🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen Med merknad
Til horingen: Høring av NOU 2023: 23 Helhetlig forvaltning av akvakultur for bærekraftig verdi...

Fusa vidaregåande skule

Departement: Familiedepartementet 1 seksjoner

Høringssvar til NOU 2023: 23 Helhetlig forvaltning av akvakultur for bærekraftig verdiskaping frå Fusa vidargåande skule

Fusa vidaregåande skule har søknad om undervisningsløyve på laks og aure til behandling hjå Fiskeridirektoratet og ser eit positivt resultat som ein inngangsport til høgare kvalitet på undervisninga, samt auka rekruttering til næringa.

Skulen har over 25 års erfaring med utdanning i akvakultur, og ser behovet for eit nærare samarbeid med næringslivet som eit aukande krav. I den samanheng har vi søkt undervisningsløyve i samarbeid med AS Bolaks og Eide Fjordbruk AS. Dette er oppdrett som er lokalt forankra og som skulen har hatt eit samarbeid med i mange år. Eit undervisningsløyve vil sikre eit meir forpliktande og forutsigbart samarbeid.

Vidaregåande opplæring har generelt ein lang tradisjon i å samarbeide med lokalt og regionalt næringsliv. Faglærar har ofte erfaring frå relevante bedrifter og bedriftene får sine lærlingar frå vidaregåande skule. Fusa vidaregåande skule har fleire aktuelle samarbeidsbedrifter i nærområdet. Til tross for dette, kan vi ha utfordring med å tilby nok relevans i opplæringa til elevane.

Det er utfordrande å byggje relevant verkstad på skulen, slik ein kan gjere i mange andre yrkesfag. Til dømes er det i akvakulturfaget store volum både på landanlegg og sjøanlegg, som ikkje er mogeleg å modellera på skulen.

Den raske utviklinga knytt til utstyr i produksjonen ,samt utvikling av spesialiserte arbeidsprosessar, fører også til at skulen ikkje har mogelegheit til å følgje utviklinga, utan eit tett samarbeid.

Læreplanar har forventningar om eit tett samarbeid mellom bedrifter og yrkesfagopplæringa. Til dømes vil vi framheve at for å forstå faget og betydninga av ein berekraftig produksjon, er det avgjerande å knytta dette til praktiske opplæringssituasjonar på oppdrettsanlegg i drift.

I eit meir forpliktande samarbeid vil skulen også få betre tilgang til spisskompetanse som verksemdene har . Ein konkret årsplan knytt til undervisning, temabaserte besøk på undervisningslokaliteten og gjensidig nytte av kompetanse, er eit grunnlag for å nå formålet med tillatelsene.

Inger-Elin Epland Lene Tveit

Rektor avdelingsleiar