🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen Med merknad
Til horingen: Høring av forslag til endringer i privatskolelova, forskrift til privatskolelova...

Benjamin Kleiveland

Departement: Familiedepartementet
Dato: 05.01.2024 Svartype: Med merknad Høringssvar frå ein ansatt i friskulen Eg jobbar på ein 1-10-friskule i Vestland som assistent. Dersom endringane i finansieringa av 1-10-friskular gjennomførast, vil det ha betydelege konsekvensar for min arbeidsplass, og for meg personleg. Angåande §6-1 tredje ledd: Stryk forslaget. Det foreligg ikkje eit ordentleg kunnskapsgrunnlag om kva det kostar å drive slike friskular, samanlikna med tilsvarande store offentlege skular. Om du samanliknar med ein enorm offentleg 1-10-skule vil du kanskje sjå at det kostar mindre per elev på den offentlege skulen enn på 1-10-friskulane. Men dette er fordi mange av dei kombinerte friskulane har mindre grupper på barnetrinnet, og mindre grupper på ungdomstrinnet. Derfor trengs det meir tilskot per elev for at skulen skal gå rundt, akkurat som det ville vore på ein tilsvarande stor offentleg kombinert grunnskule. Det er no ei gruppe som skal undersøke kva det faktisk koster å drive slike friskular samanlikna med forskjellige kommunale skular. Det blir då ei forhasting å ta opp lovforslaget før me har fått resultata av undersøkingane, og kan ha eit ordentlig kunnskapsgrunnlag for lovgjevinga. Dersom lovforslaget går igjennom slik det står no, vil det bety at skulen eg sjølv jobbar på enten må legge ned barnetrinnet eller auke skulepengane, som gjer at færre låginntektsfamilier vil ha råd til å ha borna sine på skulen. Mange elevar vil måtte slutte på skulen som dei eigentleg ønsker å gå på, på grunn av dårlege politiske beslutningar med manglande kunnskapsgrunnlag. Angåande §6-1 femte ledd: Stryk forslaget. Denne delen av loven vil gjere det veldig uforutsigbart for friskulane kor mykje tilskot dei får frå år til år. Både elevar, foreldre og tilsette ved friskular treng forutsigbarhet. Det er ikkje gøy å plutselig miste jobben eller skulen sin på grunn av at regjeringa berre bestemmer det. Det er ikkje ein hemmelighet at visse parti er meir negativt innstilt til friskular enn andre, og då vil regjeringsskifter der slike parti tek over departementet kunne ha store, negative og plutselege konsekvensar for tusenvis av elever, foreldre og tilsette, meg inkludert. Angåande §2-2: Stryk forslaget. Denne loven er opplagt til for å hindre at friskular som vert råka av kuttet, delar seg opp for å unngå dei negative konsekvensane av loven. Eg har allereie skrive om korleis lovforslaget vil påverke min arbeidsplass. Og dette vil gjere at me ikkje kan redde skuletilbodet for elevane våre ved å splitte opp skulen. Dette forslaget er rett og slett dårleg gjort. Til slutt: Eg har sjølv ei dotter på snart 1 år, som vil miste muligheten sin til å begynne i 1. klasse på skulen eg jobbar på, dersom loven innførast slik den er. Dette er fordi at leiinga enten må legge ned barneskulen eller auke skulepengane betrakteleg med den nye finansieringsordninga. Med aukte skulepengar vil me sannsynlegvis ikkje ha råd til å betale skuleplass. Dette lovforslaget vil råke valfridomen til låginntektsfamiliar over heile landet. Innbyggarane i min kommune vil sitja igjen med eit redusert eller dyrare friskuletilbod på grunn av dårleg politisk styring. Benjamin Kleiveland Kunnskapsdepartementet Til høringen Til toppen <div class="page-survey" data-page-survey="133" data-page-survey-api="/api/survey/SubmitPageSurveyAnswer" data-text-hidden-title="Tilbakemeldingsskjema" data-text-question="Fant du det du lette etter?"