🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen Med merknad
Til horingen: Høring av NOU 2023: 23 Helhetlig forvaltning av akvakultur for bærekraftig verdi...

Fylkesnes fisk AS

Høyringssvar frå Fylkesnes fisk AS
Departement: Familiedepartementet 7 seksjoner

Til Nærings- og fiskeridepartementet

Bømlo, 2. januar 2024

Fylkesnes fisk viser til NOU 2023:23 om heilskapleg forvaltning av akvakultur for berekraftig verdiskaping.

Eit viktig aspekt i utgreiinga er korleis ein kan forma lover og retningslinjer for norsk akvakultur slik at næring og offentlege mynde saman bidrar til ei meir berekraftig drift. Der er det viktig med ordningar som både gir incentiv til forbetringar og reaksjonar når det er uakseptabel drift.

Me har her teke med nokre av dei viktigaste innspela våre til komiteen sitt arbeid og me startar med to overordna innspel.

Overordna innspel – MTB-ordninga

Me meiner at ein av dei beste måtane å oppnå ei meir berekraftig akvakulturnæring er å gjera endring i dagens rigide MTB-system. Ved å innføra ei ordning med fleksibel MTB for små lokale oppdrettarar, kan me på ein betre måte ivareta biosikkerheit, fiskevelferd og miljø, slik som større aktørar kan i dag gjennom konsern-MTB og interregionale biomassetak.

For oss er det påfallande når store aktørar kan ta ut 1,2 millionar fisk etter manetangrep og seier det ikkje påverkar dei økonomisk eller deira slaktevolum [1] . Det hadde vore svært krevjande for oss å måtta destruera ein heil lokalitet, sjølv om våre lokalitetar er små. Følgjene hadde blitt store for produksjonen både inneverande og påfølgjande år. Det seier noko om den store forskjellen i fleksibilitet som større aktørar har i forhold til små, og som er direkte knytt til regelverk og forvaltning.

Ei fleksibel MTB-ordning vil gjera det mogleg å vekta seg ned med mengd fisk i sjø på tidspunkt når dei naturgitte forholda er biologisk utfordrande. Forholda er ulike og unike frå lokalitet til lokalitet, på ulike tider av året. Det kan vera algeoppbløming, manetangrep, utfordringar med gjellehelse, eller anna som gjer det hensiktsmessig å vekta seg ned, og at ein ikkje vert straffa for dette, men kan nytta det ubrukte volumet i løyvet på eit tidspunkt då det er betre forhold til å ha fisk i sjø.

Dette vil også gjera det er lettare å ta del i fellestiltak i soner, som ytterlegare brakklegging ut over det lovpålagte, fellesavlusingar i soner, mm.

Nærings- og fiskeridepartementet hadde på høyring i 2021 ei prøveordning med rullerande MTB. Der var siktemålet jamnare slakting og tilgang på råstoff for bearbeiding og foredling. Ved algeutbrotet i Nord-Norge vart det etablert ei ordning med kompensasjons-MTB (KTB).

Me meiner at begge desse har for snevre perspektiv til å vera permanente ordningar for ei framtidig heilskapleg forvaltning av akvakulturnæringa.

Difor foreslår me ei ordning for små oppdrettsselskap som har for eksempel inntil fem, seks eller sju løyve. Som kompensasjon for manglande interregionalt biomassetak og konsernbiomasse vil dei ha ein fleksibel MTB som gjer at dei kan ta med seg unytta produksjonsvolum (MTB) frå ein månad til den neste innad i ein produksjonssyklus (24 månadar). Ikkje ulikt «data rollover» som mobilabonnementa opererer med.

Dette vil gjera at vilkåra for produksjon vert likare mellom aktørane, ivareta mangfaldet i lokalt eigarskap og gjera at produksjon i større grad skjer basert på best mogleg miljø for fisken.

Det er fleire avgrensningar, til dømes på lokalitetsnivå, fiskehelsemessig, lusenivå, driftsforskrift, mv. som vil regulera at produksjon på denne måten ikkje vil føra til unødig belastning på både utvandrande smolt, resipient og andre miljø- og fiskehelseomsyn.

Me må over i ei produksjon som i større grad let biologi og miljø styra produksjonen, og her må ikkje regelverket stå i vegen for dette.

