🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen
Til horingen: Høring av NOU 2023: 23 Helhetlig forvaltning av akvakultur for bærekraftig verdi...

Fitjar næringsråd - Fitjar reiselivsgruppe

Departement: Familiedepartementet 1 seksjoner
Høyringssvar til NOU 2023: 23

«Helhetlig forvaltning av akvakultur for bærekraftig verdiskaping»

Organisasjonar, enkeltpersonar eller andre som ikkje står på høyringslista, er også oppfordra til å komma med høyringsinnspel. Dette høyringssvaret er eit særskild svar til punkt 11.2 «Tillatelser til særlige formål» og er frå Fitjar Næringsråd si reiselivsgruppe, som arbeider for å styrka Fitjar sin posisjon som ein attraktiv stad å reisa til, ikkje berre eit tilfeldig stopp på vegen.

Me har notert oss at det i høyringa vert stadfesta at forvaltningssystemet for akvakultur skal vera retta mot størst mogeleg verdiskaping innafor berekraftige rammer. For oss som arbeider med å styrka berekraftig reiseliv lokalt i vår vesle kommune, er det oppløftande å sjå at utvalet vektlegg denne delen av akvakulturnæringa.

Men me er ueinige i følgjande tilråding i samandraget innleiingsvis i høyringsdokumentet: «Utvalget foreslår å avvikle tillatelser til visningsformål, undervisningsformål og fiskepark».

Me ser at utvalet meiner at særløyve er eit kostbart og lite gjennomsiktig verkemiddel og dei hevdar at det i fleire tilfelle har vist seg å ikkje gje tilstrekkeleg måloppnåing.

Me vil gjerne påpeika fleire mål som er nemnt i høyringsdokumentet som me meiner vert oppnådd lokalt her hos oss, ved visningsverksemda til Engesund Visningsanlegg, spesifikt vedrørande visningsanlegget sin posisjon i Fitjar, sett frå eit reiselivsperspektiv.

Størst mogeleg verdiskaping innafor berekraftige rammer

Eit visningsanlegg av høg kvalitet er ein turistmagnet i bygda vår. Og i tillegg til å vera eit turistmål i seg sjølv, har visningsanlegget fungert som turistinformasjon for Fitjar frå sin resepsjon. Dette sambruket har vist seg å vera særs nyttig for alle oss andre aktørane gjennom heile sommarsesongen, og var ein stad vi kunne senda gjester som trong informasjon, og vi opplevde også å bli kontakta av dei blide ungdommane som hadde sommarjobb på visningsanlegget, som sende turistar vidare til oss andre. Visningsanlegget er verdiskaping som har ringverknader for heile reiselivet i Fitjar og er eit døme på berekraftig bruk av arbeidskraft og midlar.

Økonomisk vekst innafor reiselivet

Det å ha eit visningsanlegg i bygda er med på verdiskaping for heile Fitjar som destinasjon og er med på å trygga reiselivsrelaterte arbeidsplassar i lokalmiljøet rundt visningsanlegget. Engesund Visningssenter er ikkje berre eit turistmål i seg sjølv, men ein aktiv deltakar i alt som har med opprusting og utvikling av Fitjar som ein destinasjon. Me meiner at visningsanlegget er eit vesentleg samfunnsbidrag og for oss vektlegg me spesielt det som visningsanlegget tilfører reiselivet i bygda.

Det som er spesielt på Fitjar er at Engesund er et lite oppdrettsanlegg i nasjonal samanheng, og dei har er spesielle i og med at den er lokalt eigd av den gründerfamilien som starta med oppdrett av laks heilt i akvakulturnæringa sin spede barndom.

Visningsanlegget er marknadsført innanfor Fjord Norway og Visit Sunnhordland, og gjev eit jamt tilsig av turistar som kjem til bygda for å få ein frisk båttur ut i Fitjarøyane med gode lokalhistorier på kjøpet og ei grundig innføring i akvakultur ute bland merdane.

