🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen
Til horingen: Høring – Forslag til endringer i trossamfunnsloven

Aurland kyrkjelege fellesråd

Departement: Familiedepartementet 1 seksjoner
Aurland kyrkjestyre meinar at den demokratiske styreforma er grunnleggande viktig i det norske samfunnet for å ivareta alle, og støttar difor framlegg om å nekte tilskot til dei som ikkje stettar kravet til demokratisk styring. Me ser det som viktig at trussamfunnslova §§ 6 og 7 vert fulgt tett opp.

Aurland kyrkjestyre støttar óg kravet om at det skal jobbast for å få minst 40% av kvart kjønn i styrande organ, men ser at det kan vere vanskeleg å ta det inn som eit absolutt krav. Krav om kjønnsfordeling i styre må ikkje gå utover det demokratiske prinsippet i val, der ein ser at det både i kommunestyre, fellesråd og sokneråd kan bli skeivdeling. Det at ein jobbar aktivt for å få det til må vere det viktigaste, so me støttar modell 1 (aktivitetsmodellen).

Aurland kyrkjestyre meinar at det er bra å auke kravet til tal medlemmar frå 50 til 100. Det krev litt større oppslutnad enn til at kvar særinteresse har sitt trus- og livssynssamfunn, og vil kunne føre til betre dialog og samarbeid mellom trus- og livssynssamfunna slik at ein skapar dei gode, felles møteplassane.