🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen Med merknad
Til horingen: Høring – forslag til forskrifter om folkeavstemninger i de områdene som tidliger...

Atle Julius Fosse

Departement: Familiedepartementet
Dato: 18.12.2023 Svartype: Med merknad Ønske om ei liberal demokratisk folkerøysting. Eg er innbyggar i bydelen Søgne i Kristiansand, og opplever at dei forskrifter til folkerøysting som vert lagt fram for stortinget, høyringsfrist 20.12.23, har for sterke røter i einsidig vektlegging av folkesuverenitetsprinsippet, i form av folkerøysting. Det kan ut frå førehandslovnader i valkampen verke som ein legg einsidig vekt på det, også avgrensa til berre to bydelar i Kristiansand, Søgne og Songdalen. Det regjeringa gjer i føreliggande forskrifter er dermed å ta i bruk ein radikalt ny måte å gjennomføre ei kommunedeling på. Det vert vidare skreddarsydd forskrifter for Søgne og Songdalen, utforme likelydande forskrifter til dei gamle kommunar, i staden for å ta utgangspunkt i ei universell beskriving av forskrifter ved kommunedeling i heile landet, med sikte på likebehandling. Dette er uvanleg i kommunedelingssamanheng. Å gjennomføre ei folkerøysting på den måten, inneber at regjeringa bind seg sjølv i folkerøystinga, og overser både folk og folkevalgte i Kristiansand kommune. Dette trass i at stortinget sitt vedtak om samanslåing i 2017 var gyldig. Det kan likevel verke som at regjeringa meiner det ikkje var det, då det er hevda av statsrådar at det var formelt sett saksbehandlingsfeil i saka ved framlegging i stortinget. Det verkar som opplegget til folkerøysting i dei aktuelle føreskrifter er innrette etter dette, som om det er politisk semje om det, i staden for å stille seg åpen for ei vurdering av deling i lys av den situasjon vi har i 2024.Dette forkludrar bildet av kva som kan vere til det beste for ei framtidig organisering av kommunen som heilheit. Søgne og Songdalen er godt representert i bystyret i Kristiansand. Og ei kommunedeling angår heile Kristiansand. Folk i Kristiansand fekk ikkje seie si meining ved kommunesamanslåing i 2017.Det politiske systemet gjorde derimot det. No skal heller ikkje folk i Kristiansand få uttale seg om deling, som del av grunnlaget for framlegg til vedtak i stortinget. Dette er uttrykk for ein radikal demokratisk framgangsmåte, som undertrykker dei folkevalde og deler av folket, ved å bruke folkesuverenitetsprinsippet på feil måte. Det er ikkje i tråd med den tradisjon vi har i Norge, representert gjennom bruk av eit liberalt folkedemokrati. Den sistnemde tradisjon har nettopp vore kjent for å bruke ein kombinasjon av statsforvaltar, folkerøysting og lokalt folkevalde som grunnlag for si avgjer i saker ved både kommunesamanslåing og kommunedeling. Historikken bak forslaget skil seg ut frå det normale i kommunenorge, og kan berre forklarast ved at regjeringa vil imøtekome ein førehandslovnad frå valkampen i 2019, om at 50,1% var nok fleirtal for deling, då også i ei avgrensa folkerøysting i bydelane Søgne og Songdalen. Dersom regjeringa hadde meint at 50,1 % er nok for å bli høyrt, som del av eit samla grunnlag, ville det bli oppfatta annleis, men det er ikkje kva regjeringa sagt. Den har sagt at 50,1% er gyldig uansett deltakarpsrosent og uansett fleirtalsprosent, sjølv om fleirtalet er innan grensa for det som vert rekna som statistisk signifikant. Forslaget til supplement og endring av forskriftene er: Stortinget har gitt regjeringa fullmakt etter Inndelingslova, å gjennomføre folkerøysting når kommunestyret i den aktuelle kommune har sagt nei. Likevel skal den kunne ha eit samarbeid med det rette kommunestyret om sjølve gjennomføringa. Høyringsrett etter §10 i Inndelingslova gjeld heile folket; altså i dette tilfellet også gamle Kristiansand. Alle innbyggarane har rett til å bli høyrt når det angår dei, men høyringsmåten kan varierast frå bydel til bydel. For at folkerøystinga skal ha tillit i befolkninga, er det viktig at den vert gjennomført i ei tillitsvekkande form, ved fysisk frammøte i avtalte stemmelokaler. Dersom regjeringa har gjort seg «inhabil», ved å la seg styre så sterkt av eit valløfte at det er fare for å bryte med demokratiske prinsipp i gjennomføringsprosessen, kan regjeringa delegere til kommunen å gjennomføre den, mot at utgiftene vert dekka av regjeringa. Dersom ungdom under 18 år ikkje får god nok tid til å sette seg inn i saka, skal aldersgrense for å stemme vere 18 år. Det skal vere eit gjennomtenkt opplegg for informasjon som grunnlag for stemming, for dei under 18 år. Kommunal- og distriktsdepartementet Til høringen Til toppen <div class="page-survey" data-page-survey="133" data-page-survey-api="/api/survey/SubmitPageSurveyAnswer" data-text-hidden-title="Tilbakemeldingsskjema" data-text-question="Fant du det du lette etter?"