🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen
Til horingen: Høring - forslag til midlertidige endringer i integreringsforskriften (økt arbei...

Bømlo kommune

Departement: Familiedepartementet 4 seksjoner

Minstekrav til arbeidsretta element i introduksjonsprogrammet

Det er viktig å synleggjere overfor deltakarar kva ein pliktar seg til ved å velje introduksjonsprogram. Me vil tilrå at integreringskontrakt vert gjeldande også for dei på mellombels lov. Me meiner at arbeidsretta element førebur deltakar til arbeid etter introduksjonsprogram, men at det ikkje er bruk for å eksplisitt nemne minstekrav i programtida.

For deltakarar i introduksjonsprogram startar praksis i tredje månad.

Me meiner at krav om praksis ikkje må gjerast gjeldande frå første dag, men frå tredje månad i programmet. Næringslivet gir klar tilbakemelding om at deltakarane må meistre noko norsk språk før dei kjem ut i praksis. Gjennom grunnleggande språkopplæring først legg ein grunnlag for språkmeistring og dermed større nytte av praksis. Praksis er ein viktig arena for å lære norsk språk og om norsk arbeidsliv, men belastninga på arbeidslivet vert stor dersom ein skal be dei ta imot personar som ikkje snakkar korkje noko norsk eller engelsk. Krav om praksis først i tredje månad er ikkje eit hinder for oppstart av praksis tidlegare for dei det kan vera aktuelt for.

Har høyringsinstansen kapasitet og personell til å følgje opp kravet?

Mellombels lov har så langt gitt kommunen ei auka arbeidsbyrde med tal på deltakarar og oppfølging av desse. Ei innstraming av lova med meir detaljstyring vil auke denne byrden ytterlegare. Med dagens bemanning vil me ikkje ha kapasitet til å følgje opp kravet.

Andre innspel til høyringa

Heimreis – konsekvensar for introduksjonsprogram

Me ønsker eit tydeleg permisjons- og fråværsreglement for deltakarar i introduksjonsprogrammet. Me erfarer at ein del reiser ut av Noreg i kortare eller lengre periodar av ulike grunnar. Dette er uheldig med tanke på kontinuitet i kvalifiseringa, og i spørsmål om rett til utviding av programtid. Vidare er det ikkje slik at ein med tilsetjing i norsk arbeidsliv normalt har rett til permisjon i inntil seks månader for så å kunne komme tilbake og ha krav på å fortsetje i same arbeidsforholdet.