Endringer i trussamfunnslova
Trussamfunn og statstilskot
Det er vel Staten som gjennom mange tidlegare vedtak har kome fram til at trussamfunn skal få statstilskot.
At trussamfunn kan søkja om statstilskot er vel då den retten trussamfunnet har fått. At ein kan krevja å få statstilskot er vel å gje det heile eit overdrive perspektiv? Ein søkjer om å få, og så er det dep. som avgjer om visse kriterier er oppfylte. Men det rettslege her kan sikkert diskuterast...
Men no har regjeringa funne ut at det er tida for å avgrensa tilskota ut frå nye kriterier. Dette har staten sjølsagt full rett til. Men om kriteria er gode og rette må det kunna setjast spørsmålteikn med.

Tilskot
Alle trussamfunn knytta til jødisk/kristne trusoppfatninga og det kristne verdigrunnlag må få støtte, prinsipielt på det allereie eksisterande grunnlag. Eg ser ingen serleg grunn til at dette no må endrast i høve til desse samfunna.
Tilskotsnekt
Det er neppe slik at trussamfunn fundert på det kristne trosgrunnlaget og dei kristne verdiane motarbeider demokratiet! Det kan ein sjå bort frå.
Så kven er det regjeringa har i tankane her?? Forslaget bør konkretiserast meir på dette punktet.
At staten vil nekta tilskot til samfunn som motarbeider demokratiet har underteikna syn for.
Eg vil her peika på dei muslimske/ islamske samfunn med utgangspunkt i moskeane, fordi islam, slik eg har skjøna islam med sine sharialover, heilt klårt ikkje er foreinleg med demokratisk styresett.
Så ut frå det departementet her føreslår, må dette fyrst og fremst ramma dei islamske trussamfunna.
Om det er slik staten ser det, så er det heilt rimeleg å nekta statleg støtte til desse samfunna.

Kjønnsfordeling- Trussamfunna må ha full fridom i styre og stell
Kravet om kjønn må trussamfunna stå fritt til i høve til sine vedtekter/ trusgrunnlag/ overtyding.
Dette er eit indre tilhøve i trussamfunnet som staten ikkje har noko med, og dermed slett ikkje skal blanda seg oppi.
Dette er eit urimeleg og uholdbart krav i høve til å få statsstøtte. Det same gjeld aktivitetskravet.
Det skal vera trus- og religionsfridom i landet, men dette grepet vitnar om at denne fridomen ikkje lenger skal gjelda fullt ut for trussamfunn som elles kvalifiserer til statsstøtte.

Talet på medlemmer
Det kan vera lurt å setja talet for medlemmer noko høgare enn no for å få tilskot.
100 medlemmer bør vera greitt, ein treng ikkje gå høgare etter mi meining.