan vera tjuvfiske der eigaren bevisst ikkje har merka reiskapen, men det kan òg vera at merke av ein eller annan grunn har forsvunne frå reiskapen. T.d. ved at bruk har kome i propellen til andre båtar, og merke har forsvunne. I sistnemnte situasjonar er fiskaren ikkje å klandra. Ved funn av reiskap brukt til yrkesfiske er det meir truleg at reiskapen er mista under lovleg fiskeri, t.d. ved at blåser, merka med eigar sitt fiskerinummer/namn er slitt av, enn at det er bevisst ulovleg brot på merkepåbod. For fiskarane medfører tap av fiskereiskap vesentleg økonomisk tap. I høyringsnotatet er det vist til vareførselsloven som fastset at varen skal oppbevarast i minst 14 dagar før eit eventuelt sal. Ved destruksjon skal varen oppbevarast i ein månad. I høyringsnotatet er det foreslått at direktoratet skal ha plikt ti å oppbevara reiskapane i minst ein månad. Pelagisk Forening meiner at dette er for kort tid, og at det bør vera plikt til å oppbevara verdifull reiskap i minst tre månadar. Pelagisk Forening meiner difor at dersom det er reiskap med vesentleg verdi, t.d. verdi over 5 000 kr, bør direktoratet ha plikt til å oppbevara reiskapen i minst tre månadar før reiskapen blir seld eller destruert. Dersom det er openbart at reiskapen er søppel/verdilaus har ikkje Pelagisk Forening innvendingar mot at slik reiskap straks blir destruert. Pelagisk Forening meiner òg at det må fastsetjast krav om at Fiskeridirektoratet gjer ein innsats for å finna rett eigar før reiskap blir destruert eller avhenda. Før beslaglegging, sal eller destruksjon bør direktoratet ha plikt til å undersøka om reiskapen er meldt tapt i Barentswatch. Pelagisk Forening meiner òg at funn av yrkesreiskap bør publiserast. Dette enten på direktoratet si heimesida, og/eller i Barentswach. Publisering av funn vil kunne gjera det lettare for yrkesfiskarar å få att bruket sitt. Dersom direktoratet sel eller destruerer fiskereiskap utan å etterleva plikt til aktivt å freista å finna eigaren av bruket bør det medføra plikt til å betala erstatning til eigar. Ein heimel for erstatningsplikt bør difor takast med i forskrifta. Nærings- og fiskeridepartementet Til høringen Til toppen <div class="page-survey" data-page-survey="133" data-page-survey-api="/api/survey/SubmitPageSurveyAnswer" data-text-hidden-title="Tilbakemeldingsskjema" data-text-question="Fant du det du lette etter?"