Pinsekyrkja Filadelfia Auklandshamn har slutta seg til det høyringssvaret som er, eller vil bli sendt frå Pinsebevegelsen når det gjeld forslaget til endringar i trussamfunnslova. På eitt punkt ønskjer me å uttrykkja oss endå tydelegare enn det som blir gjort i det felles høyringssvaret. Det gjeld kravet til medlemstal for at ein kyrkjelyd kan bli godkjent som trussamfunn og få økonomisk støtte. For berre få år sidan blei den nedre grensa sett til 50 medlemmer. Me meiner denne grensa ikkje bør hevast. Det langstrekte landet vårt omfattar store og små lokalsmfunn. I vår kommune, Sveio, bur det i underkant av 6.000 menneske. Med rundt 60 medlemmer utgjer kyrkjelyden vår ca. ein prosent av innbyggjartalet. Ein prosent av innbyggjartalet i Oslo er over 70.000. Så store frikyrkjelydar finst ikkje i hovudstaden. Dette eksemplet er meint å illustrera at "små" kyrkjelydar kan vera betydelege aktørar og bety mykje for religionsutøvinga i sine lokalsamfunn sjølv om dei nakne tala kan synast å vera små. Det må leggjast til at mange av desse "små" kyrkjelydane ikkje utan vidare kan slutta seg til større samanhengar. Og i alle fall synest me ikkje det skal vera ei oppgåvet for styresmaktene å bestemma om, og i tilfelle når, slike samanslutningar skal skje.
Slik me ser det, vil ei heving av minimumsgrensa for medlemstal, gå hardast ut over kyrkjesamfunn i distrikts-Norge. Det undrar oss at den raud-grøne regjeringa vil fremja eit sentraliseringstiltak som dette. Det undrar oss i særleg grad at eit lovendringsforslag med ein så negativ distriktsprofil, kjem frå eit departement som blir leia av ein statsråd frå Senterpartiet. Dette er synspunkt me også fekk formidla til statsråden då ho besøkte kommunen vår før kommune- og fylkestingsvalet.
Me har forståing for dei praktiske fordelane styresmaktene kan sjå for seg ved å ha færrast mogleg trussamfunn å forholda seg til. På den andre sida har det vel aldri vore lettare å halda kontakten, kontrollera rekneskap og medlemstal osv. Når ein dessutan veit og erkjenner kor mykje tru har å seia for mange menneske, bør det vera eit overordna mål at trusutøving og gudstenesteliv kan bli stimulert i alle delar av samfunnet vårt.