Overordna innspel – Produksjonsområda (PO)

Inndelinga av Norge i 13 produksjonsområde er svært styrande for drift og vekst i akvakulturnæringa. NOU-en drøftar i liten grad inndelinga, anna enn å slå fast at « Kysten er i dag delt inn i 13 produksjonsområder basert på naturvitenskaplig kunnskap om strømforhold og smittespredning. Produksjonsområdenes størrelse og grenser er fastsatt av hensyn til å minimere smitte av lakselus på tvers av områdene. »

Innan kvart produksjonsområde er det svært ulike lokale forhold og dei forskjellige lokalitetane påverkar ulikt. Likevel vert alle lokalitetane i same produksjonsområdet handtert likt når det gjeld vekst og reduksjon.

Utvalet foreslår å halda fram med dagens PO-struktur, men her meiner me utvalet tek for gitt at dagens ordning fungerer optimalt. Det bør vurderast om PO-områda skal delast opp i mindre einingar, slik at det er betre samsvar mellom reel påverknad og forvalting.

Unntaksvekst

Me seier oss samde med utvalet i at ordninga med unntaksvekst bør avviklast. « Intensjonen bak ordningen med unntaksvekst var å gi rom for økt tillatelseskapasitet til aktører som kan dokumentere at de har drevet på en måte som i vesentlig mindre grad enn andre bidrar til det samlede lakseluspresset i et produksjonsområde ».

Problemet med dette er at det er handtert på PO-nivå. Ein stor lokalitet som ligg tett på ei viktig lakseelv kan med låge gjennomsnittlege lusetal påverka vesentleg meir enn ein liten lokalitet som ligg heilt vest i havet med høge gjennomsnittlege lusetal. Når då området får nedtrekk kan lokaliteten med stor absolutt påverknad (men liten relativ påverknad) få vekst, medan lokaliten som har liten absolutt påverknad få nedtrekk.

Skal ein ha unntaksvekst må denne vera knytt til faktisk påverknad (absolutte verdiar) og me ser ikkje at det er så lett å modellera. Ordninga bør difor avviklast.

Nedtrekk

Utvalet foreslår å fjerna ordninga i trafikklyssystemet som fører til nedtrekk. Det er viktig at løyve som er i produksjonsområde som har fått nedtrekk umiddelbart og vederlagsfritt blir justert tilbake til den opphavlege produksjonskapasiteten på 780 tonn pr løyve.

Kapittel 9.3 Mengdeavgrensing

All oppdrett skjer i dag på løyve med maksimalt tillaten biomasse (MTB). Denne grensa er absolutt og gjeld kvar dag gjennom heile året. Utvalet foreslår at mengdeavgrensing i løyva framleis skal vera definert som MTB, utan å gå inn i detaljar.

I utgangspunkt er dagens ordning enkel å forstå og forvalta, men det er også eit system som er tilpassa dei store aktørane i næringa. Dei mange mindre lokale oppdrettsselskapa er mykje meir sårbare og me vil løfta fram ei endring i korleis ein skal forstå MTB-grensa som vil redusera risiko for oppdrettarane, og gje incentiv til å driva meir berekraftig, tilpassa fisk og miljø gjennom dei ulike utfordringane som er ulike for kvar enkelt aktør.

Vårt forslag er ei endring av MTB-systemet til å bli ei meir fleksibel ordning slik at også små aktørar kan tilpassa seg lokale utfordringar knytt til biologi og miljø. Sjå punktet over («Overordna innspel – MTB-ordninga»).

Kapittel 13.3 Utleige av akvakulturløyve

Utvalet foreslår i kapittel 13.3 at det vert høve for utleige av kapasitet til akvakulturløyva. Dette kan gje mindre selskap fleksibilitet ved produksjonstap ved til dømes algeoppblomstring og manetangrep. Men det vil krevja at det er ein part som er villig til å leiga ut sin MTB på same tidspunkt, og det vil kunna skapa ukjende konsekvensar til mellom anna eigarskap og forretningsstrategiar.

Me meiner at fleksibilitet for små lokale aktørar primært bør ivaretakast gjennom ei ordning med fleksibel MTB.

__________________________ Erik Fylkesnes Dagleg leiar

[1] https://ilaks.no/salmar-fikk-perlesnormaneten-pa-besok-matte-destruere-360-tonn-laks/

[2] https://www.hi.no/hi/nettrapporter/rapport-fra-havforskningen-2022-36