Denne turismen gjev handel i butikkane og sal av måltider og overnatting i bygda. Ein tur på visningsanlegget er også eit populært punkt på programmet for bedrifter som legg turen om bygda vår på grunn av dette, i tillegg til alle skuleelevane som får eit innblikk i ein spanande industri og vil ha akvakultur i tankane når det kjem til val av utdanning og framtidig yrke.

Bidra til å styrke kunnskapen om akvakultur hos publikum

Ved at publikum får båtreisa ut til merdkanten, får dei også eit unikt innblikk i naturen omkring anlegget og betre forståing for den større samanhengen fiskeoppdrettet har, både historisk som lokal næring og som berekraftig akvakultur i sjø.

Me møter oppglødde gjestar som har fått ei særs innhaldsrik oppleving på visningsanlegget, med rike sanseinntrykk på båtreisa ut til anlegget og på merdkanten, i tillegg til det pedagogiske opplegget både med lokalhistorisk innføring i fiskeoppdrettsnæringa heilt frå starten på sekstitalet til myteknusing og oppretting av feilinformasjon om oppdrettsnæringa. Dette er folkeopplysing på høgt nivå. Ekte sjøsprøyt og kald nasetipp gjev ei sterk oppleving og eit ferdaminne som ei digital lysbileteutstilling ikkje kan skapa på same måten.

Særleg eigna for formidling, og tilrettelagt for publikum

Eit særløyve er eit privilegium som sporar til særleg høg kvalitet i alle ledd av formidlinga og tilrettelegging for publikum, noko som me ser at Engesund Visningsanlegg er eit forvitneleg døme på. Ei levande akvakulturverksemd er særleg eigna for formidling, og dette er kostnadseffektive verkemidlar for å oppnå formålet om å styrka kunnskapen om akvakultur hos publikum.

I tillegg styrkast dette formidlinga ved at produksjonslokaliteten ligg i umiddelbar nærleik av visningslokaliteten, og i Engesund er formidlingsdelen på sjølve plattforma ute ved merdane. Og Engesund Visningsanlegg er ope for omvisning kvar einaste dag heile året.

Når det er tilrettelagt for publikum ved fysisk besøk ute i sjølve anlegget, vert kunnskap om alle sidene ved oppdrettsnæringa vert tileigna på ein heilt spesiell måte når folk får generell tilgang til produksjonsfasilitetane, får stå i vær og vind på merdkanten som duvar av bølgjene, omkransa av skjergarden rundt anlegget, medan dei tar til seg informasjonen.

Nasjonal informasjonsformidling for å bygge omdømme

Det er vår meining at omdømmet nasjonalt vert best bygd ved å starta lokalt . Ved å ha gode, kvalitetssikra visningsanlegg rundt i landet vert kunnskap om akvakultur formidla med lokalhistorisk og regional forankring, og gjev såleis ei meiningsfull oppleving på fleire måtar og gjennom fleire sansar og er med på å gje næringa legitimitet i befolkninga og gjera lokalbefolkninga stolte over næringa, både som matauk og som turistmagnet.

Visningsanlegga er også med på å inspirera til rekruttering, noko som absolutt skulle vera ei sak som er i styresmaktene si interesse.

Framhald av støtta til visningsanlegg er avgjerande for å oppnå alle desse måla. Eit eige løyve til å drive visningsanlegg medfører ein høgare kvalitet på kvart av dei utvalde visningsanlegga. Me er samrøystes i at Engesund Fiskeoppdrett og Visningssenter er svært viktig for reiselivet i Fitjar.

Beste helsing frå medlemmane i Fitjar Næringsråd si reiselivsgruppe

Jorunn Hernes (Kråko Utvikling), Odd Sverre Larsen (Spar Fitjar og Larsen ved Sjø’dn Gjestehamn), Ronald Hareide (Fitjar Fjordhotell), Randi Dalen (Kråko Gjestetun/Fitjar Camping), Edith Helland (PS Bryggekafé, Kråko), Karina Bunes (Engesund Visningsanlegg)