🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen
Til horingen: Høring NOU 2023: 16 Evaluering av pandemihåndteringen – rapport fra Koronautvalg...

Anne-Karin Eiken

Departement: Familiedepartementet 1 seksjoner
Viser til høyring Nou 2023 16: Evaluering av pandemihåndteringen - rapport fra Koronautvalget.

Eg har samanfatta det eg meiner er viktigast å ta lærdom av, og som eg meiner ikkje kom fram i rapporten.

Solberg-regjeringa har uttalt at «Regjeringen vil bygge sin politikk på samfunnets og den enkeltes behov for trygghet».

For å få til dette, skulle regjeringa for det første ha vist openheit. Manglande dokumentasjon knytt til avgjersler, og det faktum at regjeringa bad om 100 års hemmelghald, bidrog til usikkerheit. Kva var det som var så forferdeleg at berre komande generasjonar kunne få vite?

Dei fleste vart nok skremte av all usikkerheita knytt til viruset og kor sjuk ein kanskje kunne bli. Nedstenginga førte til at mange kjende på ein unntakstilstand og vart gripne av frykt. Det vart sagt frå myndigheitene si side at dette var for å «kjøpe seg tid» til å førebu helsevesenet. Men skjedde det ei opprusting av helsevesenet?

Det eg sjølv opplevde som veldig utrygt i samfunnet under pandemien, var handteringa av vaksinane, og mangelen på balansert informasjon. Myndigheitene kommunsierte ut injeksjonar som den einaste løysinga, sjølv om dødelegheita knytt til viruset var låg. Kritiske stemmer slapp anten ikkje til, eller vart diskrediterte. Den enkelte samfunnsborgar som ynskte å skaffe seg eit best mogleg grunnlag å vurdere ut frå, måtte i stor grad leite etter informasjon på eiga hand.

Det vart sagt frå øvste hald at det å vaksinere seg var ei borgarplikt, og uvaksinerte vart gjort til syndebukkar - til og med utan at det var noko fagleg grunnlag for det. Me fekk eit splitta samfunn, der samhaldet rakna, og enkeltmenneske opplevde grove overtramp.

At vaksinane aldri var testa ift smitte skulle ha vore kommunisert klårt og tydeleg ut til folket, og regjeringa burde ha opptrått empatisk og samlande i staden for å nøre opp under splid.

Hausthalvåret -21 var særleg tøft for mange. I denne perioden vart ungdommane sett på som smitteberarar og samfunnet pressa på for å få flest mogleg vaksinert. Å oppfordre unge menneske til å ta ei nytt og potesielt skadeleg medikament var, er og blir fullstendig uetisk.

Under heile pandemien vart det gjort politiske avgjersler som stridde mot både sunn fornuft og kunnskapsstatus. Det vart m.a. sagt at vaksinasjon skulle lette byrden for dei unge, fordi dei då kunne leve som normalt. Dette var å snu oppned på problemstillinga - ein burde ha spart dei unge for tiltaka, ettersom dei ville tole sjukdomen godt, og sidan det å oppnå naturleg immunitet ville ha vore det tryggaste og beste for alle partar. Slik eg ser det, så burde me som samfunn ha skjerma / ivareteke menneske i riskogrupper og late resten av samfunnet gå som normalt. Då hadde me også sluppe det som vert kalla immunitetsgjeld, som gjer oss meir utsette for sjukdom. I tillegg ville me ha spart oss for alle dei psykiske påkjenningane som følgjer med det å måtte halde avstand til andre. Mange leid også store økonomiske tap.

Den eine realtiteten etter den andre vart snudd på hovudet. Også koronasertifikatet vart omtala som fordelaktig, men sanninga var at det forsterka både presset og spliden i samfunnet ytterleggare. Kva misjon hadde det å vise fram eit bevis på vaksinasjon når ein kunne bli sjuk og smitte vidare likevel? Og kva var vitsen med å vaksinere etter sjukdom og oppnådd naturleg immunitet?

Med tanke på alle dei mistenkte biverknadene som vart registrert i Legemiddelverket, så burde all vaksinering ha blitt stansa tidleg i prosessen. I staden heldt ein fram - medan ein attpåtil skulda uvaksinerte for å belaste helsevesenet både økonomisk og kapasitetsmessig. Det har vel no vist seg å bli omvendt?

Vaksineskadde slit framleis med å bli høyrde og få hjelp, og dei få som har tala offera si sak, har til dags dato sakna respons frå myndigheitene.

For meg var det tydeleg at regjeringa under pandemien la opp løpet etter det Solberg sa i World Economic Forum i 2017 - at folk måtte oppleve at det var krise dersom ein skulle få tøya regelverket og få tiltak raskt igjennom. Kven sit så med fordelane av det som er blitt gjort?

Det er fleire i regjeringa som har understreka kor viktig det er for nasjonar å samle seg under WHO. Når me veit at WHO i stor grad er finansiert av private aktørar innan farmasøytindustrien, så seier det seg sjølv at det vil vere ei risikabel løysing å innrette seg etter direktiv derifrå.

Befolkninga sitt ve og vel må alltid komme først. Det som er gjort kan me ikkje få ugjort, men me må ta lærdom av det. Eg synest ikkje me tok lærdom av Svineinfluensa-pandemien. Den gongen tok det fire år før innrømminga om vaksineskandalen kom. Kor lang tid går det denne gongen?